Odda ungdomsskole

Odda ungdomsskole er ein ungdomsskole med 3 parallellar på kvart trinn. Skulen vart opna i 1959, den gongen som Odda høgre ålmennskule. Skolen vart bygd ut på 70 talet og er heldt godt ved like. Ungdomsskolen har eit stort uteområde sør for skolen med sambruk av idrettsarenaen på Eide.

Vi er stolte av gode spesialavdelingar for både forming, kroppsøving og ikkje minst musikk. Skolen har gjennom fleire år markert seg som ein skule der bandmetodikk i musikkfaget har gitt skulen nasjonalt ry. Skolen har og markert seg som ein skole som har vore nysgjerrig på dei  læringsmogelegheiter digitale verktøy gjev.

Kontakt oss

Odda ungdomsskole

Eidesmoen 72

5751 Odda

53 65 49 50 / 97 55 84 75

ullensvangskulen.no

Sven Olaf Brekke

Rektor

sven.o.brekke@ullensvang.kommune.no

97 55 84 75 / 53 65 49 50

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

§ 10-5. Organiseringa av skoledemokratiet

Kvar grunnskole og vidaregåande skole skal ha eit elevråd som er valt av elevane ved skolen. Elevane kan velje å organisere seg på ein annan måte. Kvar grunnskole skal ha eit arbeidsutval som er valt av foreldra på skolen. Foreldra kan velje å organisere seg på andre måtar. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at det blir fastsett kva for andre brukarorgan skolane skal ha.

Elevane og foreldra skal vere representerte i organ ved grunnskolar, og elevane skal vere representerte i organ ved vidaregåande skolar. Representantar for elevane i den vidaregåande opplæringa har møte- og talerett i fylkeskommunale nemnder på same måten som dei tilsette har etter kommuneloven § 13-4.

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

§ 10-4. Skoledemokratiet

Skolen skal sørgje for at elevane og foreldra får vere med på å planleggje, gjennomføre og vurdere verksemda til skolen, mellom anna arbeidet med skolemiljøet, kvalitetsutvikling i opplæringa og fastsetjinga av skolereglar. Elevane skal ikkje delta i behandlinga av saker som er omfatta av lovfesta teieplikt.

Skolen skal leggje til rette for at alle elevane skal kunne ytre seg, og oppmuntre dei til å delta i skoledemokratiet. Skolen skal også hjelpe elevane i arbeidet med skoledemokratiet.