Varsling på SMS-, telefon og e-postKorleis finn vi deg?Har du ikkje fått SMS-varsel?Ofte spurde spørsmål

Varsling på SMS-, telefon og e-post

Kommunen har høve til å varsle via SMS, e-post og talemelding til fasttelefon. Varslingssystemet vert brukt av kommunen for å nå innbyggjarane digitalt med meldingar når dette er føremålstenleg.

Kommunen opplever at enkelte ikkje får varsel som dei skulle hatt. Varslingstenesta hentar automatisk kontaktopplysningar om kvar enkelt innbyggjar frå nasjonale kontakt- og reservasjonsregister til Digitaliseringsdirektoratet.

Ullensvang kommune ber deg difor sjekke om du er registrert med rett telefonnummer, sjå meir informasjon under.

 

 

Korleis finn vi deg?

Privatpersonar
Kontaktinformasjonen blir henta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret til Digitaliseringsdirektoratet. Vi tilrår deg å legga inn mobiltelefonnummeret ditt og e-postadressa di i dette felles nasjonale kontaktregisteret. Dei fleste førespurnader frå det offentlege vil henta kontaktinformasjonen herfrå, til dømes om sjølvmeldinga.

Verksemder
Ved varsling av verksemder blir verksemda som tilhøyrer adressa varsla med bakgrunn i oppføring i Enhetsregisteret. Kontaktdata for bedrifter blir henta frå Digitaliseringsdirektoratet / (Altinn). Bedrifter med fleire adresser bør registrera desse som undereining hos Brønnøysundregisteret, sjå brreg.no

Tilleggsregister
Tilleggsregister kan du nytta dersom du ønsker å få varslar for ei bedrift eller for ei adresse som du ikkje er registrert med bustadadresse på; sjå varslemeg.no

 

Har du ikkje fått SMS-varsel?

  1. Er du folkeregistrert på adressa di? Sjekk dette på Skatteetaten.no
  2. Har du oppdatert den elektroniske kontaktinformasjonen din? Dette gjer du på norge.no

 

Kva kan du gjera?
Oppdater opplysningane dine og meld alltid flytting til Folkeregisteret.

Bur du på ein anna stad enn der du er folkeregistrert kan du registrera telefonnummeret ditt på adressa di i vårt tillegsregister. Husk å endra viss du flyttar. Tilleggsregisteret er konfidensielt og blir berre nytta av kommunen.

Registrer telefonnummeret ditt i tilleggsregisteret til kommunen på varslemeg.no > Vel tillegsoppføring > Legg til telefonnummeret ditt (vel Privat)

 

Sårbare verksemder
Vårt tilleggsregister knyt kontaktpersonar til verksemder med telefonnummer.
Kontaktpersonen vil få varsel på SMS dersom SMS blir send frå kommunen.

Registrer verksemda di i kommunen sitt tilleggsregister på varslemeg.no > Vel tilleggsoppføring > Legg til telefonnummeret ditt (vel Bedrift)

 

Ofte spurde spørsmål

Meldinga blir send som SMS til mobiltelefonar, e-post og ei automatisert talemelding til fasttelefon. Talemelding blir lesen inn som “tekst til tale”. På slutten av meldinga blir du bedt om å tasta: 1 – for å stadfesta at du har oppfatta meldinga.

Tast: 9 – dersom du ønsker å høyra meldinga ein gong til.

Vi sender varsling til alle som er folkeregistrert på ei berørt adresse i Folkeregisteret og hentar kontaktopplysningane dine frå Digititaliseringsdirektoratets kontaktregister. Så lenge du har registrert kontaktopplysningane dine i Digitaliseringsdirektoratets kontaktregister/Altinn vil du bli varsla.

Oppføringa di kan du sjekka ved å logga deg inn på norge.no

Varsling 24 varslar ikkje hemmelege nummer. Dersom du likevel ønsker å få varsel frå kommunen din, gjer ei tilleggsoppføring på varslemeg.no. Kryss av for “hemmeleg nummer”.

På varslemeg.no kan du legga inn tilleggsadresser som du ønsker varsel for. Dette kan gjelda barn i studentbustad, bustaden til foreldra dine eller ein fritidseigedom.

Slik gjer du:

  • Under “Tilleggsoppføring” klikkar du “Legg til telefonnummeret ditt”.
  • Skriv inn mobilnummeret ditt og klikk “Send”.
  • Du får ein kode på sms, som du bruker for logga deg inn.
  • Her kan du legga til andre adresser du vil varslast for. Namn = den som bur på adressa du registrerer.

Alle einingar i eit borettslag eller sameie blir varsla viss du er registrert i «kontaktregister for offentleg forvaltning».

På varslemeg.no kan du sjekka andre varslingsadresser som er oppførte på mobilnummeret ditt, utover den offisielle bustadadressa di som du er registeret med i «kontaktregister for offentleg forvalting».

Slik gjer du:

  • Under “Tilleggsoppføring” klikkar du “Legg til telefonnummeret ditt”.
  • Skriv inn mobilnummeret ditt og klikk “Send”.
  • Du får ein kode på sms, som du bruker for logga deg inn. Her ser du lista over adresser registrert på mobilnummeret ditt.
  • Her kan du òg sletta adresser eller legga til fleire