Årsplan Rabben barnehage 2023/2024Del 1 - InnleiingPedagogisk plattform/satsingsområdeDel 2 - Tilvenning og overgangarDel 3 - DanningDel 4 - Dei 7 fagområda i rammeplanen og digitale verktøyDel 5 - Planlegging, dokumentasjon og vurderingDel 6 - Samarbeid

Årsplan Rabben barnehage 2023/2024

Del 1 – Innleiing

Historikk

Rabben barnehage opna i 1975, og heitte den gong Rabben daginstitusjon. 18. august 2010 opna dørene for nye Rabben barnehage, med 5 avdelingar. Vi erstatta Gulliver-navnet på den eine avdelingen med Askeladden.

Hausten 2013 stod det ferdig ein solid gapahuk og ei aktivitetsløype i Hovden. Det vart bygd med midlar frå Gjensidigestiftelsen, med mange dugnadstimar lagt ned av foreldra i Rabben barnehage, og med hjelp av kommunen. Aktivitetsløypa bidrar til auka fysisk aktivitet og bedring av folkehelsa, for barn i barnehagen, skular og for heile Oddas befolkning. Området er mykje i bruk, og har blitt endå meir populært etter at gapahuken/aktivitetsløypa sto ferdig.

Barnehageåret 2013-14 starta vi opp med kompetansehevingsprogrammet “Være Sammen”. Det har fokus på sosial kompetanse for barna, og på voksenrolla – å vera autoritative voksne, dvs varme, grensesettande og trygge voksne. Barnehagen er ein ”Løvebarnehage»; begrep som er brukt når vi gjennomførte utdanning innan Være Sammen.

 

I dag

Vi har 5 avdelingar som heiter; Rødhette (0-3 år), Smørbukk (0-3 år), Tommeliten (0-3 år), Askeladden (3-6 år) og Tornerose (3-6 år). Barnehagen har totalt 96 barnehageplassar. I år har vi 73 barn.

Personale/ årsverk 2023-2024:

  • 17 årsverk i grunnbemanning
  • 2 årsverk ekstraressurs
  • 1 lærling
  • 160% styrarressurs
  • 100% stilling spesialpedagog
  • 53% Stilling VTA – varig tilrettelagt arbeid, med spesifikke arbeidsoppgåver.
  • Styrar er ansvarleg for VTA/IP-koordinator.

 

Kva er ein årsplan?

  • Arbeidsredskap for personalet og utgangspunkt for avdelingane sine aktivitetsplanar.
  • Utgangspunkt for foreldrene sitt høve til å påvirka innhaldet i barnehagen.
  • Grunnlag for kommunen sitt tilsyn med barnehagen.
  • Informasjon om barnehagen sitt pedagogiske arbeid til eigar, politikarar og barnehagen sine samarbeidspartnarar.

 

Ytre rammefaktorar

Rabben barnehage har følgjande grunnlagsdokument:

 

Hovudmål Rabben barnehage


Barna skal oppleve tryggleik, trivsel, glede, leik, fellesskap,
mestring og læring i Rabben barnehage!


Visjon: Å vekse i relasjonar
Vi treng leiken, leikande samspel og vennskap = førebyggande mot mobbing og krenkelser.

 

Pedagogisk plattform/satsingsområde

 

Illustrasjon i blått av barn som slår ut med hendene, oppgitt. Illustrasjon.Være sammen og inkluderande barnehagemiljø

Gjennom “være sammen” har vi fått kunnskap om den grunnleggjande basis for god oppdragarrolle bygd på teori og ny forskning. Ein god autoritativ voksenstil er med på å utvikle barn si sosiale utvikling og bygger sosial kompetanse. Ein god sosial kompetanse og evne til relasjonbygging er med på å hindre krenkelser. Då ny lov tredte i kraft og barnehagane jobba med kompetanseheving innan IBS – inkluderande barnehage- og skulemiljø har vi fått meir kunnskap om barnehagemiljø og krenkelser. Vi har jobba med tema som læringsmiljø, forebygging, avdekking og håndtering av mobbing/krenkelser, samt regelverk, ledelse og organisasjonsutvikling.

I Oppvekstplanen er det fokus på tidleg innsats for å hjelpe barnet til god trivsel og god utvikling. For å kunne oppnå dette meiner vi at den enkelte voksne som jobber med barn, må vera i det autoritative voksenperspektivet. Den voksne skal arbeide i ein dynamisk kombinasjon av varm relasjonsbygging til barnet og utøving av ei tydelig voksenrolle når det gjeld å sette grenser og krav. Grenser og krav er ein viktig del av barns grunnleggande læringsprosess. Barnehagen har òg ein eigen spesialpedagog som er med på å leggja til rette for gode lærings- og oppvekstvilkår.

Den autoritative voksenrolla er eit grunnleggande prinsipp i barnehagens pedagogiske plattform. Forskningen om den autoritative voksenrolla viser at den bidrar til å fremje positiv atferd og hemme negativ atferd hos barnet (Baumrind 1991; Roland, Sørensen Vaaland og Størksen, 2007; Nordahl, Sørlie, Manger og Tveit, 2005)

Det å omsette ein teori som dette til den daglege praksis kalles implementering (Fullan,2007). Det autoritative perspektivet må omsettast til det daglege arbeidet for at det skal få den positive virkningen.

Vidare har Være sammen fokus på medverkande barn, empatiutvikling og sosial kompetanse. Dette er grunnleggande elementer for ei god pedagogisk plattform.

