Kvalitet på drikkevatn
Drikkevatnet i kommunen har god kvalitet og er trygt å drikke, med mindre me gjer melding om noko anna. Vatnet tilfredsstiller dei strenge krava i drikkevassforskrifta.
Kvalitet på drikkevatn
Me tek med jamne mellomrom vassprøver ved dei kommunale vassverka. Klikk på kart for å sjå prøveresultat.
Kokevarsel
Er det endring i kvalitet på drikkevatnet ved kommunale vassverk vil dei som er råka få varsel om dette. Me varslar på nytt når kokevarsel er oppheva.
- Les meir på FHI sine nettsider: Hva bør du gjøre når du får kokevarsel fra vannverket?
- Les meir om SMS og telefonvarsling frå kommunen.
Kvalitet på drikkevatn – forklaringar
Kva | Kjem frå | Tiltaksgrense |
---|---|---|
KvaKoliforme bakteriar | Kjem fråEi stor gruppe bakteriar, der mange kan vekse både i vatn og jordsmonn, og i tarmen hjå dyr og menneske. | TiltaksgrenseTiltaksgrense tal 0 |
KvaE.coli | Kjem fråBakteriar som stammar frå tarminnhald hjå menneske eller dyr, og som indikerer at vatn kan innehalda bakteriar som er sjukdomsframkallende. | TiltaksgrenseTiltaksgrense tal 0 |
KvaIntestinale enterokokker | Kjem fråBakteriar som du finn i tarminnhald frå menneske og dyr. | TiltaksgrenseTiltaksgrense tal 0 |
KvaFarge | Kjem fråMål på synleg farga vatn. | TiltaksgrenseTiltaksgrense 20 fargeeiningar |
KvaTurbiditet | Kjem fråMål på om vatn er uklårt. | TiltaksgrenseTiltaksgrense 250 FNU |
KvapH | Kjem fråMål på surgrad i vatnet. | TiltaksgrenseTiltaksgrense 6,5 - 9,5 |