Copy of UK - presentasjon TV 2 (5)

Tid for radonmåling

Har du ikkje satt igang måling av radon bør du gjera det no denne vinteren.

Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet anbefaler alle å måla radon i eigen bustad vinterstid. Ullensvang kommune er ein høgrisiko-kommune der vi ynskjer at alle innbyggarane målar radon.

 

Har min bustad eit radonproblem?

Det er ikkje mogleg å sei om akkurat din bustad har eit radonproblem. Den einaste måten å finna det ut på, er å gjennomføra måling. Er det for høgt nivå bør du gjera tiltak. Tiltak kan få ned nivå frå helsefarleg til akseptabelt nivå. Tiltak nyttar og er helseførebyggjande.

For utleigebustader er det gitt grenseverdi for radonnivået i strålevernforskriften, og utleigar skal sørge for at det er kartlagt radon dersom ein skal leige ut. Å måle radon er både enkelt og rimelig.

 

Bestilling av radonmåling

Ullensvang kommune tilbyr radonmåling til innbyggjarar, og har samarbeid med eit firma om dette (sjå lenkje under). Føresetnaden for tilbodspris er at måleresultat vert gjort tilgjengeleg for kommunen, som dermed vil få eit betre grunnlag for å vurdera radontilhøva i kommunen. Måleresultat vil ikkje publiserast på ein slik måte at enkeltmålingar kan kjennast igjen.

Her kan du tinga sporfilmmåling > radon.no

Det viktigaste du gjer er å måla radon i bustaden din for å få oversikt. Samt utføra tiltak om verdiane er for høge. Det bør gjennomførast måling i fleire rom, minst 2 opphaldsrom som vert nytta dagleg, gjerne stova og soverom. Radonkonsentrasjonen i ein bustad kan endre seg over tid, ved at det for eksempel oppstår sprekker eller andre opningar i konstruksjonen mot grunnen.

Meir informasjon finn du på nettsidene til Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA): Slik måler du radon