Søk- eller sei opp plass i kulturskulen

Hovudopptak til elevplassar i kulturskulen er kvar vår, men vi tek imot påmelding heile året. Har du spørsmål om opptak eller søknad – kontakt oss.

Påmelding

For å melde deg eller dine born på til våre tilbod, må ein gå inn på SpeedAdmin, og opprette ein brukar der. Der vil du få opp dei ulike aktivitetane vi kan tilby.

 

Oppseiing av elevplass

Skal du sei opp plass ved kulturskulen, kan du gå via SpeedAdmin og følge oppskrifta der. Får du ikkje til å melde deg av, send ein e-post til kulturskulen.

Frist for å melda seg av for vårsemesteret er 1. desember og haustsemesteret er det 1. mai.

Melder du deg av etter fristen, må du betale semesteravgift.

 

Kontakt oss

Ullensvang kulturskule

Postadr: Opheimsgata 31

5750 Odda

kulturskulen@ullensvang.kommune.no

957 62 712

Eldbjørg Furholt

Verksemdsleiar kulturskulen

eldbjorg.furholt@ullensvang.kommune.no

975 58 452