Mannleg snikker som skrur på konstruksjon til altan

Platting, terrasse, veranda eller balkong

Kva er forskjellen?

Platting og terrasse er konstruksjonar for uteareal over bakkenivå, ofte med trapp til terrenget. Veranda er ein open bygningsdel, understøtta og eventuelt med tak. Balkong er ein utstikkande og open bygningsdel med rekkverk, utan understøtte.

Du treng ikkje søkja

  • Dersom tiltaket er i samsvar med gjeldande reguleringsplan.
  • Dersom plattingen/terrassen er lågare enn 0,5 meter over ferdig planert terreng. Slike konstruksjonar er ikkje omfatta av avstandskravet, og kan plasserast nærare nabogrensa enn 4 meter.
  • Dersom verandaen er inntil 15 kvadratmeter bebygd areal eller bruksareal. Verandaen må vera understøtta, kan ikkje overstige to etasjar og må plasserast minst 4 meter frå nabogrensa.
  • Dersom tiltaket vert bygd med tilstrekkeleg avstand frå offentleg regulert veg

 

Du kan søkja sjølv

  • Dersom terrassen/plattingen er under 50 kvadratmeter
  • Dersom verandaen er mellom 15-50 kvadratmeter og vert bygd på einebustad, tomannsbustad eller mindre rekkjehus

Meir informasjon om korleis du søkjer finn du her.

 

Fagfolk må søkja for deg

  • Dersom plattingen eller terrassen er over 50 kvadratmeter
  • Dersom du skal byggja eller riva ein takterrasse
  • Dersom du skal byggja eller riva ein balkong