
Søkja, svara eller endra barnehageplass
Her finn du svar på korleis du skal søkja, svara eller endra på barnehageplass.
Slik søkjer du
For å søkje barnehageplass må du bruka vår digitale foresattportal. Du loggar på med BankID og du må ha foreldreansvar for barnet/barna du søkjer for.
Du har tre val når du skal søkje barnehageplass:
- ny barnehageplass
- endra opphaldstid i eigen barnehage
- overføra plassen til annan barnehage
For meir informasjon om opptak sjå vedtekter for banehagar §§ 6-9.
Rettleiing
Du kan få hjelp til korleis du kan bruka den digitale foresattportalen i denne Introduksjonsvideoen. Du kan og ta kontakt med styrar i den aktuelle barnehagen ved spørsmål. Kontaktinformasjon finn du på kvar enkelt barnehage si nettside.
Svara på tilbod
Når du får tilbod om plass, får du ein e-post med beskjed om å logga deg på foresattportalen og svara på tilbodet. Du må svara på tilbodet innan fristen.
- Har du søkt før 1. mars vil du få svar i løpet av mars.
- Har du søkt før 1. september vil du få svar i løpet av september.
- Søker du fortløpande opptak får du svar fortløpande.
Du får tre val når du skal svara på tilbod om barnehageplass:
- Takk ja: Då vil du ikkje lenger stå på venteliste, og du får plassen du har blitt tilbudt.
- Takk ja, men behalde ventelisteplassen: Det kan du gjera om du fortsatt vil stå på venteliste til ein høgare prioritert plass enn den du har fått.
- Takk nei: Då blir du ståande på venteliste til plassen som er høgare prioritert enn den du har fått.
Opptak
Ullensvang kommune er eitt – 1 – opptaksområde. Kommune har to hovudopptak og supplerande opptak mellom desse.
Hovudopptaka har søknadsfrist 1. mars og 1. september.
Meir informasjon om opptak og kriterium for opptak finn du i våre vedtekter.
Opptaksperiode
Barnehageåret starter/slutter medio august.
Eit barn har fast plass i barnehagen til barnet byrjar på skulen.