Vedtekter barnehage
Vedtatt i Kommunestyret 16.10.2024.
§ 1. Formål
Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar, Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver og andre tilhøyrande forskrifter og retningsliner, kommunale vedtak og godkjent årsplan for barnehagen.
§ 2. Eigartilhøve
Barnehagane vert drivne av Ullensvang kommune.
§ 3. Forvaltning
Kommunen v/ Rådmannen er lokal barnehagemynde og har ansvar for tilsyn og forvalting av barnehagane etter Lov om barnehage §§ 8, 10 og 16. Kommunestyret v/ kommuneoverlege er tillagt godkjenningsmynde etter forskrift om miljøretta helsevern for barnehagar og skular.
§ 4. Foreldreråd
Barnehagen skal ha eit foreldreråd. Foreldrerådet er alle foreldre/føresette som har barn i barnehagen. Foreldrerådet sine oppgåver går fram av barnehagelova.
§ 5. Samarbeidsutval
Kvar einskild barnehage skal ha eit samarbeidsutval på 5 medlemer m/varamedlem, valde slik:
a) 2 representantar for foreldre m/ 2 varamedlem, valde av foreldrerådet.
b) 1 representant for eigar m/ 1 varamedlem, valde av kommunestyret.
c) 2 representantar for tilsette m/ 2 varamedlem, valde av personalet i barnehagen.
Foreldra og dei tilsette sine representantar vert valde for barnehageåret. Kommunen sin representant vert vald for den kommunale valbolken. Barnehagestyrar er sekretær for samarbeidsutvalet med møte-, tale- og framleggsrett, men har ikkje stemmerett med mindre styraren er vald som styremedlem.
Samarbeidsutvalet skal vera eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ og har rett til å uttala seg om saker som er viktige for innhaldet i barnehagen, verksemda og tilhøve til foreldre/føresette. Samarbeidsutvalet skal i samarbeid med styraren sjå til at barnehagen vert driven i samsvar med lover, føresegner, vedtekter og budsjett. (Barnehagelova §4)
§ 6. Opptak
Ullensvang kommune er eitt – 1 – opptaksområde. Ullensvang kommune har to hovudopptak og supplerande opptak mellom desse.
Hovudopptaka har søknadsfrist 1. mars og 1. september.
Søknad om ny plass, overføring til annan barnehage vert lyst i lokalavisa og på kommunen si nettside. Søknad vert levert elektronisk. Orientering om korleis dei søkjer finn dei på ullensvang.kommune.no
§ 7. Opptakskriterium
Ullensvang kommune følger Lov om barnehage § 16 Rett til plass i barnehage og § 18 Prioritet ved opptak.
Kriterier for prioritert opptak:
a) Barn med nedsett funksjonsevne knytt til barnehageloven § 18, og barn som omfattes av barnevernsloven § 5-1 første ledd bokstav a til d, § 3-1 og § 3-4 første ledd bokstav b.
b) Kommunale kriterier for prioritet i tillegg til de lovpålagte:
- Søsken av barn som allerede har plass i den barnehagen det søkes til. Søskenprioritet gjelder ikke når søsken begynner på skolen frå august.
- Overføring av barnehageplass i Ullensvang kommune, til annen barnehage i Ullensvang kommune.
I hovudopptak 1. mars får barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av august det året det blir søkt om barnehageplass tilbod om plass i august. Barn som fyller eitt år i september, oktober eller november det året det blir søkt om barnehageplass, får tilbod om plass innan utgangen av den månaden barnet fyller eitt år.
I hovudopptak 1. september får barn som fyller eitt år i desember, januar, februar, mars, april og mai tilbod om plass innan den månaden dei fyller eitt år.
Ved supplerande opptak mellom hovudopptaka får barn som flyttar til kommunen plass innan 3 månader.
Det blir som hovudregel ikkje teke inn nye barn i barnehagane i månadene juni og juli.
Barnet må væra 10 månader ved oppstart i barnehagen.
§ 8. Opptaksperiode
Barnehageåret starter/slutter medio august.
Eit barn har fast plass i barnehagen til barnet byrjar på skulen.
§ 9. Klage på opptak
Foreldre / føresette har klagerett etter § 6 i forskrift om sakshandsamingsreglar ved opptak i barnehage. Klage på vedtaket må vera levert til kommunen seinast 3 veker etter at melding om vedtak er mottatt (Jf. Forvaltningslova §29).
§ 10. Oppseiing
Oppseiingstida er 1 månad.
Unntak:
- Sjukdom/skade, flytting eller andre tungtvegande årsaker som gjer at barnet må slutta i barnehagen.
- Barn som skal byrja på skulen og ikkje skal nytta plassen fram til skulestart må seia opp plassen innan 25. april, og gje melding om dato for når barnet sluttar i barnehagen.
§ 11. Ferieavvikling
Barnet må ta ut minimum fem veker ferie i løpet av kalenderåret. Dei fem planleggingsdagane inngår i den femte ferieuka. Tre veker må vera samanhengande ferie, frå veke 26 til planleggingsdagane i august. Føresette må gje melding til barnehagen innan 01. april om kva tid desse tre vekene vert tekne.
- Den 4. ferieveka må takast ut samanhengande, og registrerast i foreldreappen seinast to veker før.
- 6-åringane som begynner på skulen må ta ut 4 veker ferie før planleggingsdagane i august.
- Om sommaren kan barnehagetilbodet verta avvikla i eit samarbeid mellom barnehagar og ev. SFO.
§ 12. Planlegging
Barnehagane gjennomfører avtalefesta 37,5 timar ( 5 dagar ) planlegging i året. Desse dagane er barnehagane stengde. Planleggingsdagane vert vedteke i barnehage- og skuleruta året før.