Personalet i Rabben barnehage skal:

Halde vedlike, lære opp nye medarbeidere, repetere og oppdatere oss på teori og gjennom fagartikler/faglitteratur. Framleis fokus på relasjonsbygging, autoritativ voksenrolle og handlingsplanar for utfordrande atferd. Personalet skal jobbe for å forebyggje mobbing og plaging, og skape eit godt miljø der barna trives. Alle som jobber i barnehagen må hjelpe barna til å ta vare på kvarandre.

Barna møter:

  • Vaksne som er enige om rammer og formidler forutsigbarhet.
  • Autoritative voksne som viser varme, omsorg og utvikler gode relasjoner. Parallelt er det viktig at den autoritative voksne formidler klare forventninger til og er tydelige overfor barna når det gjelder grenser og krav.
  • Aktive og tydelige voksne, det betyr at personalet må være støttande og tilstades med barna. Dei vaksne må delta i samhandlingen mellom barna og gjere den trygg og positiv. Dette kan hindre utvikling av mobbe-adferd/krenkingar.
  • Vaksne som set leiken på dagsorden

Barna opplever:
“Jeg skal være meg, men gi plass til andre slik at de blir seg” (utdrag av Løvelova i Være Sammen)

  • Å lære sosial kompetanse gjennom samspel med andre barn og voksne i barnehagekvardagen.
  • Å lære seg empati – å sette seg i andre sin situasjon og sjå ting frå deira synsvinkel
  • Å lære seg å samarbeide, dele og vente på tur
  • Å lære seg å følge reglar og beskjedar som vert gitt
  • Å lære seg å hevde seg på ein positiv måte, vise respekt for kvarandre og ta ansvar for seg sjølv og tingene rundt seg
  • Å lære at kvar og ein er viktig for det sosiale fellesskapet og blir satt pris på
  • Å få kunnskap og motivasjon til å samhandle med andre mennesker
  • I Være Sammen vil barna få kjennskap til innhaldet i Løvelova, bli kjent med Regnbueløva og Være Sammen sine verdiar gjennom samlingar, i smågrupper og i kvardagssituasjoner. Barna skal oppleve at dei er ein viktig bidragsytar og deltakar i Være Sammen og det øvrige arbeidet/kvardagsaktivitane i barnehagen.

Personalet:

  • Sosial kompetanse utviklast ikkje av seg sjølv men krev målretta og langsiktig arbeid frå dei vaksne si side slik at barnegruppa fungerer positivt for alle.
  • Dei vaksne si rolle er å hjelpe barnet til å gjere gode valg i ulike situasjonar, og vera varme og tydelige vaksne (autoritative). Vi skal vise god omsorg og skape trygge rammer. Gjennom vårt pedagogiske arbeid lærer vi barna å ta vare på seg sjølve og kvarandre.
  • Vi fokuserer på tidleg innsats der vi hjelper barnet til god utvikling, i samarbeid med foreldre/føresette. Vi utarbeider mål i handlingsplanar, for dei barna som treng det, og jobbar kontinuerlig for å gjere kvardagen god for barnet.
  • Vi skal bygge kulturen vår på felles grenser og normer, og fokusere på varme relasjonar. Det er grunnlaget for å legge best tilrette for barns utvikling.
  • Vi skal jobbe godt tverrfagleg, i samarbeid med f.eks PPT/logopedkontor. Samarbeid mellom barnehage og foreldre er òg ein viktig del av systemperspektivet.

Rabben barnehage har følgjande retningslinjer for omsorg:

  • Vi skal gi fysisk nærleik til barnet
  • Vi skal bry oss om korleis barnet har det, møte barnet med empati
  • Vi skal møte barn sine ulike veremåtar og uttrykk med ein fleksibel innstilling
  • Vi skal gi trygge rammer; finna ut kva barnet vil
  • Vera varm grensesettar
  • Vi skal dekke barna sine primære behov
  • Vår tilnærming til barn skal førebygge krenkingar og mobbing

Slik vil vi arbeide med dette i Rabben barnehage:

  • Vi skal legge til rette for gode opplevingar, aktivitetar og kvardagsaktivitetar (t.d måltid)
  • Vi skal støtte kvart barn si meining, sitt engasjement og deltaking i fellesskapet
  • Vi skal anerkjenne kvart barn sitt perspektiv og utfordre tenkning og handling
  • Vi skal synleggjere og framheve mangfald, ulikskap og læring
  • Vi skal verdsetje kvart barn sine ulike behov

 

Sosial kompetanse – være sammen – arbeid med barna

Ei av barnehagen si viktigaste oppgåve, er å hjelpe barn å utvikle holdningar, tilegna seg ferdigheiter og få kunnskap om seg sjølv og andre. Dette er grunnlaget for god samhandling og utvikling av sosial kompetanse.

Sosial kompetanse handler om korleis vi veks og utviklar oss, korleis vi har det inni oss, og korleis vi er mot kvarandre. Det handler om å samhandle positivt med andre i ulike situasjonar.

Kvar enkelt av oss har ein plass i fellesskapet som ingen andre kan ta. Det å respektere kvarandres ulikheiter er ein del av barnehagen sitt verdigrunnlag.

Sosial kompetanse vert lært heile tida. I barnehagens travle kvardag er det nettopp i det daglege samspelet at barnet si sjølvkjensle, sosiale kompetanse og empati vert utvikla. Samtidig skal barna skape sin eigen identitet og finne ut:

  • Kven er – EG?
  • Kven er – DU?
  • Og kva er min plass i fellesskapet – VI?

Vi arbeider med og reflekterer i samling og bruker bøker rundt tema sosial kompetanse t.d.:

  • Vi er vener
  • Å vente på tur
  • Å vera sint og trist og glad
  • Å leika og vera utestengt frå leiken
  • Det er fint å vera meg
  • Når det er vanskelig å vera saman
  • Utvikla oss saman med andre.
  • Regnbueløva deltar i ulike samanhengar; i samlingstund og aktivitet på alle avd.

