Hardanger Barnevern
Barneverntenesta skal bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår, ved å sikra at barn og unge som lever under forhold som kan skada deira helse og utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid.
Om barnevernstenesta
Hardanger Interkommunale barnevernteneste er felles barnevernteneste for kommunane Ullensvang, Eidfjord og Ulvik.
Barneverntenesta skal bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår, ved å sikra at barn og unge som lever under forhold som kan skada deira helse og utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid.
Når barneverntenesta mottek ei bekymringsmelding, har dei frist på ei veke til å konkludera om det vert opna ei undersøking i familien, eller om meldinga vert henlagt. Ei undersøking skal gjennomførast innan 3 månadar. Ved endt undersøking skal barneverntenesta konkludere med om undersøkinga skal henleggjast og kontakten med familien avsluttast, om familien får tilbod om hjelpetiltak eller om det er naudsynt med tvangstiltak der barneverntenesta overtar omsorga i familien.
Barn skal bu heime så sant det er mogleg. Barneverntenesta legg alltid vekt på å finne årsakane til vanskane og drøfte dei med foreldra og barnet.
Dei aller fleste familiane barneverntenesta er i kontakt med etter endt undersøking, tar i mot frivillige hjelpetiltak. Hjelpetiltak kan blant anna vera foreldrerettleiing, fritidskontakt, besøksheim og økonomisk hjelp. Formidling av plass i fosterheim og institusjon kan og vera hjelpetiltak.
Barneverntenesta ser på born som aktive deltakarar i eigne liv, og i all kontakt med familiar legg me stor vekt på samtalar med barna for å få fram korleis dei opplever sin eigen situasjon.
Kontakt oss
Hardanger barnevern
Besøksadr: Tyssedalsvn 16 (Meieriet), 3. etg, 5750 Odda
Postadr: Opheimsgata 31, 5750 Odda
postmottak@ullensvang.kommune.no
53 65 45 70 (kl. 07:30 - 15:00)
Hardanger Barnevern - Akuttberedskap
Vekedager frå kl. 15:00 - 07:30
Helg og heilagdagar: Døgnope
47 50 13 02
Kontakter
Kontakter
Alarmtelefonen for barn og unge
116 111 (gratis)