Svangerskapsomsorg
Svangerskapsomsorgen i kommunen er eit tilbod til alle gravide og deira partnare.
Svangerskapskonsultasjonar
Du kan sjølv velgja om du vil gå til jordmor, fastlege eller ein kombinasjon av desse under svangerskapet. Me oppfordrar deg til å ta kontakt med jordmor eller fastlege så tidleg som mogleg. Nasjonale retningslinjer anbefaler fyrste svangerskapskontroll rundt svangerskapsveke 6-12. Me gjev deg raskt time innan ei veke etter at du har tatt kontakt.
Både fastlege og jordmor tilbyr henvisning til anbefalt ultralydundersøking mellom veke 18-20. Nasjonale retningsliner anbefaler vidare svangerskapskontroller rundt veke 24, 28, 32, 36, 38 og 40. Alle rutinemessige blodprøvar kan takast hjå fastlege/laboratoriet ved sjukehuset. Jordmor kan bidra med tilrettelegging av arbeidssituasjonen din under svangerskapet og kan søkje om svangerskapspenger ved behov.
Konsultasjonar inneheld:
- helseundersøkingar
- blodprøvetaking
- samtalar
- informasjon
- rettleiing
Dette inkluderar individuell informasjon om fødsel, amming og barseltid for gravid og partnar.
Konsultasjonstid fyrste gong du møter jordmor er ca 45-60 minutter, dei øvrige konsultasjoner er ca. 30 minutter. Svangerskapskontrollane er gratis.
Her finn du generell informasjon om svangerskapskontrollar frå Helsedirektoratet
Kontakt oss
Telefontid:
- Jordmortenesta:
- Ty – to | kl 09.30-10.30 og 12.00-13.00.
- Øyeblikkelig hjelp, jordmor: 53 65 12 71 – døgnope
For vanleg timebestilling
Du kan og ringa eller send ein e-post til jordmor du har oppfølging hos.
- Generell informasjon om graviditet frå Helsedirektoratet
- Helseoversikt app – Her kan du fylgja utviklinga veke for veke med råd tilpassa deg
Helseoversikt er ein norsk og gratis app som er utvika i tett samarbeid med helsepersonell og kommunal helseteneste. Her får du kvalitetssikra helseråd og nyttige verkty for mor og partnar med full oversikt gjennom heile svangerskapet, veke for veke. Du får relevant norske helseråd tilpassa deg og den svangerskapsveka du/de er i. Du slepp å søkja etter helseråd på internett og det er samla alt på ein stad.
Helseoversikt appen laster du ned i App store elle Google play store.
- «10 smarte tips til alle småbarnsforeldre» foreldrepakke app er henta frå Stine Sofie stiftelsen og gjev deg smarte tips og råd til alle vordande og nybakte foreldre. Her får du informasjon og gode verkty for å håndtera krevjande situasjoner som småbarnsforeldre.
App laster du ned i App store elle Google play store.
Helsenorge:
Helsedirektoratet anbefaler at spedbarn får morsmjølk som einaste næring dei seks fyrste månadene, så lenge mor og barn trives med det og barnet veks som det skal. Utover seks månader er det anbefalt å gje barnet morsmjølk saman med tilleggskost i heile fyrste leveår og gjerne lengre.
Helsesjukepleiar tilbyr heimebesøk mellom 7-10 dagar etter fødsel. Samtidig vil du få informasjon om det vidare tilbodet ved helsestasjonen.
Alle familiar som nyleg har fått barn vert oppringt og får oppfølging på helsestasjonen. Ta kontakt om du ikkje høyrer noko etter at du er komen heim – maks 7 – 10 dagar.
Helsenorge:
- Alt om svangerskapet fra Helsenorge
- Fosterdiagnostikk
- Snus og røyk i svangerskapet
- Alkohol i svangerskapet
- Informasjon om svangerskapsdiabetes
- Amming og mat
Folkehelseinstituttet:
- Influensavaksine under svangerskap
- Svangerskap og fødsel: Artikler og forskingsfunn om svangerskap, fødsel og spedbarnstid
Helsedirektoratet:
- Ultralyd i svangerskapet
- Gode levevaner før og i svangerskapet
- Graviditet, fødsel og barseltid, til deg som er ny i Norge
- Nasjonale faglige retningslinjer for svangerskapsomsorgen
- Ammebrosjyre
NAV:
Andre nettstader:
- Infeksjoner i svangerskapet
- «Spør Dina» om svangerskapsdiabetes
- Tryggmammamedisin.no
- Sex og samfunn (prevensjon og seksuell helse)
- Ammehjelpen.no
- Amming: Hvordan få til riktig sugetak til spebarn
- Brystspreng: Cottermans håndgrep
- Global healths ammevideoer (engelsk)
- Digitale ammebrosjyrer på ulike språk