Verktøy vi bruker i planlegging av tema sosial kompetanse er :

  • Være Sammen materiellet av Eyvind Skeie
  • «Hjerteprogrammet» Randi Sundby/Anne Nielsen/Marit Rasmussen
  • «Vennekort» og «Vennebøker» Linda Palm/Lisa Sollenberg
  • «Nelly og Hamza» Linn Elise Heimro Kristiansen

 

Språk -og kommunikasjon

Eit satsingsområde i barnehagen er å skape ein god språkleg arena der barna får språkstimulering gjennom alle kvardagsaktivitetar, i leiken og i pedagogiske opplegg.

TRAS er i denne samanheng eit observasjonsverktøy som er tatt i bruk av alle barnehagane i kommunen. Vi har tatt i bruk digitale skjema i TRAS i ein sikker base. Foreldre/føresette må gi samtykke og det gjer de i Visma Foresatt-appen.

TRAS betyr: Tidleg Registrering av Språkutvikling. TRAS er ein metode for å kartlegge barns språkutvikling gjennom observasjon i barnehagen. TRAS-skjemaet består av ein observasjonssirkel og ved hjelp av spørsmål skal ein fylle inn mestringsgrad ved samspel, kommunikasjon, oppmerksomhet, språkforståelse, språkleg bevisshet, uttale, ord- og setningsproduksjon. Målsettinga er å auke kunnskapen om barns språkutvikling. Kartlegginga skal gi eit bilde av barns reelle språkutvikling slik at barna får individuell oppfølging og tilrettelegging. Språkutvikling og språkstimulering skal integrerast i alle kvardagsaktivitetar, leik og aktivitet.

Vi arbeider spesielt med å styrke barnas språkutvikling gjennom tilrettelagt leik og aktivitet i språkleikegrupper. Spesialpedagogen deltar og samarbeider med pedagogane om opplegget.

«Kommunikasjon er viktig for å forstå og bli forstått. Å kunne sette eigne grenser ved å gi et stopptegn med hånden eller si nei eller stopp hvis det skjer noe barnet ikke liker, er en viktig kommunikasjonsferdighet i barnehagehverdagen. På samme måte er det sentralt å kunne tolke andres signaler for å forstå hva som er ønsket eller akseptabel atferd, eller hva som overskrider deres grenser. Personalet støtter barnet når det prøver seg fram i dagligdagse situasjoner. Hjelp barnet med å kommunisere egne følelser og tanker, å uttrykke egne ønsker og behov og å tolke andres følelser, ønsker og intensjoner. Dette trenger barna tid til å prøve ut og erfare i ulike situasjoner gjentatte ganger over tid.

Språk er viktig for å kommunisere. For å hevde seg positivt i samvær med andre er det sentralt å beherske språket. Barn som ikke kommuniserer godt muntlig, kan bli overhørt og oversett i samspillet med andre barn. Manglende kommunikasjon kan også være årsak til konflikter. For eksempel kan et barn med et annet morsmål enn norsk oppleve frustrasjon over ikke å bli forstått, og det er ikke uvanlig at en toåring som foreløpig ikke klarer å sette ord på egne behov og ønsker, i en periode slår, dytter eller biter når han eller hun blir frustrert eller sint. Å arbeide aktivt og systematisk med språk i barnehagen er derfor en god strategi for å skape relasjoner og oppnå smidig og positivt samspill mellom barna i samvær og lek. Dette er en sentral del av samhandlingen i hverdagen. I tillegg kan de ansatte legge til rette for samtaler i små barnegrupper der alle barna får delta og blir sett og hørt.»

(Utdrag henta frå BTI- Plan mot mobbing, Ullensvang kommune )

 

Del 2 – Tilvenning og overgangar

Det er ein stor overgang for både barn og foreldre når barnet begynner i barnehagen, det er derfor viktig at barnehagen har gode og trygge rammer for at overgangen til barnehage skal bli så god som mulig. Det er viktig at barnehagepersonalet og foreldrene jobber sammen om å skape trygghet for barnet i tilvenningen. Tilvenning må skje på barnets premisser og i tett dialog mellom foreldrene og barnehagepersonalet.

Rabben barnehage har laga denne modellen for å skape ei god tilvenning for barn og foreldre:

Foreldremøte i juni for nye barn

  • informasjon om barnehagens opplegg og innhold
  • informasjon om god tilvenning
  • får treffe pedagogisk leiar
  • sjå avdelingen/barnehagen
  • får utdelt “hus”( plakat) – som foreldra skal dekorere med bilder av barnet og familien.
  • “Husplakatene” tek ein med ved oppstart og vil bli hengt opp på avdelingen (gjeld Tommeliten, Smørbukk og Rødhette).
  • Får utdelt skjema og tider for første foreldresamtale som er før oppstart, slik at foreldra kan forberede seg på samtalen.

Besøksdag

  • Foreldre og barn kjem på besøk i barnehagen på dagtid.
  • Blir litt kjent med avdelingen og event. uteområdet.
  • Treffe personalet.
  • Treffe andre barn og foreldre som er nye på avdelingen.
  • Vi oppfordrer også foreldra til å besøke barnehagen fleire gonger før oppstart.

Brev og bilde av personalet på avdelingen.

  • Få ei helsing før oppstart.
  • Informasjon om oppstarten.
  • Bilder av personalet slik at barna kan bli litt kjent med ansiktet og navnet til personalet på avdelingen.

