Utslepp av avløpsvatn frå hus og hytterKven har søknadsplikt?BehandlingDigitalt søknadsskjemaRettleiing til søknadsskjema

Utslepp av avløpsvatn frå hus og hytter

Denne sida er under utarbeiding!

Utslepp av sanitært og kommunalt avløpsvatn frå hus og hytter, under 50 pe – kapittel 12 i forurensningsforskriften.

Kven har søknadsplikt?

Du skal søkje: 

  • når du skal etablere eit nytt utslepp
  • når du skal auke eit eksisterande utslepp utover dei eksisterande rammene
  • om du skal endra type utslepp eller utsleppsstad

Ver merksam på at kommunen kan krevje gebyr for saksbehandling av søknad om utslepp, jf. § 11-4 i forurensningsforskriften.

 

Informasjon og rettleiing om utslepp av avløpsvatn på:

 

Behandling

Det er søkjaren sitt ansvar å fylle ut ein nøyaktig og fullstendig søknad med alle opplysningane kommunen treng for å kunne behandla søknaden.

Vi startar behandlinga når det ligg føre eit fullstendig utfylt søknadsskjema med alle nødvendige vedlegg. Kommunen behandlar søknaden innan 6 veker frå søknad er motteke.

Manglar det opplysningar eller dokumentasjon, vil dette kunne forseinke behandlinga.

Dersom du har søkt om unntak frå standardkrava i forureiningsforskrifta kapittel 12, eller eventuelt frå lokale forskrifter, gjeld ikkje den absolutte saksbehandlingsfristen på 6 veker.

Dette er eit omfattande skjema å fylle ut. Les gjennom rettleiing nedst på sida før du startar å fylle ut skjema.

Kontakt oss ved behov for rettleiing

Ullensvang kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

ullensvang.kommune.no

 

Rettleiing til søknadsskjema

  1. Sjekk med plan- og byggjesaksavdelinga om avløpsanlegget er i samsvar med kommunen sine planar etter plan- og bygningsloven. Om det ikkje er samsvar må du innhenta samtykke, dette kan krevje politisk behandling.
  2. Hent inn all informasjon og dokumentasjon det er krav om for å sende ein fullstendig søknad – dette er ditt ansvar som søkjar.
  3. Varsle naboar og andre spesielt involverte (f.eks. lag og foreiningar, eller andre som har friluftsinteresser i området). Dersom du er i tvil om kven som skal ha varsel – kontakt oss. Søknad om utsleppsløyve skal ikkje sendast til kommunen før nabovarselet sin svarfristen er gått ut. Dette då du skal leggje ved ei oversikt over kven som er varsla, kopi av varselet, kvitteringar og eventuelle merknadar du har motteke.

Ansvarleg for søknad
Den som fyller ut skjema treng ikkje å vera ansvarleg eigar. Dersom du søkjer på vegne av ansvarleg eigar må du informere om det i dette punktet.

Det er den ansvarlege for søknaden som har ansvar for at søknad er fullstendig.

Her skal du gi oss alle opplysningar som er nødvendige for at vi skal kunne kontakte deg  som søkjer om utsleppsløyve.

 

Ansvarleg eigar
Ansvarleg eigar er den som er ansvarleg for utsleppet, inkludert drift og vedlikehald av anlegget.

Handheving og sanksjonar etter regelverket vil skje overfor ansvarleg eigar.

Her skal du føre opp kven (nøytral fagkyndig person/firma/leverandør) som har hjelpt deg med utforming og dimensjonering av reinseanlegg, og dokumentasjon av reinsegrad.

Ver merksam på at dokumentasjon av reinsegraden til anlegget skal vere utført av ein nøytral fagkyndig.

Vedlegg som skal lastast opp i dette punktet:

 

Nøytral fagkyndig person/firma skal dokumentera:
– Vedlegg skal lastast opp under punkt om Reinsegrad

  • Dersom du skal installere eit ferdigprodusert minireinseanlegg, må dette vere testa i samsvar med NS-EN 12566-3. Sjekk at reinsegraden som er ført opp på CE-merket til minireinseanlegget, tilfredsstiller reinsekravet for ditt utslepp.
  • Slamavskiljar skal ha dokumentasjon på at anlegget tilfredsstiller NS-EN 12566-1.
  • Tett tank skal ha dokumentasjon på at den tilfredsstiller NS 1545.
  • For alle andre reinseløysingar må du dokumentera at du har nytta anerkjend dimensjonering og utforming.

 

Gjer elles merksam på at Ullensvang kommune har lokal forskrift om utslegg frå mindre avløpsanlegg som set ulike krav til prosjektering.

Her skal du opplyse om kva søknaden gjeld:

  • Nytt utslepp
  • Vesentleg auke av utsleppet
  • Rehabilitering av eksisterande utslepp

Vesentleg auke kan vere at fleire område skal koplast til anlegget, installering av matkvern, vatn eller vassklosett. Ta kontakt med kommunen dersom du er i tvil om kva som er vesentleg auke.

Du må og opplyse om søknaden gjeld heilårsbustad, fritidsbustad og/eller annan bygning, og talet på bygningar i dei ulike kategoriane.

Her skal du føre opp gardsnummer, bruksnummer (og eventuelt festenummer) og adresse på bygningen eller bygningane som skal knytast til avløpsanlegget.

Dersom du ikkje kjenner gards-, bruks- og eventuelt festenummeret, kan du få vite det ved å kontakte kommunen.

 

Samsvar med planar etter plan- og bygningslova
Du må sjekke med kommunen om plasseringa og utføringa av det planlagde anlegget er i samsvar med kommunen sine planar etter plan- og bygningslova.

Dersom utføringa og/eller lokaliseringa av reinseanlegget ikkje er i samsvar med kommunen sine planar, må du innhente samtykke frå planmyndigheita. Det kan krevje politisk behandling.

Har du innhenta samtykke må du leggje inn dato for kva tid samtykket vart gitt.

Ligg ikkje samtykke føre må du søkje om dispensasjon frå planmynde. Utan dispensasjon vert søknad avslått.

Her skal du gjera ei vurdering av infiltrasjon som mogleg reinseløysing jf. § 8 – 3 ledd i lokal forskrift.

For alle utslepp til innland/ferskvassresipientar set kommunen krav om at moglegheit for infiltrasjon av avlaupsvatn skal vurderast før det tillatast andre avløpsløysningar.

 

Vedlegg som skal lastast opp i dette punktet (om du ikkje skriv inn i tekstboks):

  • Beskriving av kva vurdering som er gjort knytt til utslepp i innland/ferskvassresipientar

Kvar skal utsleppet sleppast ut, jf. krav i § 12-4 første ledd f. i forurensningsforskriften.

Her skal du gi opplysningar om utsleppsområdet. Det vil seie om avløpsvatnet går til innsjø, bekk, elv, grunnvatn, elvemunning osv.

Gjeld søknaden utslepp til vatn, må du føre opp kor mange meter under lågaste vasstand det skal sleppast ut (utsleppsdjupn).

 

Namn på lokalitet og kartkoordinatar
Du skal og føre opp namn på lokalitet og kartkoordinatar til utsleppstad. Koordinatar kan du for eksempel finne i kommunekart.com (kommunen si digitale kartløysing (gratis)) eller på Statens kartverk sine nettsider.

Hugs å føre opp kva kartdata du bruker, for eksempel WGS 84.P.

Ullensvang kommune har lokale krav nedfelt i lokal forskrift § 5.

Her skal du sei kvar sanitær avløpsvatn skal sleppast ut.

 

Type reinseanlegg
Her skal du sei kva type reinseanlegg du skal nytte. Du må og laste opp vedlegg (etter type reinseanlegg) som syner at ein tilfredsstiller dei krav som ligg føre. Vi spør og etter dimensjon på anlegg.

 

Vedlegg som skal lastast opp i dette punktet:

  • Dersom du skal installere eit ferdigprodusert minireinseanlegg, må dette vere testa i samsvar med NS-EN 12566-3. Sjekk at reinsegraden som er ført opp på CE-merket til minireinseanlegget, tilfredsstiller reinsekravet for ditt utslepp.
  • Slamavskiljar skal ha dokumentasjon på at anlegget tilfredsstiller NS-EN 12566-1.
  • Tett tank skal ha dokumentasjon på at den tilfredsstiller NS 1545.
  • For alle andre reinseløysingar må du dokumentera at du har nytta anerkjend dimensjonering og utforming.

Her må du svara for om utsleppet skal etablerast og driftast i samsvar med krava i lokal forskrift og forurensningsforskriften.

Skal du fråvike frå krav i lokal forskrift må du grunngje dette.

Her må du og leggja ved dokumentasjon på at utsleppet skal etablerast og driftast i tråd med forurensningsforskriften.

 

Vedlegg som skal lastast opp i dette punktet:

  • Dokumentasjon på kven som har produsert komponentar
  • Monteringsanvisning
  • Dokumentasjon på korleis infiltrasjonsgrøfta/ etterpoleringsløysinga/utsleppet er planlagt
  • Dokument som dokumenterer korleis anlegget skal driftast og kva service det treng

Her spør vi etter storleik på utslepp i personekvivalenter.

Du må og lista opp tal sengeplassar knytt til anlegg.

