Slik sorterer du
Matavfall er avfall som vert brote ned organisk.
Slik gjer du det
- Bruk sansane – lukt og smak på maten før du kastar den. Dersom ei matvare har gått ut på dato med «best før»-stempel, inneber det ikkje nødvendigvis at den er dårleg.
- Sorter, og hugs emballasje for seg.
Ja takk
- Matavfall som fisk, kjøt, frukt, eggeskal, brød og liknande
- Kaffigrut
- Teposar
- Tørkepapir, serviettar, matpapir
- Fett og matolje
Nei takk
- Mat med emballasje
- Komposterbare plastposar, -eingongsemballasje, -servise
- Hundepose
- Kattesand
- Store kjøttbein
- Snitta blomar, potteplanter, krydderplanter, kvistar, lauv, jord
- Snus og sigarettstumpar
- Bomull
- Tyggjegummi
- Tepose av nylon
- Bleier
Slik gjer du det
- Hugs at emballasjen må vere rein og tom. Skyl den i kaldt vatn, bruk gjerne sleikepott eller oppvaskbørste for å gjere den rein.
- Vert plastemballasjen ikkje rein i kaldt vatn, kastar du det i restavfallet.
NB! Ikkje bruk bioposar – dei skal berre brukast til matavfall!
Ja takk
- Plastposar
- Plastbeger, -boksar og -brett frå matvarer, t.d. skinkepålegg, kylling, kjøttdeig o.l
- Plastflasker og -kanner for sjampo, dressing, vaskemiddel o.l.
- Blomsterpotter og -brett i plast
- Plastemballasje for elektriske og elektroniske produkt.
Nei takk
- Plast som ikkje er emballasje
- Tilgrisa plastemballasje
- Plastemballasje med papir eller aluminiumsbelegg
- Plastemballasje som har innehalde farleg avfall, skal leverast på gjenvinningsstasjonen
- Store gjenstandar
- Stroppeband og vedsekkar
- Isopor
Papir bør brettast saman slik at det tar minst mogleg plass i behaldaren.
Slik gjer du det
- Større mengder av papir leverer ein på miljøstasjonen
- Fjern eventuelle matrestar, metallspiralar eller harde permar frå papiret
- Ta gjerne av vindauge i plast på konvoluttar
- Sorter
Ja takk
- Aviser og reklame
- Vekeblad og magasin
- Drikkekartongar og andre kartongar til saus, pudding o.l.
- Konvoluttar (riv helst av plastvindauge)
- Emballasjekartong til pizza, frukostblanding, fiskepinnar o.l
- Pappøskjer og bølgjepapp
- Skrivepapir
- Bøker, kun paperback
Nei takk
- Pappkrus – og tallerkenar
- Våt papp
- Eggekartong
- Gåvepapir og glansa julepapir
- Serviettar og tørkepapir
- Innbundne bøker (med hard perm)
- Kvitteringar
- Suppe- og krydderposar i papir med aluminiumsfilm på innsida
Slik gjer du det
Restavfall er det som vert att når du har sortert ut alt som kan gjenvinnast til nye ting. Restavfall består ofte av materiale som er vanskeleg å skilje frå kvarandre. Restavfall skal kastast i pose i behaldar for restavfall.
Store gjenstandar skal leverast på ein av miljøstasjonane våre.
Ja takk
- Tilgrisa emballasje
- Vaksenbleier og sanitetsbind
- Bomull, plaster og gasbind
- Barnebleier
- Tilgrisa klede, sko og tekstilar. Øydelagde, men reine klede kan leverast på gjenvinningsstasjonen og i returboksar for dette.
- Hundeposar og kattesand
- Oske som er heilt avkjølt og godt innpakka
- Støvsugarposar
- Penslar, tusjar og pennar
- CD-plater og VHS-kasettar
- Bøker med stiv perm (innmat kan rivast ut og kastast i papir)
Nei takk
- Ting som går på straum/batteri eller leier straum, skal leverast i EE-avfall på gjenvinningsstasjonen slik at miljøgifter vert tekne forsvarleg hand om
- Farleg avfall skal leverast på gjenvinningsstasjonen
- Matrestar skal kastast i matavfall
- Papiravfall skal kastast i papir så lenge det ikkje er tilgrisa.
- Plastemballasje skal kastast i plast så lenge det er reint
- Glas- og metallemballasje skal kastast i glas- og metalldunk
Glas-og metallemballasje
- Tips til gjenbruk av glasemballasje:
- Bruk glas til oppbevaring av matrestar, krydder, heimelaga syltetøy og sausar.
- Bruk glas til å fryse ned mat og matrestar
- Bruk glas til praktisk oppbevaring; samla gamle batteri og ekstra-knappar som følgjer med klede
- Lag lyslykt
Emballasje som har innehalde farlege stoff, skal ikkje sorterast som metallemballasje. Desse skal leverast på næraste miljøstasjon.
Slik gjer du det
- Vask emballasjen
- Rist den drypptørr
- Sorter
Ja takk
- Syltetøyglas og glasflasker
- Hermetikkboksar
- Aluminiumsformer og -folie
- Metallkorkar/-lok
- Påleggstubar av metall
- Brus- og ølboksar utan pant
Nei takk
- Porselen, keramikk og krystall
- Drikkeglas og tallerkenar
- Eldfaste former
- Speglar og glasruter
- Metallgjenstandar som ikkje er emballasje; som gryter, panner, jernrøyr ol.
- Lyspærer
Elektrisk avfall er alle produkt som brukar eller leiar straum.
Du kan levera elektrisk avfall gratis til alle butikkar som sel den type produkt du skal levera inn (elektroforhandlar, daglegvare, leikebutikk, lampebutikk, bokhandel eller liknande) eller til næraste miljøstasjon.
Du kan levera lyspærer og -røyr gratis til alle butikkar som sel den type produkt du skal levera inn (daglegvare, elektroforhandlar, lampebutikk eller liknande) eller til næraste miljøstasjon.
Alle batteri kan leverast gratis til butikkar som sel same type batteri, uavhengig av merke.
Batteri kan også leverast til miljøstasjonane.
Miljøstasjonane i kommunen tek imot tekstil, klede, sko, belte, skjerf, smykker og anna som høyrer med til slikt til gjenbruk – me leverer til Fretex. Du kan også levera det til næraste Fretex innsamlingsboks.
Me har inga løysing for attvinning av øydelagde sko, klede eller anna som høyrer saman med dette. Av den grunn ynskjer me at det du leverer, er heilt og fint slik at det kan gjenbrukast.
- Våte tekstilar kan ikkje nyttast til gjenbruk eller gjenvinning.
- Det er veldig fint om det du leverer er vaska.
- Legg klede, tekstilar og tilbehøyr i vanlege posar og knyt godt att.
- Når du leverer sko, set me pris på at par vert levert i same pose. Dersom dei har skolisser, så knytdei gjerne saman.
Les meir om gjennvinning av tekstilar, klede og sko – fretex.no