§ 13. Opningstid
Opphaldstid i barnehagen vert fastsett av rådmannen. Opningstida i barnehagane varierer, sjå orientering på www.ullensvang.kommune.no
- Barnehagene er stengde jule- og nyttårsafta og avtalefesta planleggingsdagar.
- Onsdag før påske stenger barnehagane kl. 12.00.
§ 14. Areal
Netto leike- og opphaldsareal er fastsatt av Ullensvang kommune jamfør Departementets rettleiande norm:
- Leike- og opphaldsareal inne: for barn over 3 år er denne 4 m2, og for barn under 3 år er den 5,33 m2.
- Utearealet i barnehagen bør vera omlag seks gongar så stort som leike- og opphaldsarealet inne.
§ 15. Betalingssatsar og betalingsmåtar
- Stortinget fastset kvart år maximalpris pr månad og pr år for plass i barnehage. Kommunestyret fastset betalingssatsane (foreldrebetalinga) som til ei kvar tid skal gjelda for barnehagane i kommunen. Betaling skal skje forskotsvis kvar månad.
- Betaling for kost kjem i tillegg til månadleg betaling av barnehageplass.
- Endring av betalingssatsane følger budsjettåret.
- Inntektsgradert foreldrebetaling vert gitt i samsvar med nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetalinga. Ingen skal betala meir enn 6 prosent av inntekta si til barnehagen. Ullensvang kommune følger statens minimumskrav. Foreldre med lav inntekt kan søkja om reduksjon i foreldrebetalinga.
- Foreldre med låg inntekt kan søkja om gratis kjernetid for 2-, 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart. Dersom barna bur i hushaldningar med lav inntekt, kan barna få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke.
- Det vert gjeve søskenmoderasjon i samsvar med gjeldande Stortingsvedtak med 30 % for 2. barnet, for 3. barnet og kvart barn utover dette er barnehageplassen gratis. Det vert gitt søskenmoderasjon når familien har fleire barn i barnehage. Moderasjonen omfattar søsken/stesøsken som bur fast saman. Adressa som er registrert i folkeregisteret vert rekna for fast bustad.
- Foreldre/foresatte betaler for 11 måneder i året, og har betalingsfritak i juli månad.
- Når barnehagen har ledige plassar, kan dei som har barnehageplass kjøpa sporadiske enkeltdagar på den avdelinga der barnet har plass.
- Det vert ikkje gitt betalingsfritak for ferie som vert tatt ut i løpet av barnehageåret. Det kan søkjast om betalingsfritak i spesielle tilfelle som til dømes ved alvorlig sjukdom. Dette må dokumenterast.
- Plassen ein får ved må betalast for frå den datoen ein er tildelt plass.
- Manglande betaling kan føra til oppseiing av barnehageplassen. Jf. (viser til) til einkvar tid gjeldande innkkrevjingsreglement.
§ 16. Internkontroll
Barnehagene i kommunen har internkontrollsystem som sikrar kontinuerlig arbeid med helse, miljø og tryggleik og forskrift om ”Miljøretta helsevern i barnehagar og skular”.
§ 17. Erklæring om barnet si helse
Når eit barn byrjar i barnehagen skal det leggjast fram erklæring om barnet si helse. Dersom barnet har møtt til ordinær undersøking på helsestasjon, kan slik erklæring verta gitt av barnet sine foreldre / føresette. Nødvendige opplysningar skal verta gitt på opplysningsskjema til barnehagen før oppstart.
§ 18. Ansvar
- Alle barna i barnehagen er ulykkesforsikra gjennom kommunen si forsikringsordning.
- Personalet har ansvar for barna i barnehagen si opningstid. Levering og henting er foreldra/føresette sitt ansvar.
- Personalet kan ta med barna i egen bil når det er inngått skriftlig avtale med foreldra. Det må vera godkjent sikkerhetsutstyr i bilen. Personalet må gi skriftleg fråsegn om at bilen som vert nytta er i forskriftsmessig stand.
- Det vert ikkje gitt erstatning ved tap og/eller skade på eigedeler eller klede.
§ 19. Fråvær
Når barn er sjuke eller av andre årsaker er borte frå barnehagen, skal foreldra / føresette gi melding om dette til barnehagen snarast råd.
Barn som på grunn av sjukdom ikkje kan fylgja daglege rutinar i barnehagen, må haldast heime. Kommunen følgjer Folkehelseinstituttet sine tilrådingar.
§ 20. Bemanning i barnehagen
Bemanning i barnehagen må vera i tråd med Lov om barnehage §§ 17, 18, 19, 20 og 23:
Pedagognorm:
1 pedagog pr 14 barn over tre år
1 pedagog pr 7 barn under tre år
Pedagognorma vert utløyst når tal barn overstig dette. Pedagognormen skal være oppfylt for heile barnehagen sett under eit.
Bemanningsnorm:
1 tilsett pr 3 barn under tre år
1 tilsett pr 6 barn over tre år
Eigar er ansvarleg for at det er tilstrekkeleg bemanning slik at personalet kan driva ei tilfredstillande pedagogisk verksemd jmf §18 i lov om barnehagar.
§ 21. Endring av vedtektene
Endring av vedtektene skal handsamast av kommunestyret. Framlegg om vedtektsendring skal leggjast fram for foreldreråd og samarbeidsutval i god tid før endeleg vedtak. Endringar som følge av endra lovverk eller politiske vedtak, kan gjerast administrativt med melding til kommunestyret.
§ 22. Teieplikt
Dei tilsette i barnehagane, administrasjonen og medlem i samarbeidsutvala har teieplikt vedkomande alle personopplysingar dei i kraft av stillinga/omboda vert kjende med.