Den forventa storleiken på utsleppet skal førast opp i talet på personekvivalentar (pe). Personekvivalentar er eit mål på mengda organisk materiale i avløpsvatnet.

Du kan finne pe på fleire måtar, men dette er hovudreglane:

  •  Utslepp frå hus og hytter med innlagt vatn og vassklosett: 1 person bidreg med 1 pe.
  •  Utslepp frå hytter med innlagt vatn utan vassklosett: 1 person bidreg med 0,3 pe.
  •  Utslepp frå hytter utan innlagt vatn og vassklosett: 1 person bidreg med 0,1 pe.

Ta kontakt med kommunen dersom du er usikker på korleis du reknar ut den forventa storleiken på utsleppet.

Eksempel 1:
Eitt hus med innlagt vatn og vassklosett, 6 personar i husstanden:
1 x 1 pe/person * 6 personar = 6 pe. Den forventa storleiken på utsleppet er 6 pe.

Eksempel 2:
Hyttefelt med 4 hytter med innlagt vatn utan vassklosett, 10 sengeplassar per hytte1):
4 x 0,3 pe/person * 10 sengeplassar = 12 pe. Den forventa storleiken på utsleppet er 12 pe.

1) Det vil variere kor mange personar som oppheld seg på ei hytte. Når ein skal rekne ut forventa tal på personekvivalentar, må ein ta utgangspunkt i maksimum tal personar på hytta til same tid. Talet på sengeplassar kan vere eit godt mål på maksimum tal personar/maksimum belastning.

Krav til kart som vedlegg til utsleppssøknad – Kva bør merkast på kartet?

Kart over den aktuelle eigedomen i målestokk 1:5000 eller større skal leggjast ved søknad søknad om utsleppsløyve. Fortrinnsvis er storleik 1:500 eller 1:1000 å føretrekkja. Bygningar, eigedomsgrenser og tilkomst til veg skal kome fram av kart. I tillegg bør minimum følgjande opplysningar visast på kart:

  • Gnr./bnr. på den aktuelle eiendomen
  • Målestokk på kartet, eks M 1:1000
  • Pil med angivelse for nord på kartet: N ↑
  • Anbefalt lokalisering av kummer som;
    • Slamavskiljar: ⬜
    • Pumpekum: Merka ved sirkel med svart trekant inni.
      • Kum: (fordelingskum, inspeksjonskum, prøvetakingskum): О
      • Reinseanlegg: (minireinseanlegg eller reinseanlegg for gråvatn)
    • Tett tank: ⬛
      • Lokalisering av areal for infiltrasjon: ▩
      • Lokalisering av tømmeplass: ➜ (Raud pil)
      • Lokalisering av brønnar: ⬤⬤ (Blå)

Det viktig å spesifisera i kommentar, kva type brønn det snakk om, for eksempel borebrønn i fjell, borebrønn i lausmassar, gravd brønn osv.

  • Strømningsretning for infiltrert vatn i grunn: ➜
  • Registrert fjell i dagen: 仌
  • Undersøkte lokalitetar: ①………… ⑤
  • Spillvatn sjølvfallsleidning: _____________ (Raud heiltrukket line)
  • Spillvatn pumpleleidning: ______ _ ______ (Blå line)
  • Avstand til eit fastpunkt: _ _ _ _ _ _ _ (Raud stipla line)

Eksempel på kart med inntekina markeringer.

Du skal laste opp kart som vedlegg nedst på sida i skjema. 

Brukarinteresser vil vera avgjørande for val av reinseløysning og utsleppspunkt.

I dette punktet gjer du ei oversikt over berørte brukarinteresser, og skildrar tiltak for å motverke eventuell interessekonflikt og for å ivareta helse og miljø.

Partar og andre som vert særleg rørt av saka skal varslast om innhaldet i søknaden før søknad vert sendet inn. Næraste naboar og gjenbuarar skal som hovudregel alltid varslast. Gjenbuar er definert som nabo på andre sida av veg.

I skjema skal du leggja ved:

  • Kopi av nabovarsel
  • Kvittering på nabovarsel
  • Merknadar på varsel

Varsel skal sendast ut med svarfrist på minimum fire veker. Du må få kvittering for at varselet er sendt (f.eks. kvittering på rekommandert brev, underskrift eller liknande).

Søknad om utsleppsløyve skal ikkje sendast til kommunen før nabovarselet sin svarfristen er gått ut. Dette då du skal leggje ved ei oversikt over kven som er varsla, kopi av varselet, kvitteringar og eventuelle merknadar du har motteke.

 

Vedlegg som skal lastast opp i dette punktet:

Her kan du skrive eventuelle merknader som du meiner er nyttig informasjon for kommunen når søknaden skal behandlast.