Koordinerande eining

Tenester innan habilitering og rehabilitering skal bidra til at du kan trene opp og vedlikehalde ditt funksjonsnivå og ferdigheiter. Målet er at du skal kunne leve eit mest mogleg sjølvstendig liv ut i frå dine føresetnader og ynskje.

Habiliterings- og rehabiliteringstilbodet du mottar skal vere samordna, tverrfagleg og planlagt, og din medverknad og innverknad er viktig.

Koordinerande eining

Koordinerande eining skal ha oversyn over det kommunale habiliterings- og rehabiliteringstilbodet og skal kunne hjelpe deg med informasjon, og/eller å setje i gang og samordne hjelpetiltak.

Koordinerande eining tek i mot søknader om individuell plan (IP) og koordinator. Eininga har også ansvar for opplæring og rettleiing av koordinatorar.

Koordinerande eining er ei tverrfalgeg samansett gruppe med representantar frå helsestasjon, oppvekst, fysio- og ergoterapitenesta, tenesta for funksjonshemma og Tildelingskontoret. Andre tenesteområde er involvert der dette er aktuelt.

Tildelingskontoret leier den tverrfaglege gruppa, og er kontaktpunkt ved spørsmål og søknad.

 

Individuell plan

Alle som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstjenester, har rett til å få utarbeida ein individuell plan (IP).

Dine eigne mål er utgangspunkt for den individuelle planen. Det er derfor viktig at du deltar aktivt i utarbeiding av planen. Pårørande skal også kunne medvirke i den grad du ønsker dette.

Individuell plan skal innehalde ei oversikt over dine mål, ressursar og behov for tenester. Planen skal oppdaterast kontinuerleg og vere eit dynamisk verktøy i koordinering og målsetting av tenestetilbodet.

 

Koordinator

Ein av tenesteytarane skal oppnevnast som koordinator, som skal sørge for nødvendig oppfølging av den enkelte brukar. Koordinator skal bidra til samordning av tenestetilbodet og framdrift i arbeidet med individuell plan. Koordinator bidrar til å arrangere ansvarsgruppemøter. Dine ynskje skal vektleggast ved val av koordinator. Sjølv om du takkar nei til individuell plan, skal kommunen vurdere å tilby koordinator dersom du har behov for langvarige og koordinerte tenester.

 

Søke IP eller andre helse og omsorgstenester?

 

Vi oppfordrer til å nytte digitalt søknadskjema. Om dette ikkje lar seg gjera kan du fylle ut ein pdf av søknadsskjema og senda per post til kommunen. Merk då konvolutt med «Tildelingskontoret».

Søknadsskjema i pdf form vert generert ut frå det digitale skjemaet. Gjer dykk av den grunn merksam på at nokre felt kjem dobbelt opp – de treng ikkje fylla ut informasjon x 2 i skjema.

 

Ullensvang kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

ullensvang.kommune.no

Information about individual care plan and coordinator in: