Skjermbilde 2025-03-10 kl. 14.26.44

Varsel om oppstart av detaljreguleringsplan for parkeringsplass Valldalen

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 varslar Ullensvang kommune oppstart av detaljreguleringsplan for parkeringsplass Valldalen. Eigedomar innanfor planområdet er gnr. 20 bnr. 3.

Planstatus og føremål

Planområdet er avsett til Landbruk- natur og friluftsliv, i retningslinjeområde der friluftsliv er dominerande i gjeldande kommuneplan for Odda kommune, planID 12282007001.

Føremålet med detaljreguleringsplanen er å leggja til rette for etablering av kommunal parkeringsplass i Valldalen. Planavgrensing ligg vedlagt som fil og kan sjåast på kommunekart.com i kartlag “reguleringsplan under arbeid”.

Grunnlagsdokument

Vedlagt varsel om oppstart av detaljreguleringsplan følgjer eit grunnlagsdokument som er retningsgjevande for vidare planarbeid.

Ullensvang kommune vurderer at planen ikkje er omfatta av forskrift om konsekvensutgreiing. Vurderinga finn ein i grunnlagsdokumentet.

 

Frist for å kome med innspel er sett til: 28.04.2025.

 

Merknader til varsel om oppstart

Merknader og innspel som kan ha innverknad og/eller vere av interesse for planarbeidet kan sendast oss via digitalt skjema eller skriftleg per post/e-post (Merk med: “Detaljreguleringsplan for parkeringsplass Valldalen, planID 46182025001”):

Kontakter

Ullensvang kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

ullensvang.kommune.no

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til:

Håvard Apold

Samfunnsplanleggjar

haavard.apold@ullensvang.kommune.no

95497907