Forskrift om utslepp frå mindre avlaupsanlegg – med kommentarar§ 1. Føremål§ 2. Verkeområde for lokal forskrift§ 3. Definisjonar§ 4. Krav til avlaupsnett§ 5. Krav til reinseeffekt/ utsleppskrav§ 6. Avløp i driftsbygningar§ 7. Krav til anlegg og dokumentasjon av reinsegrad§ 8. Krav til prosjektering og utføring av reinseanlegg§ 9. Krav til drift og vedlikehald§ 10. Særskilde utsleppsreglar for fritidsbustader§ 11. Krav til rammeplan§ 12. Utsleppsstad§ 13. Lukt§ 14. Tilsyn og kontroll§ 15. Iverksetjing
Paragraf symbol lent mot blå vegg

Forskrift om utslepp frå mindre avlaupsanlegg – med kommentarar

Forskrift om utslepp frå mindre avløpsanlegg, Ullensvang kommune, Vestland.

Heimel

Fastsett av Ullensvang kommunestyre dato: 18.12.2019, uk sak 20/7932 sak endra ved forskrift 22.06.2022 av Utval for samfunn, plan og næring, uk sak22/401.

Med heimel i § 9 i lov om vern mot forurensning og om avfall (forurensningsloven) jf. § 12-6 i forskrift 1 juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften).

 

§ 1. Føremål

Kommunen er lokal forureiningsmyndigheit. Forskrifta skal forenkle kommunen si sakshandsaming i samband med utslepp frå mindre avløpsanlegg, og fastsetje eigne krav til avløpsløysingar slik at omsynet til resipienten, drikkevassanlegg og brukarinteressene blir ivaretekne.

 

§ 2. Verkeområde for lokal forskrift

Føresegna gjeld utslepp av avløpsvatn frå bustad-, fritidsbusetnad og/eller anna busetnad med innlagt vatn, der utsleppet ikkje kjem over 50 personeiningar (pe) (forurensningsforskriften kap. 12).

Alle einingar med innlagt vatn og alle toalettløysningar med vassforbruk må søkja om løyve til utslepp.

Unnateke frå forskrifta sitt verkeområde er busetnad der avløpet skal førast til offentleg avløpsanlegg i samsvar med plan- og bygningsloven § 27- 2.

 

§ 3. Definisjonar

Definisjonane i forureiningsforskrifta §11-3 gjeld for denne forskrifta. I tillegg gjeld følgjande:

Avløpsanlegg: Anlegg for mottak av avløpsvatn fra bustad-, fritids- og annen busetnad med innlagt vatn.

Innlagt vatn: Vatn frå vassverk, brønn, cisterneanlegg eller liknande som gjennom røyr eller leidningar er ført innandørs.

Sanitært avløpsvatn: Avløpsvatn som i hovudsak skriv seg frå menneska sitt stoffskifte og hushaldningsaktivitetar, medrekna avløpsvatn frå vassklosett, kjøken, bad, vaskerom eller liknande.

Svartvatn: Avløpsvatn frå vassklosett, eller andre kjelder der urin og/eller fekaliar normalt sett vert transportert med vatn.

Gråvatn: Avløpsvatn frå vask, dusj, badekar m.m.

Kjeldeseparering: Gråvatn og svartvatn skal førast til separate reinseanlegg eller tank.

Rammeplan: Ein plan som avklarar brukarinteresser, drikkevassforsyningar og forureiningssituasjonen i resipientane eller delområder. Rammeplanen skal vere utarbeidd/vurdert av firma med hydrogeologisk kompetanse. Rammeplanen skal gje retningslinjer for avløpsløysningar, utsleppsverdiar og utsleppspunkt.

Hydraulisk kapasitet: Mengde vatn som kan strøyme gjennom jord per arealeining.

Infiltrasjonskapasitet: Mengde avløpsvatn som kan infiltrerast per arealeining.

