Oppvekstplan-10

Kunngjering av vedteken detaljreguleringsplan for Egne Hjem

Kunngjering av vedteken detaljreguleringsplan for Egne Hjem, planID 46182022005.

Kommunestyret har i møte 19.06.2024 09:00 fatta følgjande vedtak i sak 065/24:

I medhald av plan- og bygningslova § 12 – 12 vedtek Ullensvang kommunestyre detaljreguleringsplan for Egne Hjem, planID: 46182022002, med plankart datert 30.04.2024 og føresegner datert 16.05.2024.

Det er mogleg å klaga til kommunen på dette vedtaket. Klagefristen er 3 veker rekna frå melding om vedtak er motteke. Det er nok at klagen er postlagd innan fristen på 3 veker.

Klagen skal sendast skriftleg til den som har fatta vedtaket, beskrive kva vedtak det blir klaga på, den eller dei endringar ein ønskjer, og grunngjeving for klagen. Dersom det blir klaga så seint at det kan vere uklart for oss om det er klaga i rett tid, ber vi om at det blir oppgjeve når denne meldinga kom fram.

 

Klage skal sendast til:

Ullensvang kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

ullensvang.kommune.no