
Ergoterapi
Ergoterapeutar gjev tenester til born/unge, vaksne og eldre som har vanskar med å utføra daglege aktivitetar grunna ulike funksjonsvanskar. Tiltaka har som mål å fremja deltaking, meistring og sjølvstende på alle arenaer der ein ferdast. Ergoterapi kan vere ein del av eit habiliterings- og rehabiliteringsforløp.
Tenester
- Individuell kartlegging, trening, rettleiing og oppfølging med fokus på aktivitet og deltaking
- Råd og rettleiing i forhold til fysisk tilrettelegging av bustader. Dette gjeld både endringar i eksisterande bustad og nye bygg.
- Rettleiing og trening i forhold til å fungera i dagleglivet
- Hjelp til å søkja om tekniske hjelpemiddel, tilretteleggingstilskot, spesialtilpassa bil m.m.
- Opplæring i bruk av hjelpemiddel
- Kvardagsrehabilitering
Ergoterapeuter i kommunen
Lokalisering | Adresse | Namn på ergoterapeut | Telefon |
---|---|---|---|
LokaliseringErgo- og fysioterapitenesta | AdresseOpheimsgata 31, 5750 Odda | Namn på ergoterapeutHovudnummer | Telefon53 65 45 30 |
LokaliseringHelsehuset i Odda | AdresseRøldalsvegen 41, 5750 Odda | Namn på ergoterapeutCelina Ramstad | Telefon901 39 587 |
LokaliseringHelsehuset i Odda | AdresseRøldalsvegen 41, 5750 Odda | Namn på ergoterapeutEmma Vike | Telefon901 04 871 |
LokaliseringHelsehuset i Odda og Bråvolltunet | AdresseRøldalsvegen 41, 5750 Odda / Bråvoll 1, 5780 Kinsarvik | Namn på ergoterapeutHildegunn Birkeland | Telefon975 58 563 |
LokaliseringHelsehuset i Odda | AdresseRøldalsvegen 41, 5750 Odda | Namn på ergoterapeutJoana J. Meyer | Telefon975 58 566 |
Tilvising / kontakt
Ein treng ikkje tilvising frå lege for å få behandling hos ergoterapeut. Du sjølv, pårørande eller andre fagpersonar kan ta direkte kontakt med ergo- og fysioterapitenesta enten pr. telefon, ved å møta opp på besøksstad eller ved å sende inn utfylt skjema.
Kontaktskjema/tilvising vert registrert på venteliste etter prioritet.
Pris for tenesta
Kommunale ergoterapitenester er gratis.