Køyrbar veg: Gjennomgåande veg eller blindveg som har snuplass og dessutan kurvatur, stigningstilhøve, breidd og styrke til å tåle ein tankbil for septiktømming. Om vinteren må vegen og eventuell snuplass vere brøyta, og om naudsynt, strødd. Ved tvist om kor vidt ein veg er køyrbar etter ovanståande, er kommunen sitt syn avgjerande.

Resipient: Vassførekomst som tek imot forureiningar frå avløpsvatn. Resipient for infiltrasjonsanlegg er grunnvatn. Resipient for andre typar anlegg er overflatevatn (bekk, elv, innsjø, tjern, våtmark).

ADK-1 kurs: Kurs i praktisk utføring av leidningsanlegg for vatn og avløp i samsvar med NORVAR rapport nr. 124-2002.

Etterpolering: Med etterpolering meinar ein ekstra reinsing etter hovudreinsetrinn (som minireinseanlegg eller gråvassreinseanlegg) for å få stabilisert utsleppskvaliteten og få redusert mengda med smittestoff i utsleppsvatnet.

Minireinseanlegg: Med minireinseanlegg meiner ein prefabrikkerte avløpsanlegg bygd for å reinse sanitært eller kommunalt avløpsvatn med dokumentert reinsegrad. Anlegga blir montert på fabrikk før levering. Reinseanlegg for gråvatn vert ikkje rekna som minireinseanlegg.

Utrekning av pe skal følge NS 9426 Bestemmelse av personekvivalenter (pe) i forbindelse med utslipp av avløpsvann.

§ 4. Krav til avløpsnett

Avløpsnettet skal dimensjonerast, byggjast, drivast og vedlikehaldast med utgangspunkt i den best tilgjengelege teknologien og fagkunnskapen, særleg med omsyn til:

a) Avløpsvatnet si mengd og eigenskapar.
b) Førebygging av lekkasjar.
c) Avgrensing av forureiningar til resipienten som følgje av overløp.

Hovudmålet er å sikre at avløpsnettet er funksjonelt til ei kvar tid, slik at avløpsnettet ikkje årsakar forureining.

§ 5. Krav til reinseeffekt/ utsleppskrav

Sanitært avløpsvatn med utslepp til innland/ferskvassresipientar skal minst rette seg
etter følgjande krav til reinsing:

Parameter Maksimum utsleppskonsentrasjon Tilsvarande prosent reinsegrad
Total fosfor (Tot-P)

Organisk stoff (BOF5)

<1,0 mg/l

<25 mg/l

90 %

90 %

 

Sanitært avløpsvatn med utslepp til sjø/fjord skal minst rette seg etter følgjande krav til reinsing:

Parameter Maksimum utsleppskonsentrasjon Tilsvarande prosent reinsegrad
Suspendert stoff (SS) 180 mg SS/l 20 %

 

Der det er særskilde brukarinteresser (fiske, bading, drikkevatn osv.) som vert råka, kan det stillast strengare krav.

Dersom det berre vert sleppt ut gråvatn, skal gråvatnet gå gjennomgå reinsing med godkjende reinseløsningar/ krav som beskrive i § 7.

Kommunen kan setja krav om etterpolering etter individuell vurdering. (f.eks etter minireinseanlegg, gråvassreinseanlegg mm).

Sanitært avløpsvatn med utslepp til innland/ ferskvassresipientar (følsamt og normalt område), skal minst etterkomme følgjande krav til reinsing (krav A, B eller C):

Parameter Svarar til prosent reinsegrad
A: Ved brukarinteresser / brukarkonflikter: 

Total fosfor (Tot-P)

Organisk stoff (BOF5)

90 %90 %
B: Fare for eutrofiering:

Total fosfor (Tot-P)

Organisk stoff (BOF5)

90 %

70 %

C: Verken fare for eutrofiering eller brukarinteresser: 

Total fosfor (Tot-P)

Organisk stoff (BOF5)

60 %

70 %

Tabellen med krav til reinseeffekt er henta frå forurensningsforskriften kapittel 12

Vassdraga i Ullensvang er i generell god tilstand.

