MiljøstasjonanePrisar og leveringsvilkårSortering av avfall

Miljøstasjonane

framsida til renovasjonstenesta finn du tømmekalender, samt kart med returpunkt i kommunen.

Opningstider miljøstasjonane

MiljøstasjonAdresseOpningstid
MiljøstasjonLindenes miljøstasjonAdresseTyssedalsvegen 331, OddaOpningstidMåndag: kl. 15.30 – 20.00
MiljøstasjonLindenes miljøstasjonAdresseTyssedalsvegen 331, OddaOpningstidTorsdag: kl. 15.30 – 20.00
MiljøstasjonLindenes miljøstasjonAdresseTyssedalsvegen 331, OddaOpningstid1. og 3. laurdag i kvar månad: kl. 12.00 – 15.00
MiljøstasjonJondal miljøstasjonAdressePineskår, JondalOpningstidkl. 12_00 – 18_00
MiljøstasjonJondal miljøstasjonAdressePineskår, JondalOpningstid4. laurdag kvar månad kl. 12:00 – 15:00
MiljøstasjonKinsarvik miljøstasjonAdresseHusemoen, KinsarvikOpningstidkl. 12:00 – 18_00
MiljøstasjonRøldal miljøstasjonAdresseRunnane 24, RøldalOpningstid2. laurdag kvar månad: kl. 12:00 – 15:00
MiljøstasjonUtne miljøstasjonAdresseØyjordet, UtneOpningstidMåndag: kl. 12:00 – 18:00

Betaling for volum ikkje vekt

Det er betaling for volum, ikkje vekt, ved miljøstasjonane. Der er ikkje tillete å levere avfall i farga avfallssekkar. Kvar farga sekk vil koste kr 40,- i gebyr. Dette gjer me for å få meir kontroll på innhaldet i sekkene.

Priser, avgifter og gebyr for renovasjonstenesta finn du i Framsikt > Renovasjon

Frå og med 1. januar 2021 tek vi ikkje imot avfall i farga sekk på miljøstasjonane. Du kan heller ikkje bruke gratissekkane til plastemballasje som bossekk.

Vi vil gjerne sjå kva du kastar på stasjonane våre. Frå og med 1. januar 2021 vil det ikkje lenger vera mogeleg å levere farga sekker. Om du lyt bruke sekk når du leverer avfall, så lyt sekken vera gjennomsiktig ved levering på miljøstasjonen. Vi gjer merksam på at regelen med gjennomsiktig sekk gjelder alle typar avfall, også kjeldesortert avfall og hageavfall.

 

Ikkje bruk sekker meint til plastemballasje
Ullensvang kommune sine gratissekker til plastemballasje vert ofte brukt feil som bossekk. Frå 1. januar 2021 tek vi kun imot slike sekker dersom dei er fylt med plastemballasje.

 

Lever gjerne avfall laust
Det er ulike måtar folk vel å levera skrot til miljøstasjonane på. Mange legg ting dei skal kaste laust i ein tilhengar, eller i ein open kasse eller liknande. Dette er eit greit alternativ til sekk. Vel du derimot å samla saman avfall i ein sekk, for eksempel restavfall som isopor, vednett, mindre plastgjenstandar og liknande, så lyt sekken vera gjennomsiktig frå 1. januar. Det er heller ikke godkjent å transportera avfall i svart sekk, sjølv om du heller ut innhaldet.

 

Slik får du fatt i sekker
Gjennomsiktige avfallssekker får du kjøpt på mange daglegvarebutikkar og dei fleste byggevarehus. I butikker finn du sekker i ulik kvalitet til ulik pris. På alle Ullensvang kommune sine miljøstasjonar sel vi rullar med ti gjennomsiktige sekker for femti kroner, eller ein sekk for fem kroner. Tenk gjenbruk! Eit tips er å tøma innhaldet ut av sekkene, og bruk dei opp att ved neste avfallslevering.