Foreldresamtaler før oppstart i august

  • Utveksle viktig informasjon og å bli bedre kjend.
  • For å legge til rette for at foreldra får høve til å stille spørsmål dei har om oppstart i barnehagen.
  • Personalet blir bedre kjend med barnet, foreldra og deira heimemiljø slik at dei lettere kan møte barnet sine behov og å skape eit så godt tilbod som mogleg for barnet.

 

Oppstarten i august:

  • Dag 1
    • Barna og foreldra kjem etter oppsette tider.
    • Dagen varer i ca. 2.5 time.
    • Barna kjem med 15 minutt mellomrom slik at vi får tatt godt imot kvar enkelt.
    • Foreldra er med barna heile tida.
  • Dag 2
    • Barna og foreldra kjem etter oppsette tider.
    • Dagen varer i ca. 2.5 time.
    • Barna kjem med 15 minutt mellomrom slik at vi får tatt godt imot kvar enkelt.
    • Foreldra er med barna heile tida.
  • Dag 3
    • Barn og foreldre kjem når dei vil mellom kl 09.00-11.30
    • Foreldra er med barna heile tida.
  • Dag 4
    • Foreldre og barn får komme når dei vil.
    • Foreldra går ein liten tur vekk, etter avtale med personalet. Vi veit at avskjed kan vere vanskelig både for barn og vaksne. Foreldre blir oppfordra til å ta kontakt med barnehagen etter at dei har gått, – enten på telefon eller sms. Då kan dei få ein liten oppdatering på korleis det går. Som regel går det ganske fort over. Vi lar ikkje barna vere lei seg over lang tid, då tar vi kontakt. Vi sender og melding for å bekrefte at alt er bra.
  • Dag 5
    • Foreldre og barn kjem når de vil
    • Barna søv i barnehagen , dei blir henta når dei vaknar.
    • Kor lang tilvenning kvart barn har behov for er veldig individuelt. Det er viktig med ein god og tett dialog mellom foreldre og personalet på avdelingen. Vi ynskjer å ta oss av DITT barna på best mogleg måte.
    • Det er viktig om barnet kan få ein mjuk oppstart. Vi i Rabben barnehage anbefaler at dei minste ikkje går fulle dager heilt i starten. Kanskje kan de kome litt seinare og bli henta litt tidlegare.

 

Overgangar i barnehagen

Når barnet skal byte barnegruppe, har vi i god tid før hatt fleire “møter” mellom barnet/barna og den nye avdelingen. Leik og aktivitet på den nye avdelingen både med og uten dei barna som allerede går i gruppa. Dersom det lar seg gjere, bruker vi også sommartida til å bli kjend. Foreldre får liste over den nye barnegruppa og vi invitere til foreldremøte med tema overgang til stor avdeling i mai/juni. Vi har også overgangssamtalar mellom pedagogisk leiarar.

Overgang barnehage – skule:

Rabben barnehage har følgjande opplegg rundt dette: (eigen rutine i kommunen)

  • 6-årsklubb heile året; skuleførebuande aktivitet og leik, (eige skriv om dette)
  • Besøker SFO og skuleplassen for å bli kjend.
  • Samarbeidsmøte/Foreldresamtale om det siste året i barnehagen og overgang til skule
  • Samarbeidsmøte mellom ped.l og 1. klasselærar om våren

 

Del 3 – Danning

Barnehagen skal oppmuntre barna til å vera prøvande til og nysgjerrige på omverda og bidra til å legge grunnlaget for modig, sjølvstendig og ansvarleg deltaking i demokratiske fellesskap. Barnehagen skal fremje samhald og solidaritet samtidig som individuelle uttrykk og handlinger skal verdsetjast og følgjast opp. Barnehagen skal bidra til at barna kan forstå felles verdiar og normer som er viktige for fellesskapet. Barnehagen skal bidra til å fremje barnas tilhøyring til samfunnet, natur og kultur.

I barnehagen skal barna få delta i avgjerdsprosessar og vere med på å utvikle felles innhald. Barna skal støttast i å uttrykke synspunkter og skape meining i den verden dei er ein del av.

(Utdrag frå Rammeplanen)

Danning er ein prosess som barnet sjølv er ein aktiv deltakar i. Ein kan tenkje seg at danning er det å verte seg sjølv som menneske, i samspel med andre. Danning er ein prosess der vaksne leiar og rettleiar barna, slik at dei gradvis tar større ansvar for seg sjølv og fellesskapet. Noko av det viktigaste i danningsprosessen er å gje barna god sjølvkjensle, og at dei gjennom den kan forstå seg sjølve og sine meiningar, men og respektere at andre tenkjer annleis og har eigne behov.

 

Leik, fellesskap og inkludering

Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, og eigen-verdien til leiken skal aksepterast. Barnehagen skal gi gode vilkår for leik, vennskap og barna sin eigen kultur. Leiken skal vere ein arena for utvikling og læring og for sosial og språkleg samhandling. Barnehagen skal inspirere til og gi rom for ulike typar leik både ute og inne. Barnehagen skal bidra til at alle barn kan oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom leik – åleine og saman med andre.

(Utdrag frå Rammeplanen)

Leiken er barnas viktigaste sysselsetting; er frivillig og indremotivert. Det er i fri ekte leik barna får bearbeide og reflektere over sine opplevingar og tileigne seg kunnskap om verden.

I leik er det eit spenningsfelt mellom det trygge og det utrygge; dette må barna få høve til å utforske og kjenne på følelsen av å mestre.