Det vart innleiingsvis vurdert om kommunen skulle delast inn i ulike soner med ulike reinsekrav. Administrasjonen er av den oppfatninga at det er brukarkonflikter/ brukarinteresser i alle kommunen sine område der det også er busetnad.

Med brukarinteresser meiner ein til dømes interesser knytt til drikkevassforsyning, rekreasjon og næringsverksemd. Rekreasjon omfattar mellom anna badeplass, leikeplass og områder for vassport. Døme på næringsverksemd er vatning av jordbruksareal.

Kommunen har ikkje oversikt over alle brukarinteressene (til dømes plassering av privat vassforsyning) og ønskjer av den grunn at alle private reinseanlegg i innland/til ferskvassresipientar skal rette seg etter det strengaste kravet til reinsing (gruppe A).

På bakgrunn av resipienttilstand, og for at det skal vere mogleg å følgje opp om reinseanlegga fungerer tilfredsstillande, er det sett krav til maksimum utløpskonsentrasjonar i lokal forskrift.

§ 6. Avløp i driftsbygningar

Det er ikkje lov å føre sanitært avløpsvatn frå WC og dusj til gjødselkjellar. Forskrifta gjeld ved nyetablering av driftsbygningar eller ved innlegging av vatn og avløp i eksisterande driftsbygningar.

Føresegna vert innført av hygieniske omsyn. Bakteriar frå folk har eit heilt anna smittepotensiale enn bakteriar i husdyrgjødsel, og bør handsamast på ein hygienisk sikrare måte, i følgje Folkehelseinstituttet. Kor smittefarleg gjødselen er, vil vere avhengig av korleis den hygeniserast, og kva den skal brukast til. Ved handsaming av evt. søknadar om dispensasjon frå føresegna, skal både smittepotensialet, førebehandlinga og bruken av gjødselen, samt kost/nytte ved å føre avløpet til reinseanlegg, vurderast.

§ 7. Krav til anlegg og dokumentasjon av reinsegrad

Kvart anlegg blir godkjent individuelt i samband med handsaming av utsleppssøknad.

Alle reinseanlegg skal ha dokumentasjon på at det er nytta anerkjend dimensjonering og utforming. For dei anleggstypane der VA-miljøblad / Vannstandard er tilgjengeleg, skal reinseanlegget prosjekterast og byggast etter siste versjon av desse.

Ved søknad om utsleppsløyve skal det framleggast prosjekteringsdokumentasjon, teikningar og beskriving som følgjer med utsleppsøknaden jf. § 12-4 i forurensningsforskriften.

Dersom gjeldande dimensjoneringskriterium må fråvikast, kan utsleppssøknaden avvisast. Alternativt kan det bli gjeve mellombels utsleppsløyve på særskilde vilkår. Avløpsanlegget blir gjeve status som forsøksanlegg, og prøvetakast kvart år minimum 2 gongar årleg over ein femårsperiode. Det må då inngåast eiga avtale mellom leverandør og anleggseigar.

Slamavskiljarar skal ha dokumentasjon på at anlegget tilfredsstiller NS-EN 12566-1. For utsleppsleidning frå slamavskiljar til sjø skal det gjevast prosjekteringsdokumentasjon, teikningar og beskriving av kor djupt utsleppet skal førast under lågaste vasstand. Utsleppsleidningar skal ha vektbelastning for å sikra leidningen sin stabilitet i forhold til oppdrift, bølger, erosjon og strøm.

Anlegg som krev tøming med tankbil, skal plasserast med ein maksimal avstand til køyrbar veg på 80 m. Maksimal løftehøgde mellom veg og botn av tank skal vere 8 m. Anlegg skal plasserast slik at dei kan tømast med tankbil heile året.

Lokk i tilknytning til avløpsanlegg skal væra låsbare eller tunge lokk i betong eller støpejern som er synlege i terrenget.

Minireinseanlegg skal ha dokumentasjon på at anlegget tilfredsstiller NS-EN 12566-3.