 

Gjennomsiktige sekker for miljøet
Når avfall vert levert i svarte- og farga sekker veit vi at farleg avfall og elektronikk dessverre ofte kastast feil som restavfall. Siden slikt avfall inneholder miljøgifter og gir auka brannrisiko, lyt det spesialbehandlast. Farga sekker inneheld også anna avfall som burde vore sortert i ulike containerar. Gjennomsiktige sekker aukar materialattvinninga og sikrar ein meir miljøvenleg bruk av avfallsressursane.

Matavfall er avfall som vert brote ned organisk.

Slik gjer du det

  1. Bruk sansane – lukt og smak på maten før du kastar den. Dersom ei matvare har gått ut på dato med «best før»-stempel, inneber det ikkje nødvendigvis at den er dårleg.
  2. Sorter, og hugs emballasje for seg.

Ja takk

  • Matavfall som fisk, kjøt, frukt, eggeskal, brød og liknande
  • Kaffigrut
  • Teposar
  • Tørkepapir, serviettar, matpapir
  • Fett og matolje

Nei takk

  • Mat med emballasje
  • Komposterbare plastposar, -eingongsemballasje, -servise
  • Hundepose
  • Kattesand
  • Store kjøttbein
  • Snitta blomar, potteplanter, krydderplanter, kvistar, lauv, jord
  • Snus og sigarettstumpar
  • Bomull
  • Tyggjegummi
  • Tepose av nylon
  • Bleier

Slik gjer du det

  1. Hugs at emballasjen må vere rein og tom. Skyl den i kaldt vatn, bruk gjerne sleikepott eller oppvaskbørste for å gjere den rein.
  2. Vert plastemballasjen ikkje rein i kaldt vatn, kastar du det i restavfallet.

NB! Ikkje bruk bioposar – dei skal berre brukast til matavfall!

Ja takk

  • Plastposar
  • Plastbeger, -boksar og -brett frå matvarer, t.d. skinkepålegg, kylling, kjøttdeig o.l
  • Plastflasker og -kanner for sjampo, dressing, vaskemiddel o.l.
  • Blomsterpotter og -brett i plast
  • Plastemballasje for elektriske og elektroniske produkt.

Nei takk

  • Plast som ikkje er emballasje
  • Tilgrisa plastemballasje
  • Plastemballasje med papir eller aluminiumsbelegg
  • Plastemballasje som har innehalde farleg avfall, skal leverast på gjenvinningsstasjonen
  • Store gjenstandar
  • Stroppeband og vedsekkar
  • Isopor

Papir bør brettast saman slik at det tar minst mogleg plass i behaldaren.

Slik gjer du det

  1. Større mengder av papir leverer ein på miljøstasjonen
  2. Fjern eventuelle matrestar, metallspiralar eller harde permar frå papiret
  3. Ta gjerne av vindauge i plast på konvoluttar
  4. Sorter

Ja takk

  • Aviser og reklame
  • Vekeblad og magasin
  • Drikkekartongar og andre kartongar til saus, pudding o.l.
  • Konvoluttar (riv helst av plastvindauge)
  • Emballasjekartong til pizza, frukostblanding, fiskepinnar o.l
  • Pappøskjer og bølgjepapp
  • Skrivepapir
  • Bøker, kun paperback

Nei takk

  • Pappkrus – og tallerkenar
  • Våt papp
  • Eggekartong
  • Gåvepapir og glansa julepapir
  • Serviettar og tørkepapir
  • Innbundne bøker (med hard perm)
  • Kvitteringar
  • Suppe- og krydderposar i papir med aluminiumsfilm på innsida

Slik gjer du det
Restavfall er det som vert att når du har sortert ut alt som kan gjenvinnast til nye ting. Restavfall består ofte av materiale som er vanskeleg å skilje frå kvarandre. Restavfall skal kastast i pose i behaldar for restavfall.

Store gjenstandar skal leverast på ein av miljøstasjonane våre.

