Kinsarvik barnehage

Avdelingar

  • Blå avdeling: mob. 468 09 719
  • Raud avdeling, mob. 468 41 326
  • Grøn avdeling, mob. 905 28 564

Opningstid

  • kl. 07.00 – 16.15

 

Om barnehagen

Kinsarvik barnehage er ein tre-avdelingsbarnehage med plass til 54 born/78 plassar. Grøn og raud avdeling har plass til 12 born under tre år, og blå avdeling har plass til 30 born over tre år. Blå avdeling kan delast opp i to avdelingar/basar.

Barnehagen var ny hausten 2016, og me ligg flott til øverst oppe i Husefeltet, med tett nærleik til byggefelt, gardane og skogen.

Me har mange faste plassar me går på tur til, blandt anna Løhaugjen, naturleikeplassen vår,  med eigne hytte, og Grindaløo.

Oversiktsbilete av Kinsarvik barnehage. Foto.

Kontakt oss

Kinsarvik barnehage

Husevegen 74

5780 Kinsarvik

53 66 33 23

Aina Nilsen

Styrar

aina.nilsen@ullensvang.kommune.no

454 27 298

Mitt val

Hausten 2018 starta me med eit program i sosial og emosjonell kompetanse. Mitt val er eigd av stiftinga «Det er mitt valg» som er grunnlagt av Lions Norge, og det vert dreve med støtte frå Helsedirektoratet og midlar frå Lions. Her vert borna kjend med Leo og vennene hans.

Tema me jobbar med er blant anna

  • Å skapa eit godt miljø
  • Å ta vare på kvarandre
  • Å forstå eigne og andre sine kjensler
  • Å arbeida saman

Ein god plass å vera, ein god plass å læra.

Me ynskjer at alle born skal oppleva den gode barndom. Me har som mål å skapa eit inkluderande miljø der alle born opplev felleskap, glede og meistring uansett bakgrunn.

  • Eit godt læringsmiljø
  • Berekraftig utvikling
  • Mangfald og respekt
  • Livsmeistring og helse

 

Lov om barnehager (barnehageloven)

§4.Foreldreråd og samarbeidsutvalg

For å sikre samarbeidet med barnas hjem, skal hver barnehage ha et foreldreråd og et samarbeidsutvalg.

Foreldrerådet består av foreldrene/de foresatte til alle barna og skal fremme deres fellesinteresser og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppen skaper et godt barnehagemiljø. Er det i forskrift etter § 15 satt maksimalgrense for foreldrebetaling, kan bare foreldrerådet samtykke i foreldrebetaling ut over dette.

Samarbeidsutvalget skal være et rådgivende, kontaktskapende og samordnende organ. Samarbeidsutvalget består av foreldre/foresatte og ansatte i barnehagen, slik at hver gruppe er likt representert. Barnehagens eier kan delta etter eget ønske, men ikke med flere representanter enn hver av de andre gruppene.

Barnehageeieren skal sørge for at saker av viktighet forelegges foreldrerådet og samarbeidsutvalget.