Rabben barnehagen og personalet skal:

  • Organisere rom, tid og leikemateriale for å inspirere til ulike typar leik
  • Bidra til at barna får felles erfaringar som grunnlag for leik og leggje til rette for utvikling av leiketema
  • Fremje eit inkluderande miljø der alle barna kan delta i leik og erfare glede i leik
  • Observere, analysere, støtte, delta i og gjere leiken meir verdifull på barna sine premissar
  • Rettleie barna dersom leiken medfører uheldige samspelsmønster
  • Vere bevisste på og vurdere si eiga rolle og deltaking i leiken
  • Ta initiativ til leik og aktivt bidra til at alle kjem inn i leiken
  • Hjelpe barna med å bygge relasjoner til kvarandre og knyte vennskap
  • Alle barna i barnehagen er felles barn, sjå og leik med alle barna!
  • Leik er gøy!
  • Leik og vennskap = Forebygging mot mobbing og krenkelser (IBS)
  • Tidleg innsats i denne samanheng er å få auga på dei barna som ikkje deltar i leik med andre, og å hjelpe dei inn i leikefellesskapet (IBS)

 

Leik, leikande samspel og vennskap

Leik mellom barn er ein viktig forutsetning for at det dannast eit vennskap. Leikande handlingar er barn si viktigaste uttrykksform. Ved å tilrettelegge for leikande samspel mellom barn og mellom vaksne og barn, auke vi barn sine muligheter for deltaking i leik. Felles for leikande samspel og leik er innslaget av “på liksom” og element av humor. Å høyra til i eit leikande fellesskap, skaper gode opplevingar og set spor i barndommen som noko trygt og godt.

Sosial fantasi-leik, late-som-leik og rolleleik er alle begrep for det som er “på liksom”. Barn i leik forstår etterkvart at gjennom denne liksom-leiken, er det barn som tenker og føler annleis enn dei sjølv. At det fins mange svar på ting.

Vennskap mellom barn er viktig for opplevinga av mestring, trivsel og trygghet. Ny forskning viser at vennskapsforhold er ein bekyttande faktor mot mobbing (Lund).

 

Barn sin medverknad

Barnehagen skal sikre barna sin rett til medverknad ved å leggje til rette for og oppmuntre til at barna kan få gitt uttrykk for kva dei synest om den daglege verksemda i barnehagen, jf. barnehageloven § 1 og § 3, Grunnloven § 104 og FNs barnekonvensjon art. 12 nr. 1. Barna skal jamleg få høve til å delta aktivt i planlegginga og vurderinga av barnehage verksemda. Alle barn skal kunne erfare å få påverke det som skjer i barnehagen.

Barnehagen skal vere bevisst på dei ulike uttrykksformene til barna og leggje til rette for medverknad på måtar som er tilpassa alderen, erfaringane, dei individuelle føresetnadane og behova til barna. Også de yngste barna og barn som kommuniserer på andre måter enn gjennom tale, har rett til å gi uttrykk for kva dei synest om sine eigne vilkår. Barnehagen må observere og følge opp dei ulike uttrykka og behova til alle barn.

(Utdrag frå Rammeplanen)

Barna skal jevnleg få høve til aktiv deltaking i planlegging og vurdering. Vidare må vi organisera og planlegga slik at det blir tid og rom for barna sine innspel, og at dei blir motivert til å påvirka sin egen kvardag i barnehagen.

Barn i barnehagen har rett til å gje uttrykk for sitt syn jfr. rammeplan og barnehagelov. Barn skal oppmuntrast aktivt til å gje uttrykk for sine tankar og meiningar, og møte anerkjenning for sine uttrykk. Det handlar om å ta barn på alvor.

Være Sammen er laga for å utvikle samspelet mellom autoritative vaksne og medverkande barn. Vi vil jobbe med barn sin medverknad gjennom å ha aktive og deltakande voksne som ser og lytter til barna. Gjennom relasjonskapande voksne som har respekt og viser omsorg for barna og deira interesser og å gi barna mulighet til sjølv å finne svar. Slik kan vi auke muligheten for barna sin medverknad.

Barna skal få gjer meir av ting dei likar og er interessert i.

Slik vil vi arbeide med dette i Rabben barnehage:

  • Vi viser respekt for barn sine intensjoner og oppleving av verda
  • Vi legg til rette for barn si mestring
  • Vi tar barn sine følelsar på alvor
  • Vi støttar barna i å undre seg og stille spørsmål
  • Vi oppmuntrar barna til aktivt å gje uttrykk for sine tankar og meiningar og at dei skal møte anerkjenning for sine uttrykk
  • Vi støttar og tek hensyn til enkelt barn samtidig som hensynet til fellesskapet blir ivaretatt
  • Vi lytter til og tolke barn sitt kroppsspråk
  • Vi bruker “Barnesamtalar” som verktøy ved behov

 

Barnesamtalar

Barnesamtale er ein planlagt samtale. Målet med samtalen er å skaffe informasjon om barn sine opplevingar av trivsel og utvikling i barnehagen. Den som skal gjennomføre ein barnesamtale bør være i god relasjon med barnet.

Det innebærer ein relasjon prega av anerkjennelse og aksept, trygghet og tillit – og barn uttrykker som regel tydeleg kven av dei voksne dei opplever som trygge, gode samspels- og samtalepartnarar.
Dersom barnet spontant opner opp for ein viktig samtale bør dei voksne kunne ivareta dette innspelet uavhengig av tid og stad. Det fordrer voksne som er i stand til å oppfatte slike signal, som er mental tilstades. Og det er nødvendig med ein viss beredskap i form av god samtalekompetanse og evne til inntoning mot barnet der og då.

Vi kan bruke boka «Samtalebilder – en vei til kommunikasjon med barn» av Merete Holmsen. Vi bruker også boka «Barnesamtaler» av Emilie Kinge, som litteratur for å lære oss denne arbeidsmåten. I IBS har vi verktøy om samtale med fokus på trivsel og miljøet – barnehagetrivsel.no

 

Del 4 – Dei 7 fagområda i rammeplanen og digitale verktøy

Temaer, pedagogiske opplegg og prosjekt blir gjennomført tverrfagleg. Vi bruker også alle fagområdene i både samlingsstunder og i kvardagsaktivitetar.

Les meir i aktivitetsplanane til avdelingane:

 

Kommunikasjon, språk og tekst

Barnehagen skal bidra til at barna får utforske og utvikle språkforståinga, språkkompetansen og eit mangfald av kommunikasjonsformer.

(Utdrag frå Rammeplanen)

Illustrasjon av eit barn som sit og les i ei bok. Illustrasjon.Slik vil vi arbeide med dette i Rabben barnehage:

  • Alle avdelingane har samlingsstund.
  • Navnesongar, kjende barnesongar, bevegelsesongar
  • Les bøker, rim og regler, forteljingar og eventyr
  • Bruker flanellograf, håndokker, stangdokker, skyggeteater osv i formidlinga
  • Bli kjend med bokstavar, tal , logoer og begrep. Alfabetet er synleg på vegg på 3-6 årsavd.
  • Rollespill
  • Spill og puslespill 14
  • 6-årsklubb; skuleførebuande aktivitet og leik; gir ut eigen info til foreldre/føresette
  • Merker stolar, garderobeplass osv med navn
  • Leikekasser er merka med bilder og tekst; kategorisere
  • Familieplakatar på småbarnsavdelingane
  • Språkstimulerande leik og aktivitet
  • Lesegrupper
  • Kontinuerlig fokus på språkstimulering i grupper
  • Besøke biblioteket og la barna låne bøker

 

Kropp, rørsle, mat og helse

Barnehagen skal legge til rette for at alle barn kan oppleve rørsleglede, matglede og matkultur, mentalt og sosialt velvære og fysisk og psykisk helse.

(Utdrag frå Rammeplanen)

Slik vil vi arbeide med dette i Rabben barnehage:

  • Alle barna er ute kvar dag; finne gode løysingar for barn som søv i uteleiketida slik at dei evt kan vera ute på andre tider.
  • Alle avdelingane har turdagar
  • Gruppedagar; aktivitet i grupper etter alder og modning
  • Bruker aktivitetsløypa i Hovden
  • Tilrettelegg for aktivitet i Hovden og andre nærområder t.d leikeplassen i Dalen
  • Bruker ballbinge, aktivitetsparken ved stadion og nærliggande leikeplassar
  • Alle avdelingar har smøremåltid ein gong i veka
  • Tilbyr fruktordning til alle kvar dag
  • Mjølk/vatn til frukost og lunsj, vatn som tørstedrikke
  • Gode vaner for hygiene; vasker hender før måltid og etter toalettbesøk
  • Vatnleik ute og inne på småbarnsavdelingane
  • Avdelingar/smågrupper nyttar spespedrommet (Puterommet) til aktivitetar.
  • På alle avdelingar: påkledning/avkledning, vi oppfordrer barna (etter modning) til å kle på seg og av seg sjølv
  • Liten og stor avdeling har aktivitetsdagar ute

 

Kunst, Kultur og kreativitet

I barnehagen skal barna få estetiske erfaringar med kunst og kultur i ulike former og organisert på måtar som gir barna høve til utforsking, fordjuping og progresjon.

(Utdrag frå Rammeplanen)

Slik vil vi arbeide med dette i Rabben barnehage:

  • Utvikle barna sin leikekompetanse og kreativitet
  • Tilrettelegge for finmotoriske aktivitetar t.d male, teikne, klippe, lime-aktivitetar
  • Barna får kjennskap til ulike formingsteknikkar
  • Øve opp den taktile og estetiske sans
  • Bruker rollespill, lærer-i-rolle, dramaforløp og musikk i samlingstunder/pedagogiske opplegg 15
  • Glede og humor gjennom forteljingar
  • Glede og humor i voksenrolla
  • Alle avd : Drama-prosjekt etter nyttår i forkant av karneval.
  • Besøker biblioteket

 

Natur, miljø og teknologi

Barnehagen skal bidra til at barna får erfaringar og opplevingar i naturen. Barnehagen skal bidra til å lære barna om å bli glad i og verne naturen, og bidra til berekraftig utvikling. Naturen skal være ein arena for leik og læring.

(Utdrag frå Rammeplanen)

Slik vil vi arbeide med dette i Rabben barnehage:

  • Skape gode naturopplevingar og følgje endringar i årstidene
  • Vi er ute og erfarer all slags vær
  • Bruke alle nærområda; t.d besøke gardsbruk
  • Nytte naturmateriell
  • Bruke årstidene som uttrykk i ulike aktiviteter.
  • Regnbueløva deltar i ulike samanhengar; i samlingstund og aktivitet på alle avd.
  • Kjeldesortere matavfall,papir, plast og restavfall
  • Eksperiment og aktivitetar knytt til realfag.
  • Brannvernveke veke 38; Alle avdelingane bruker opplegget til brannvesenet: Bjørnis.
  • Fokus på Trafikkopplæring gjennom året. Vi bruker refleksvestar på tur, snakker om trafikkregler.
  • Kan bruke aktiviteter frå Tarkus-trafikkopplegg.
  • Planting – forskjellige opplegg på avdelingane.
  • Besøke Vitenparken/Kraftlab

 

Etikk, religion og filosofi

Barnehagen skal bygge på grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfrihet, nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solidaritet, verdier som kommer til uttrykk i ulike religioner og livssyn og som er forankret i menneskerettighetene.

