Kunngjering av vedteken detaljreguleringsplan for Straumen bru

Kommunestyret har i møte 16.10.2024 09:00 fatta følgjande vedtak i sak 105/24:

I tråd med plan- og bygningslova § 12-12 vedtek Ullensvang kommunestyre detaljreguleringsplan for Straumen bru, planID 46182024004.

Det er mogleg å klaga til kommunen på dette vedtaket. Klagefristen er 3 veker rekna frå melding om vedtak er motteke. Det er nok at klagen er postlagd innan fristen på 3 veker.

Klagen skal sendast skriftleg til den som har fatta vedtaket, beskrive kva vedtak det blir klaga på, den eller dei endringar ein ønskjer, og grunngjeving for klagen. Dersom det blir klaga så seint at det kan vere uklart for oss om det er klaga i rett tid, ber vi om at det blir oppgjeve når denne meldinga kom fram.

 

Klage på vedtak kan sendast til

Ullensvang kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

ullensvang.kommune.no