For reinseanlegg som baserast på infiltrasjon i stadeigne lausmasser (infiltrasjonsanlegg), skal det utførast grunnundersøkingar for å dokumentere følgjande tilhøve:

  • Infiltrasjonskapasitet
  • Hydraulisk kapasitet
  • Lausmassane sine eigneskapar som reinsemedium
  • Risiko for ureining av lokale drikkevasskjelder
  • Avstand til drikkevasskjelder, overflatevatn, leidningstrasèar og grunnvatn/fjell/tette lag.

Dokumentasjon av infiltrasjonsanlegg skal lagast av nøytral sakkunnig med hydrogeologisk/jordfaglig kompetanse. Med nøytral fagkyndig meinast ein person eller firma som kan vise til relevant utdannelse, anerkjende kurs og praksis for å kunne dimensjonere og utforme slike anlegg.

Det er ikkje tillatt å lede overskuddsveske frå toalett eller kjeldeseparert urin til gråvassreinseløysingar.

Tett tank for oppsamling av svartvatn kan tillatast i spesielle tilfeller, men då bare i kombinasjon med godkjent reinseløysing for gråvatn. Tett tank tillates ikkje for oppsamling av både gråvatn og svartvatn. Tett tank for oppsamling av svartvatn og gråvatn kan unntaksvis tillatast som mellombels løysing til dømes for anleggsbrakker og liknande mellombelse einingar.

Tett tank skal ha dokumentasjon på at den tilfredsstiller NS 1545.

Følgjande vilkår må oppfyllast for bruk av tett tank:

  • Det skal nyttast lavtspylande toalett som bruker maksimalt 2 liter ved halv spyling og 4 liter ved full spyling, pr. nedspyling, eller vakuumtoalett
  • Tanken sitt volum skal vera minimum 6 m³, det kan tillatast mindre tank ved bruk av vakumtoalett.
  • Tanken skal dimensjonerast i samsvar med tal sengeplassar/tal personar knytt til anlegget og bruk av anlegget.
  • Tanken skal ha alarm som varslar høgt nivå i god tid før tanken er full.
  • Tanken skal monterast i samsvar med leverandøren sin installasjonsveiledning.
  • Tanken skal ha tvungen årleg tøming i samsvar med kommunal slamtømeordning.

VA/Miljøblad/Vannstandard vil som hovudregel verte sett på som anerkjend dimensjonering og utforming. Det er i nær framtid planlagt at nemninga VA/miljøblad skal utgå til fordel for Vannstandard, difor er denne nemninga tatt med.
VA/Miljøblad vert gjeve ut av NKF og NORVAR for fleire av dei vanlegaste anleggstypane.
Aktuelle VA/Miljøblad:

  • Nr. 48 Slamavskiljar.
  • Nr. 49 Våtmarksfilter.
  • Nr. 52 Minireinseanlegg.
  • Nr. 59 Lukka infiltrasjonsanlegg.
  • Nr. 60 Biologiske filter for gråvatn.

For grunnundersøking vert Norsk Vann rapport 178/2010 Grunnundersøkelser for infiltrasjon – mindre avløpsanlegg tilrådd. Rapporten gjev svært nyttig informasjon.

Det blir ikkje gjeve løyve til å nytte kjemikaliar som kan vere skadelege for miljøet/vasslevande organismar. Dersom det ikkje kan dokumenterast at risikoen for dette er neglisjerbar, må ein velje alternative etterpoleringsløysingar.

Kommunen vil vere restriktiv ved søknadar om nye, ukjende reinseløysingar. Ved vurdering
av slike vil det leggjast vekt på dokumentasjon som syner at reinseløysinga vil klare krava i
denne føresegna. Jamnleg vert nye anleggstypar introduserte på marknaden, der det ikkje eksisterer erfaringsgrunnlag som syner anlegget sin funksjon og yteevne over tid. For slike anlegg kan det vere nødvendig med meir oppfølging enn for kjende avløpsløysingar.

Infiltrasjonsanlegg kan lagast til der grunnundersøkingar syner at lausmassar på staden har tilstrekkeleg kapasitet til å kunne handsame og transportere avløpsvatn. Metoden forutset ein viss avstand frå avløpsanlegget og til grunnvatn, bekk og drikkevasskjelde. Naturlege infiltrasjonsanlegg skal ha dokumentasjon på at det er nytta anerkjend dimensjonering og utforming.

Plassering av slamavskiljarar og tette tankar: Avstand til køyrbar veg og lyftehøgd vert basert på erfaringstal som er innhenta frå fleire slamtømefirma.

Tett tank vil normalt kun vera aktuelt for hytter og mellombelse anleggsbrakker der påkopling til kommunalt avløpsnett eller andre avløpsløysingar ikkje er mogeleg. Dersom tett tank i heilt spesielle tilfelle blir godkjent som ei permanent løysing, skal denne kun nyttast for svartvatn. Løysinga skal brukast saman med godkjend reinseløysing for gråvatn. Kommunen kan vurdera å tillata tett tank der det på fagleg grunnlag er dokumentert at det ikkje finst andre forsvarlege løysingar. Krava til utredning er større der kvartærgeologisk kart indikerer at lausmassane kan ha grunnlag for infiltrasjon.

Gjeldande veiledning spriker mykje i mengde svartvatn pr. døgn pr. person, frå 30 til 75 liter ved bruk av vanleg toalett. Den lavaste vassmengden 30 liter, tilsvarer 10-15 toalettbesøk med lavtspylende toalett. 30 liter er ein stor mengde ved bruk av lavtspylande toalett, det vert difor ved søknad, bedd om at søkjar dimensjonerer ut frå faktisk bruk og størrelse på eininga.

§ 8. Krav til prosjektering og utføring av reinseanlegg

Foretak som planlegg, prosjekterar eller utfører avløpsanlegg som er omfatta av denne forskrifta, skal vere godkjend i aktuelle godkjenningsområder og -klassar i medhald av plan- og bygningslova. Dette gjeld både for søknad, prosjektering, utføring og kontroll.

Reinseanlegg skal dimensjonerast, byggast, drivast og vedlikehaldast slik at det har tilstrekkeleg yteevne under alle klimatiske tilhøve der som det ligg. Ved utforminga av anlegget skal det takast omsyn til variasjonar i mengde sanitært avløpsvatn i løpet av året.

For utslepp til innland/ferskvassresipientar set kommunen krav om at moglegheit for infiltrasjon av avløpsvatn skal vurderast før det tillatast andre avløpsløysningar.

Prosjektering og anleggsutføring skal utførast av foretak med nødvendig VA-teknisk kompetanse. Den som skal stå for utføringa skal kunne dokumentere ADK-1 kurs og kurs om mindre avløpsanlegg (frå Norsk Røyrsenter, NIBIO, UMB eller tilsvarande).

Før anlegget vert bygd, skal utsleppsløyve etter denne føresegna og byggeløyve etter plan- og bygningslova (Pbl) liggje føre. Det vil i dei fleste høve vere naturleg å søke løyve etter begge lovverka samstundes. Det er likevel ikkje noko i vegen for å søke utsleppsløyve fyrst, og byggeløyve på eit seinare tidspunkt. Prosjekterande og utførande føretak skal også godkjennast for ansvarsrett i samsvar med Pbl. Godkjenningsføresegna etter Pbl set krav til lengde på utdanning og praksis.

Infiltrasjonsanlegg bør nyttast der dette er mogeleg, då det er ei kjend løysning med særs god reinseevne. Anleggstypen krev generelt lite vedlikehald. Den som utfører grunnundersøkingar må ha tilstrekkeleg kunnskap innan fagområda geologi, hydrogeologi og vasskjemi, til å kunne vurdere sentrale parameter som infiltrasjonskapasitet, hydraulisk kapasitet og reinseevne.

Infiltrasjonsanlegg for reinsing av kun gråvatn bør òg vurderast før andre reinseløysingar for gråvatn vert valgt. Desse infiltrasjonsanlegga har mindre arealkrav enn for reinsing av totalavløp.

§ 9. Krav til drift og vedlikehald

Eigar av anlegget er ansvarleg for at det vert drive og vedlikehalde slik at alle krav vert følgde.

Ved bruk av løysningar for reinsing som inkluderar komponentar som krev periodisk ettersyn og vedlikehald, skal anleggseigar inngå service/vedlikehaldsavtale med godkjend foretak.

Godkjende foretak kan vere leverandørar/produsentar av reinseløysingar, eller anna kvalifisert foretak. Fram til det føreligg nasjonal godkjenningsordning for service/vedlikehaldsforetak, er leverandørar/ produsentar å reikne som kvalifisert foretak.

Dersom eit godkjent foretak er konkurs, eller skal/ må bringast til opphøyr av annan grunn, pliktar anleggseigar å inngå avtaler med eit anna godkjend foretak.

Service/vedlikehald for følgjande anleggstypar skal minimum utførast med følgjande tidsintervall:

  • Minireinseanlegg: 2 gongar pr. år.
  • Våtmarksfilter / filterbedanlegg: 2 gongar pr. år.
  • Prefabrikkerte gråvassanlegg: 1 gong pr. år.

Følgjande punkt skal vera regulert gjennom service/vedlikehaldsavtalen:

  • a) Servicebesøk: Tal besøk per år og oppgåver som skal utførast ved service, herunder kontroll av slammengde, tøming av slam, kontroll av vasskvalitet og alarm.
  • b) Beredskapsordning som sikrar anleggseigar assistanse dersom det oppstår funksjonssvikt på anlegget
  • c) Årleg rapportering av service og slamtøming til kommunen.
  • d) Levering av deler
  • e) Eventuelle andre forhold som også er av forurensningsmessig tyding for det aktuelle anlegget.

Kommunen kan stille krav om service / vedlikeholdsavtale òg for andre anlegg.

Service/vedlikehaldsforetak skal sende årsrapport for anlegg med service- og vedlikehaldsavtale til kommunen innan 1. februar påfølgjande år. Anleggseigar skal ha kopi av servicerapport ved utført service. På oppmoding frå kommunen pliktar også service- og vedlikehaldsforetak å legge fram kopi av servicerapport.

Årsrapporten skal innehalde:

  • Beskriving av anlegget sin tilstand.
  • Omtale av driftsforhold av forureiningsmessig tyding.
  • Resultat og tolking av eventuelle utførte analyser.

For avløpsanlegg med infiltrasjon i grunnen (infiltrasjonsanlegg og jordhauginfiltrasjonsanlegg) skal det gjennomførast ei tilstandsvurdering av anlegg 1 gong kvart 10. år, eller oftare ved behov.

Slamavskiljarar og tette tankar skal tømmast i samsvar med kommunal tømeordning, eller etter eigne spesifikke vilkår i utsleppsløyva.

Minireinseanlegg skal tømmast i samsvar med kommunal tømeordning, eller i samsvar med retningslinjer frå leverandøren. Rapportskjema for slamtøming skal fyllast ut og oppbevarast på ein eigna stad ved anlegget, til dømes i styringsskåpet.

Felles private avløpsanlegg: For alle felles private avløpsanlegg, felles utsleppsleidningar og ved utviding av eksisterande fellesanlegg, vil kommunen krevje at det blir inngått skriftleg avtale om anlegget mellom eigarane.

Den som utfører service må ha gjennomgått nødvendig grunnopplæring i tillegg til å ha fått praktisk opplæring i montering og service på det aktuelle anlegget.

§ 10. Særskilde utsleppsreglar for fritidsbustader

Minireinseanlegg for ein enkelt fritidsbustad, og med utslipp til innland/ferskvassresipientar tillatast ikkje.

Der fleire fritidsbustader lokalisert i same område ynskjer innlagt vatn, vert det anbefalt at desse går saman og greier ut moglegheita for ei felles avløpsløysing. For grupper av fritidsbustader (minimum 4-5 einingar) vil kommunen kunna godkjenna alternative reinseløysingar for svartvatn (f.eks minireinseanlegg) dersom det kan dokumenterast at forholda ligger til rette for det.

Ved sammenslåing av kommunane vart første utgåve (gjeldande frå 22.06.2011) av lokal forskrift for Odda kommune brukt som grunnlag. Denne forskrifta sette krav om kjeldeseparering og forbydde utslepp av svartvann frå hytter. Bakgrunnen for dette var at Odda kommune hadde gjennomført spørjeundersøkingarblant hytteeigarane på dei større hyttefelta (Reinsnos, Løyning og Korlevoll), som bekrefta at svært mange av hytteeigarane i kommunen hadde vassforsyning frå overflatevatn (bekkar, mindre vatn, oppkome). Kommunen ønska å sikra hyttene si vassforsyning ved å forby utslepp av svartvatn. Ved bruk av kjeldeseparerande avløpsløysingar gjorde man eit overordna tiltak for å redusera fare for lokal forureining og eventuelle forureiningskonfliktar mellom utslipp av avløpsvatn og brukarinteresser i hytteområder.

Med sammenslåing av flere kommuner med større variasjon i grunnforhold og lokalisering av fritidsbebyggelse, kan det vanskeleg forsvarast å ha ei så streng bestemmelse. Frå og med 2022 ønsker kommunen å leggja til rette for at løysingar knytt til avløp for fritidsbebyggelse i større grad skal kunna tilpassast lokale forhold. Det vert derfor opna opp for utslepp av alt avløpsvatn og lokale avløpsløyingar for dette.

Minireinseanlegg for ein/enkelt fritidsbustad, og med utslipp til innland/ferskvannsresipientar tillatast ikkje. Der fleire fritidsbustader lokalisert i samme område ønskjer innlagt vatn, vert det anbefalt at desse går saman og greier ut moglegheita for ei felles avløpsløysing. For grupper avfritidsbustader (minimum 4-5 einingar) vil kommunen kunna godkjenna alternative reinseløysingar for svartvatn (f.eks minirenseanlegg) dersom det kan dokumenterast at forholda ligger til rette for det.

§ 11. Krav til rammeplan

Ved regulering av areal til bustadbusetnad i områder som ikkje kan koplast til kommunalt leidningsnett, skal det utarbeidast rammeplan for vatn og avløp til fyrste gongs handsaming av reguleringsplan.

Ved regulering av areal til fritidsbusetnad, samt ved fortetting av eksisterande hyttefelt, skal det lagast rammeplan for vatn og avløp til fyrste gongs handsaming av reguleringsplan.

Rammeplanen skal sikre at eigna områder for vassforsyning og lokal avløpsreinsing ikkje vert nedbygd. Rammeplanen skal godkjennast av kommunen.

Krav om utarbeiding av rammeplan ved utarbeiding av reguleringsplan for bustad- og fritidsbusetnad der avløpet ikkje kan førast til offentleg leidningsnett. Krav til rammeplan skal følgje parallelt med Ullensvang kommune sine krav til utarbeiding av reguleringsplan og utarbeidast til første handsaming.

Arealavgrensing for eksisterande og framtidige hyttefelt går fram av Kommuneplanen sin arealdel.

Med rammeplan forstår ein følgjande: Ein plan som avklarar brukarinteresser, drikkevassforsyningar og ureiningssituasjonen i resipient eller delområde. Rammeplanen skal vere utarbeidd/ vurdert av firma med hydrogeologisk kompetanse. Rammeplanen skal gje retningslinjer for avlaupsløysingar, utsleppsverdiar og utsleppspunkt.
Kommunen har utarbeidd notat med overordna områdevurderingar av nokre eksisterande hyttefelt, som utgangspunkt for framtidige rammeplaner.