(Lov om barnehager §1)

Barnehagen skal la barna få kjennskap til forteljingar , tradisjonar, musikk, dans, verdier og høgtider i ulike religionar og livssyn. Og la barna få erfaringar med at kulturelle uttrykk har ein eigen verdi. Barnehagen skal skape interesse for mangfaldet i samfunnet og forståing for livsverda og levesettet til andre menneske.

(Utdrag frå Rammeplanen)

Slik vil vi arbeide med dette i Rabben barnehage:

  • Få kjennskap til, forstå og reflekterer over grunnleggande normer og verdiar
  • Adventstund kvar dag i desember; julebodskap, ulike måtar å feire jul, tradisjonar og songar. 16
  • Markere og fortelje om dei nasjonalitetar og religionar som er representert på avdelinga, viss foreldra ynskjer det.
  • Kontinuerleg arbeid rundt å gi barna sosial kompetanse; Være Sammen:
    • Ansvar – Samarbeid – Empati – Normer – Selvhevdelse – Humor

 

Nærmiljø og samfunn

Barns medverknad i kvardagslivet i barnehagen legg grunnlaget for vidare innsikt i og erfaring med å delta i eit demokratisk samfunn. Gjennom utforsking, opplevingar og erfaringar skal barnehagen bidra til å gjere barna kjende med sitt eige nærmiljø, samfunnet og verda.

(Utdrag frå Rammeplanen)

Slik vil vi arbeide med dette i Rabben barnehage:

  • Vi bruker ressursar som gymsal, idrettsanlegg, Leikeparken, Aktivitetsløypa i Hovden, leikeplassar, gard, osv, SFO, Vitenpark og museumsparken på Bokko. Lære barna å orientere seg og ferdas trygt.
  • Barna skal bli kjend med nærområdet vårt, lokalhistorie og lokale tradisjonar.
  • ”Gledesdag”; alle barna på stor avdeling, i grupper på 2-3 barn i lag med 1-2 voksen på tur utanfor barnehagen, i løpet av tida barnet går på stor avdeling.
  • Markerer FN-dagen : 24.oktober, alle avdelingar har løvefest. Tema om barns rettigheter
  • Markere Samefolkets Dag : 6.februar
  • Markere den internasjonale dagen for kulturelt mangfold: 21. mai

 

Mengd, rom og form

Fagområdet omfattar leikande, og undersøkande arbeid med samanlikning, sortering, plassering, orientering, visualisering, former, mønster, tal, teljing og måling. Det handlar og om å stille spørsmål, resonnere, argumentere og søkje løysingar.

(Utdrag frå Rammeplanen)

Slik arbeider vi med dette i Rabben barnehage:

  • Bruke bøker, spel, musikk, digitale verktøy, naturmateriale, leiker og utstyr for å inspirere barna til å tenke matematisk.
  • Fokusere på tal og mengde i leik og aktivitet inne og ute
  • Talrekkja til bruk i 6-årsklubb og for stor avd.
  • Bruke former ; sirkel, kvadrat, rektangel, trekant osv
  • «Formjakt»; Leite etter former ute eller inni ulike bygg.
  • Bruker talet i bursdagssamanheng; også visuelt
  • Ordenshjelp; dekke bord, osv
  • Studere skilt på turar
  • Bruker songar, rim og regler, eventyr.
  • Konstruksjonleik
  • Kvar avdeling har fått eigen realfagskasse, med utstyr til undring, utprøving og leik.
  • Alle avdelingar har eksperiment sammen med barna.

 

Digitale verktøy

Bruk av digitale verktøy i det pedagogiske arbeidet skal støtte opp om barna sine læringsprosessar. Personalet skal vera aktive ilag med barna. Digitale verktøy skal brukast med omhug og ikkje dominere som arbeidsmåte. Skal bidra til at barna utviklar ei gryande etisk forståing knytt til digitale medium.

(Utdrag frå Rammeplanen).

Slik arbeider vi med dette i Rabben barnehage:

  • Vi har ipadar og chromebooks som kan brukast saman med barn i grupper. Eit spennande læringsverktøy som barna gradvis skal bli kjende med.
  • Lage dagbokpost ilag med barn.
  • Barn kan vere med og kopiere

Progresjon:
Ein progresjonsplan skal sikre at barna får nye opplevingar og utfordringar å strekke seg mot etterkvart som dei veks og utviklar seg. Vi skal tilrettelegge for at barn i alle aldersgrupper får varierte aktivitetar gjennom tida i barnehagen. Vi må bygge vidare på interesser, ferdighetene, kunnskap og erfaringar barna har. Planen syner aldergrupper og får synleggjort progresjonen innanfor kvart fagområde. Det skal vera eit verktøy for kva vi voksne skal jobbe med. Punktene under kvart fagområde i årsplanen, syner og kva vi jobber med.

 

Del 5 – Planlegging, dokumentasjon og vurdering

Planlegging gir personalet grunnlag for å tenke og handle langsiktig og systematisk i det pedagogiske arbeidet. Planleggingen skal bidra til kontinuitet og progresjon for enkeltbarn og barnegruppa. Planleggingen synliggjør hvordan barnehagen fortolker og realiserer rammeplanen og skal være utgangspunkt for refleksjon og utvikling av virksomheten.

Planleggingen må baseres på kunnskap om barns trivsel og allsidige utvikling, individuelt og i gruppe. Den skal også baseres på observasjon, dokumentasjon, refleksjon, systematisk vurdering og samtaler med barn og foreldre.

