Oppvekstplan-10

Søk om redusert foreldrebetaling i SFO for elevar 1. – 4. trinn

Frå 1. august 2020 vart det innført lov om rett til redusert foreldrebetaling for elevar i 1. og 2. trinn, og frå 1. august 2021 vart denne ordningen utvida til også å gjelde 3. og 4. trinn.

I forskrift til Opplæringslova:

§ 2-4 Redusert foreldrebetaling for skolefritidsordninga på grunn av låg inntekt

Kommunen skal etter søknad redusere foreldrebetalinga for skolefritidsordninga på 1. til 4. trinn slik at ho per elev utgjer maksimalt seks prosent av inntektene til hushaldet, dersom eitt av desse vilkåra er oppfylt:
a. Foreldrebetalinga per elev for eitt skoleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet det siste året.
b. Ein varig nedgang i inntektene til hushaldet inneverande år gjer at foreldrebetalinga per elev for eitt skoleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet.

Med hushald meiner ein i dette kapittelet einslege foreldre, ektefellar, registrerte partnarar og sambuarar. Som sambuarar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadene eller har felles barn. Dersom søkjaren har sambuar utan felles barn, må søkjaren opplyse kommunen om dette.

Dersom foreldra til barnet bur kvar for seg og barnet bur fast hos begge foreldra, er det inntekta til hushaldet til den forelderen som har same folkeregistrerte adresse som barnet, som skal leggjast til grunn.

Kommunen kan krevje betaling for kost.» (Lovdata)

 

Informasjon før du søkjer

  • Før du kan søkja om redusert betaling, må barnet ditt ha fått innvilga plass i SFO. Det er derfor viktig å melda på barnet tidleg, slik at barnet er registrert.
  • Du må betala full pris for SFO-plassen(e) fram til søknaden er godkjent. Dersom du får innvilga redusert betaling, vil den gjelde frå månaden etter at søknaden vart innvilga. For å kunna få innvilga redusert betaling frå 1. august må du ha søkt seinast 31. juli, og du må ha sendt inn all nødvendig dokumentasjon. Viss du ikkje har sendt inn dokumentasjonen i tide blir søknaden avslått, og du må søkja på nytt.
  • Vert søknaden din godkjent, gjeld vedtaket ut skuleåret. Du må søka på nytt igjen før nytt skuleår byrjar. Dersom inntekta i hushaldet vert endra i vesentleg grad gjennom året, må du gje beskjed. Du må då senda inn oppdatert dokumentasjon på den nye inntekta

 

Definisjon på hushald

Eit hushald er ektefellar, registrerte partnarar eller sambuarar. Sambuarar er to ugifte personar over 18 år, som har felles barn eller har budd saman i eit ekteskapslignende forhold, i minst 12 av dei siste 18 månadene. Bur barnet fast hos begge foreldra, skal betalinga bli rekna ut frå inntekta til den som har same folkeregistrerte adresse som barnet.

 

Slik søkjer du

Logg inn i føresettportalen for skule; Visma Flyt Skole

Vel aktuell elev og klikk på Søknader, finn Søknad om redusert foreldrebetaling.

 

Artikler