Ja takk

  • Tilgrisa emballasje
  • Vaksenbleier og sanitetsbind
  • Bomull, plaster og gasbind
  • Barnebleier
  • Tilgrisa klede, sko og tekstilar. Øydelagde, men reine klede kan leverast på gjenvinningsstasjonen og i returboksar for dette.
  • Hundeposar og kattesand
  • Oske som er heilt avkjølt og godt innpakka
  • Støvsugarposar
  • Penslar, tusjar og pennar
  • CD-plater og VHS-kasettar
  • Bøker med stiv perm (innmat kan rivast ut og kastast i papir)

Nei takk

  • Ting som går på straum/batteri eller leier straum, skal leverast i EE-avfall på gjenvinningsstasjonen slik at miljøgifter vert tekne forsvarleg hand om
  • Farleg avfall skal leverast på gjenvinningsstasjonen
  • Matrestar skal kastast i matavfall
  • Papiravfall skal kastast i papir så lenge det ikkje er tilgrisa.
  • Plastemballasje skal kastast i plast så lenge det er reint
  • Glas- og metallemballasje skal kastast i glas- og metalldunk

Glas-og metallemballasje

  • Tips til gjenbruk av glasemballasje:
  • Bruk glas til oppbevaring av matrestar, krydder, heimelaga syltetøy og sausar.
  • Bruk glas til å fryse ned mat og matrestar
  • Bruk glas til praktisk oppbevaring; samla gamle batteri og ekstra-knappar som følgjer med klede
  • Lag lyslykt

Emballasje som har innehalde farlege stoff, skal ikkje sorterast som metallemballasje. Desse skal leverast på næraste miljøstasjon.

Slik gjer du det

  1. Vask emballasjen
  2. Rist den drypptørr
  3. Sorter

Ja takk

  • Syltetøyglas og glasflasker
  • Hermetikkboksar
  • Aluminiumsformer og -folie
  • Metallkorkar/-lok
  • Påleggstubar av metall
  • Brus- og ølboksar utan pant

Nei takk

  • Porselen, keramikk og krystall
  • Drikkeglas og tallerkenar
  • Eldfaste former
  • Speglar og glasruter
  • Metallgjenstandar som ikkje er emballasje; som gryter, panner, jernrøyr ol.
  • Lyspærer

Elektrisk avfall er alle produkt som brukar eller leiar straum.

Du kan levera elektrisk avfall gratis til alle butikkar som sel den type produkt du skal levera inn (elektroforhandlar, daglegvare, leikebutikk, lampebutikk, bokhandel eller liknande) eller til næraste miljøstasjon.

Du kan levera lyspærer og -røyr gratis til alle butikkar som sel den type produkt du skal levera inn (daglegvare, elektroforhandlar, lampebutikk eller liknande) eller til næraste miljøstasjon.

Alle batteri kan leverast gratis til butikkar som sel same type batteri, uavhengig av merke.

Batteri kan også leverast til miljøstasjonane.

Miljøstasjonane i kommunen tek imot tekstil, klede, sko, belte, skjerf, smykker og anna som høyrer med til slikt  til gjenbruk – me leverer til Fretex. Du kan også levera det til næraste Fretex innsamlingsboks.

Me har inga løysing for attvinning av øydelagde sko, klede eller anna som høyrer saman med dette. Av den grunn ynskjer me at det du leverer, er heilt og fint slik at det kan gjenbrukast.

  1. Våte tekstilar kan ikkje nyttast til gjenbruk eller gjenvinning.
  2. Det er veldig fint om det du leverer er vaska.
  3. Legg klede, tekstilar og tilbehøyr i vanlege posar og knyt godt att.
  4. Når du leverer sko, set me pris på at par vert levert i same pose. Dersom dei har skolisser, så knytdei gjerne saman.

Les meir om gjennvinning av tekstilar, klede og sko – fretex.no

Kontakt oss

Ullensvang renovasjon

Opheimsgata 31

5750 Odda

renovasjon@ullensvang.kommune.no

482 78 733

u-ren.no

Ullensvang kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

ullensvang.kommune.no