Rabben barnehage har følgjande retningslinjer for planlegging:

  • 5 planleggingsdagar i løpet av året
  • Personalmøter; ca. 8 møter i året
  • Pedagogisk leiarmøte kvar mandag, ca. 1 time.
  • Kvar avdeling har avdelingsmøte ein gong pr. veke. I tilvenningsperioden har småbarnsavdelingane møter på kveldstid.

Barnehagen sin dokumentasjon skal gi foreldre/føresette, lokalmiljø og kommunen informasjon om kva barna opplever og lærer i barnehagen. Dokumentasjon kan vera med på å få fram ulike oppfatninger og vere open for ein kritisk og reflekterande praksis.

Vurderinger om barnegruppens og enkeltbarns trivsel og allsidige utvikling skal dokumenteres når det er nødvendig for å gi barnegruppen og enkeltbarn et tilrettelagt tilbud. Det kan gi grunnlag for å tilpasse og videreutvikle det pedagogiske arbeidet.

(Utdrag frå Rammeplanen)

Rabben barnehage har følgjande retningslinjer for dokumentasjon:

  • Årsplan
  • Aktivitetsplan frå kvar avdeling
  • Progresjonsplan
  • Plan for 6-årsklubb
  • 2-vekersplan
  • Dagbok – Visma-app
  • Årsrapport frå avdelingane
  • Årsrapport til SU/Adm.

Kvaliteten i det daglege samspelet mellom mennesker i barnehagen er ein av dei viktigaste forutsetningane for barns utvikling og læring. Barnegruppa og det enkelte barns trivsel og utvikling skal derfor observerast og vurderast fortløpande.

Vurdering har mange sider; beskrive, analysere og tolke arbeidet vi gjer i barnehagen i forhold til det vi har sett oss som mål, lovgiving og retningslinjer. Vurdering rettast også mot barnehagens personal og samansetting.

Hovudformålet med vurdeingsarbeidet er å sikre at alle barn får eit tilbod som er i trå med barnehagelova og rammeplanen.

Rabben barnehage har følgjande retningslinjer for vurdering:

  • Observasjonsmetoder (nye i IBS)
  • Brukerundersøkelser (Udir)
  • Samtalar og vurderingar vi gjer i lag med barna
  • Fortløpande refleksjon og vurdering på alle møter i barnehagen
  • Medarbeidersamtaler
  • Personalsamarbeid
  • Foreldresamarbeid; dagleg kontakt, foreldresamtaler og foreldremøter
  • Årsvurdering/fortløpande avdelingsvise vurderingar
  • Årsrapport

Personalutvikling; tema på personalmøter :

  • Vold og seksuelle overgrep, barn og seksualitet.
  • Arbeidsmiljø.
  • HMS-arbeid, Ros-analyser og starte implementering av ny beredsskapsplan.

 

Vurdering av arbeidet vårt , barnehageåret 2023-2024

Kvar avdeling skal gjer vurderingar kontinuerleg, 1 gong pr. mnd eller slik avd. tilpassar det, og notere stikkord etter desse fokusområda og sjølvvalde område.

Fagområda:

  • Kva aktivitetar har vi hatt, og kva har barna opplevd? Trekke fram leik og inkludering og reflektere over kva motvekt det har i forhold til utestenging, mobbing, krenkelser.
  • Korleis har det gått med undring og bevisstgjering til tema, hos dei vaksne, er vi bevisste på å stille opne spørsmål?

Være Sammen:

  • Er vi autoritative i relasjonen med barn? Tenker vi at kvart barn treng ei tilpassa tilnærming?

Inkluderande barnehagemiljø:

  • Korleis førebygge vi utenforskap?
  • Er vi gode på å leike?

Språkmiljøet vårt:

  • På kva måte vert språkstimulering tatt med inn i leiken?

 

Del 6 – Samarbeid

Illustrasjon av to barn som går hand i hand. Illustrasjon.Rabben barnehage samarbeider med følgjande:

  • Foreldre/føresette
  • Leiar for barnehage Wenche Jordal, Oppvekstsjef Anna Maria Kråkevik, Rådmann med stab
  • Oppvekstsektor
  • PPT og logopedtjenesten
  • TO-team
  • Helsestasjonen
  • Hardanger barnevern
  • Barnehagar og skular
  • Odda bibliotek
  • Odda vidaregåande skule
  • Eventuelt Odda ungdomsskule
  • Byggdrift/reinhald/vaktmester
  • Eventuelt arbeidsplass-besøk

 

Foreldresamarbeid

Gjensidig respekt mellom foreldre og personalet er ein forutsetning for eit godt arbeid med barna. Foreldrene er ein ressurs som vi ønsker å bruke og ta vare på. Vi ønsker at foreldre skal påverke arbeidet vårt gjennom engasjement på møter, konstruktiv tilbakemelding og deltaking på arrangement.

Samarbeidsarenaer:

  • Den daglege kontakten i garderoben ved bringing og henting
  • Foreldresamtalar
  • Foreldremøter
  • Foreldreråd/Samarbeidsutvalg (SU)

Digital samhandling med foreldra:
Vi bruker Visma som digital samhandling med foreldra. Ved å laste ned visma-app kan foreldre sjølve legge inn beskjedar og fråvær. Ingen sensitiv informasjon skal meddelast. Foreldre kan også legge inn samtykker. Barnehagen kan via appen sende meldingar, informasjon, invitasjonar og dele dagbok-post til foreldrene. I dagbok-post får foreldra digitalt innblikk i barnehagekvardagen med kort informasjon og bilder.

Samarbeidsutval

Dette finn du informasjon om på framsida til barnehagen.

 

img-fluid portrait