Oppvekstplan-11

Kunngjering av detaljreguleringsplan for Eidesbrotet 14

Kommunestyret har i møte 19.03.2025 fatta følgjande vedtak i sak 023/25:

I medhald av Plan og bygningslova (PBL) § 12-12 vedtek Ullensvang kommunestyre detaljreguleringsplan for Eidesbrotet 14, planID 46182024002. Vedtak av detaljreguleringsplanen skal kunngjerast i samsvar med PBL § 12-12.

Det er mogleg å klaga til kommunen på dette vedtaket. Klagefristen er 3 veker (14. april 2025)

Klagen skal sendast skriftleg til kommunen, beskrive kva vedtak det blir klaga på, den eller dei endringar ein ønskjer, og grunngjeving for klagen.

 

Merk klage med "Detaljreguleringsplan for Eidesbrotet 14" og send det til:

Ullensvang kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

ullensvang.kommune.no