Barn som er lei seg

Digital bekymringsmelding

Hardanger Barnevern har teke i bruk digital bekymringsmelding for Ullensvang kommune sine innbyggjarar og tilsette.

Viss du er bekymra for om eit barn får god nok omsorg, bør du melde frå til barnevernet.

Du treng ikkje vere sikker på at noko er gale før du melder frå. Når du har sagt ifrå, er det er barnevernets jobb å vurdere korleis meldinga skal fylgjast opp. Dei aller fleste som får hjelp av barnevernet, får hjelpa i heimen og nærmiljøet sitt.

 

Slik melder du ifrå

Me anbefalar at du nyttar det digitale skjemaet for sikker og effektiv innmelding til barnevernet.

Dersom du ikke har moglegheit til å bruke det digitale skjemaet eller dersom du vil vera anonym ovanfor barnevernet, kan du bruka meldingsskjemaet du finn her:

Fyll ut og send det til Hardanger barnevern (postadresse). NB! Skjemaet må sendast i posten, ikkje via e-post.

 

Kontaktinformasjon

Hardanger barnevern

Besøksadr: Tyssedalsvn 16 (Meieriet), 3. etg, 5750 Odda

Postadr: Opheimsgata 31, 5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 45 70 (kl. 07:30 - 15:00)