§ 12. Utsleppsstad

Utsleppsstad for avløpsvatn frå reinseanlegg skal lokaliserast i samsvar med følgjande alternativ:

a) utslepp til innsjø minst 2 m under lågaste vasstand.
b) utslepp til elv/bekk med årssikker vassføring.
c) utslepp til landbruksdrenering som leiast til elv/bekk med årssikker vassføring.
d) utslepp til grunnen i stadeigne lausmassar.
e) utslepp til grunnen i stadeigne lausmassar via ei anna reinseløysning.
f) utslepp til sjø minst 5 m under lågaste vasstand.

Utsleppstad for avløpsvatn frå reinseanlegg skal for øvrig lokaliserast og utformast slik at verknadane av utsleppet på resipienten og inngrep i naturen vert minst mogeleg, i tillegg til at konfliktar med andre brukarinteresser vert unngått. Krav utover minimumskrav kan settjast i enkeltsaker etter vurdering av lokale tilhøve.

Det kan gjevast dispensasjon i enkeltsaker til utslepp til sjø som er mellom 0,5 – 5 meter under lågaste vasstand. I slike høve må lokale forhold ved utsleppstaden vurderast, samt at det må settjast strengare krav til biologisk reinsing (BOF5).

Forskrifta nemner dei omsyna som i hovudsak skal ivaretakast når den ansvarlege skal lokalisere utsleppet, bestemme utsleppsdjupne- og anordning.

§ 13. Lukt

Avløpsanlegget skal dimensjonerast, byggjast, driftast og vedlikehaldast på ein slik måte at omgjevnadane ikkje vert utsette for sjenerande lukt.

Forskrifta angjer hovudomsyna som skal ivaretakast når den ansvarlege skal avgrense eventuelle vesentlege luktulemper.

§ 14. Tilsyn og kontroll

Kommunen er forureiningsmyndigheit og fører tilsyn med at bestemmingane og vedtak som er gjort i medhald av forurensningsforskriften kapittel 12 vert følgde. Forureiningsmyndigheita har rett til, og pliktar, å utføre tilsyn med avløpsanlegga. Kommunen sin kostnad for dette arbeidet vert dekt inn gjennom eit årleg tilsyns-/kontrollgebyr.

Alle reinseanlegg, bortsett frå anlegg med kun slamavskiljing som hovudreinsing og infiltrasjonsanlegg, skal ha godt tilrettelagd mogelegheit for prøvetaking på utløp. Det skal kunne analyserast på parameter det er stilt krav til i utsleppsløyve. Kommunen kan etter ei tid med drift, eller ved mistanke om forureining, be anleggseigar sende inn analysar som syner effekten av anlegget.

Alle prøvar skal analyserast av laboratorium som er akkreditert for dei aktuelle analysane. Analysemetodar som er nemnde i forurensningsforskriften kapittel 11, vedlegg 2, skal nyttast. Prøvetaking, oppbevaring og konservering av avløpsprøvar skal takast i samsvar med SFT sin rettleiar TA-514 ”Rettleiing for prøvetaking ved avløpsanlegg”.

Kommunen har sanksjonsmoglegheit dersom anlegget si yting ikkje er tilfredsstillande, samt om service- og vedlikehald er mangelfull, jf. forurensningsloven.

Det skal etablerast ein prøvetakingsstad der prøvar kan takast ut. Prøvane skal kunne takast av reinsa avløpsvatn før eventuell innblanding av drensvatn og tilsvarande. Prøvetakingsstaden skal vere enkelt tilgjengeleg for prøvetaking slik at ein kan ta ut prøvar uten å komme borti røyr/kumveggar.

Prøvetakinga skal vere representativ, dvs. i enkelte anlegg kan ein få representative prøvar med stikkprøvar, medan ved andre anleggstypar må det døgnblandprøvar til. Dette vert avgjort i kvart enkelt tilfelle.

§ 15. Iverksetjing

Forskrifta erstattar forskrift 18. 12. 2019 nr. 2268, Ullensvang kommune, Vestland. Forskrifta trer i kraft 01.07.2022.