
Gratis kulturskule for elevar 8 – 10 år
Frå og med skuleåret 23/24 tilbyr Ullensvang kommune gratis kulturskule til elevar i alderen 8 – 10 år. Dette er ei fantastisk moglegheit som gir rom for mangt og mykje.
Hovudmålsettingane med gratis kulturskule er:
- å auke rekrutteringa blant barn og unge og motivere for fleire år med læring i kulturskulen
- å ha ein open og inkluderande kulturskule som gir moglegheitar til alle, utan økonomiske hindringar
Prøveordninga på særskilde alderssteg, har desse presiseringane:
- elevar pliktar seg til ordinært, jamnleg frammøte og god eigeninnsats
- kva tilbod som er tilgjengelege vil kunne variere i dei ulike skulekrinsane og er alltid med atterhald om faktisk lærardekning (sjå oversikten over tilbod)
- gruppeundervisining vil vere aktuelt i dei fleste disiplinane
Er du usikker på kva som er rett val for deg?
Har du bestemt deg, søk direkte på ditt val, men set gjerne opp eit par alternativ. Det kan bli venteliste ved stor pågang.
Ønsker du utprøving av fleire alternativ over ein kortare periode i haustsemesteret, søk “Karusellen” i din skulekrins. Her kan du prøve inntil 3 fag i løpet av haustsemesteret og kan ut frå dette ta eit sikrare valg før nyttår.
Oversikt over tilboda i dei ulike avdelingane
(med atterhald om lærardekning/endringar)
- Tverrfløyte
- Klarinett
- Saxofon
- Kornett/trompet
- Trombone
- Piano/keyboard
- Hardingfele
- Toradar
- Slagverk
- Gitar/bass
- Teaterproduksjon
- Karusell (utprøving)
- Dans
- Tverrfløyte
- Saxofon
- Kornett/trompet
- Gitar/bass
- Slagverk
- Barnekor
- Vokal
- Piano/keyboard
- Toradar
- Teaterproduksjon
- Kunsthandverk
- Musikkterapi
- Kulturkarusell
- Karusell (utprøving)
- Tverrfløyte
- Klarinett
- Saxofon
- Kornett/trompet
- Trombone
- Piano/keyboard
- Hardingfele
- Gitar/bass
- Slagverk
- Vokalundervisning
- Kunsthandverk
- Babygruppe
- Barnekor
- Karusell (utprøving)
- Tverrfløyte
- Saxofon
- Kornett/trompet
- Piano/keyboard
- Hardingfele
- Gitar/bass
- Slagverk
- Kunsthandverk
- Karusell (utprøving)