Mann som holder eit tak over eit spørsmålsteikn

Må du søkja?

Når du skal byggja, riva eller gjera endringar på eigedomen din må du følgja reglane i plan og bygningslova. Kapittel 20 i plan- og bygningslova fortel kva tiltak lova gjeld for. Dei fleste tiltaka krev søknad, men nokre få tiltak kan du byggja utan å søkja.

Direktoratet for byggkvalitet (www.dibk.no) har laga gode hjelpemiddel for å finna ut kva tiltak du kan byggja utan å søkja.

Tiltak som ikkje krev søknad (pbl. § 20-5)

Byggesaksforskrifta §4-1 med rettleiing listar opp tiltak du ikkje må søkja om. 

Fritak frå søknadsplikta gjeld berre viss tiltaket ikkje vert i strid med plan- og bygningslova (pbl.) inkl forskrifter og arealplanar (kommuneplanens arealdel/reguleringsplan). I tillegg må du sjekka byggegrense langs veg, jf. veglova.

Ynskjer du å bygga utan å søkja, må du sjølv forsikra deg om at det du skal bygga ikkje er i strid med plan- og bygningslova eller reguleringsplan/kommuneplan.

Er tiltaket i strid med reglane, kan du søkja om dispensasjon.

 

Tilbygg utan søknad?

Du må også registrera bygget når det er ferdig.

 

Ta gjerne kontakt med oss når du er i tvil om tiltaket ditt krev søknad eller ikkje!

 

Tiltak som du kan søkja om sjølv (pbl. §20-4)

Garasje inntil 70 m2 er eit eksempel på tiltak du kan søkja om sjølv. Nyttar du denne ordninga må du sjølv setja deg inn i regelverket og gje dei opplysningane som krevst i ein byggesøknad. 

Tiltak som du må la eit foretak søkja for deg (pbl. §20-3)

Skal du gjera arbeid som ikkje spesifikt er definert å vera unnateke søknadsplikt, eller som er spesifisert som tiltak du kan søkja om sjølv, må du gå til eit foretak (f.eks arkitektfirma, byggfirma) som søkjer for deg og som står ansvarleg for bygginga.