Baby som ligg på magen og ser på kamera

Helsestasjon 0-5 år

Me tilbyr helsestasjonstenester til born 0-5 år på fleire stader. Kommunen har fem helsestasjoner for born 0-5 år, fordelt på Jondal, Kinsarvik, Odda, Røldal og Utne.

Me er ei gratis teneste, med fokus på helsefremjing, førebygging og tidleg intervensjon.

Målet med helsestasjonstenesta er å

  • fremja psykisk og fysisk helse
  • fremja gode sosiale og miljømessige forhald
  • førebyggja sjukdomar og skader

 

På helsestasjonen vil du møta helsesjukepleiarar, jordmødre, legar, psykisk helsearbeider sosionom, psykolog og sekretær. Me samarbeider med barnehagetilsette, fysioterapeutar, familiterapeuter, barnevern, spesialisthelsetenesta for barn og unges psykiske helse (BUP), koordinerande eining og pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) m.fl.

Helsestasjonen har ikkje som oppgåve å behandla sjuke born. Ved funn som gjev mistanke om sjukdom hjå barnet, blir bornet vanlegvis henvist vidare til fastlege for nærare undersøking og behandling. Ved akutt sjukdom hjå barnet, må de sjølve ta kontakt med barnet sin fastlege eller til lækjarvakta.

 

Helsestasjonen har eige Facebook-side, du finn oss som: Ullensvang helsestasjon.

 

Helsestasjonane våre

Me tilbyr helsestasjonstenester til born 0-5 år på fleire stader. Kommunen har fem helsestasjoner for born 0-5 år, fordelt på Jondal, Kinsarvik, Odda, Røldal og Utne.

HelsestasjonBesøksadresse:HelsesjukepleiarTelefonE-post
Helsestasjonavd. JondalBesøksadresse:Jondal legekontor, Vikevollen, 5627 JondalHelsesjukepleiarArnhild NæsheimTelefon975 58 673E-postarnhild.naesheim@ullensvang.kommune.no
Helsestasjonavd. OddaBesøksadresse:Smelteverket 61, 5750 OddaHelsesjukepleiarMerethe JordalTelefon975 58 656E-postmerethe.jordal@ullensvang.kommune.no
Helsestasjonavd. OddaBesøksadresse:Smelteverket 61, 5750 OddaHelsesjukepleiarTorbjørg Krogh LarsenTelefon911 40 736E-posttorbjorg.krogh.larsen@ullensvang.kommune.no
Helsestasjonavd. OddaBesøksadresse:Smelteverket 61, 5750 OddaHelsesjukepleiarArnhild NæsheimTelefon975 58 673 E-postarnhild.naesheim@ullensvang.kommune.no
Helsestasjonavd. KinsarvikBesøksadresse:Sandvikevegen 11, 5780 KinsarvikHelsesjukepleiarSilje BrattespeTelefon901 83 343E-postsilje.brattespe@ullensvang.kommune.no
Helsestasjonavd. RøldalBesøksadresse:Seimsvegen 1, 5760 RøldalHelsesjukepleiarMerethe JordalTelefon975 58 656E-postmerethe.jordal@ullensvang.kommune.no
Helsestasjonavd. UtneBesøksadresse:Utne legekontor, 5778 UtneHelsesjukepleiarTherese Raaen JaastadTelefon947 86 110E-posttherese.jaastad@ullensvang.kommune.no

 

Oversikt over faste helseundersøkelser 0-5 år inkludert vaksinering

  • Heimebesøk av jordmor 2-3 dagar etter heimkomst
  • Heimebesøk av helsesjukepleiar 7-10 dager etter fødsel (inkludert vekt og hodeomkrets)
  • 4 veker konsultasjon med helsesjukepleiar
  • 6 veker individuell kosultasjon med helsesjukepleiar og lege, inkludert vaksine
  • 2 månader konsultasjon med helsesjukepleiar.
  • 3 månader individuell konsultasjon hjå helsesjukepleiar, inkludert vaksine
  • 4 månader konsultasjon med helsesjukepleiar
  • 5 månader konsultasjon med helsesjukepleiar, inkludert vaksine
  • 6 månader konsultasjon med helsesjukepleiar og lege
  • 8 månader konsultasjon med helsesjukepleiar
  • 10 månader konsultasjon med helsesjukepleiar
  • 12 månader konsultasjon med helsesjukepleiar og lege, inkludert vaksine
  • 15 månader konsultasjon med helsesjukepleiar, inkludert vaksine
  • 18 månader konsultasjon med helsesjukepleiar
  • 2 år konsultasjon med helsesjukepleiar og lege
  • 4 år konsultasjon med helsesjukepleiar og lege

Helsestasjonen sender timeinnkalling via sms eller gjer avtale per telefon.

 

Edinburgh metoden (EPDS): Alle får samtale og oppfølging kring følelsar under svangerskap og barseltid av jordmor og helsesjukepleiar, sjå brosjyren “Når følelsene svinger i svangerskap og barseltid – Edinburgh-metoden”.

New born behavior observation (NBO) er ein fleksibel observasjons- og relasjonsbygjande metode som helsesjukepleiarne bruker i møte med foreldre og spedbarn mellom 0-3 månader. Målet er å gje foreldre auka meistringskjensle og tryggheit på at dei kan lesa og tolka signala til sitt eige barn. Du kan lese meir om dette på: R-Bup sine nettsider.

Ages and Stages Questionnaire(ASQ) er eit kartleggingsverktøy som måler bornet sin utvikling innan områda : kommunikasjon, grovmotorikk, finmotorikk, problemløysing og personleg/sosialt område. Helsesjukepleiarane nyttar spørjeskjema som er tilpassa born frå 4 månadar til 5 år. Resultata av spørjeskjemaene vert nytta til ein strukturert samtale om barnet sin utvikling og vidare drøfta kan tiltaka bidra til å støtta og fremja bornet sin vidare utvikling. Les meir om tema på R-Bup sine nettsider.

 

Meir informasjon:

 

Heimebesøk

Me får melding frå sjukehusa når de har fått barn. Innan 2-3 virkedagar vil jordmor og helsesjukepleiar ta kontakt for avtale om heimebesøk. Høyrer du ikkje noko så vær gild å ta kontakt med den helsestasjonen du tilhøyrer. Vidare timeavtalar får du på konsultasjonen frå gong til gong. Har bornet eller familien behov for ekstra oppfylging, vert dette avtalt individuelt.

 

Open helsestasjon

Ullensvang helsestasjon avd. Odda har tilbod om open helsestasjon ein tysdag i månaden (faste dagar) der ein tar for seg ulike tema. Oppsette dagar med tema heng på venterommet ved helsestasjonen i Odda. Open helsestasjon vert gjennomført av ulike fagpersoner.

Grunna korona er tilbodet sett på vent.

 

Hugs

  • Meld frå i god tid dersom de ikkje kan møte til avtalt time
  • Spørsmål om sjukdom må rettast til fastlege eller legevakt
  • Ikkje møt på helsestasjonen dersom foreldre eller barn er sjuke, dette for å unngå smitte til dei nyfødte.

Ullensvang helsestasjon

Opheimsgata 31

5750 Odda

975 58 436

Torbjørg Krogh Larsen

Verksemdsleiar

torbjorg.krogh.larsen@ullensvang.kommune.no

911 40 736