Ung jente som er lei seg

Barnevernstenesta har behov for fritidskontaktar og besøksheimar

Hardanger barnevernteneste har jamleg eit stort behov for personar som kan arbeide førebyggjande med born og ungdom i alderen 0 – 18 år.

Kva er ein fritidskontakt?

Nokre born treng hjelp til å koma seg ut, vera saman med andre og få høve til å delta på aktivitetar. Fritidskontakten kan gje barna gode opplevingar, nye erfaringar, noko å sjå fram til og auka trua på seg sjølv.

Som fritidskontakt fylgjer du opp eit eller fleire barn, omfanget vil kunne variera då behova er ulike.

Kven kan bli fritidskontakt?

Vi treng fritidskontaktar med ulike erfaringar og interesser. Vi ynskjer å koma i kontakt med deg som likar å arbeida med barn og unge. Du må vera ein person vi kan stole på, du må vera i ein stabil livssituasjon og kan binde deg for ein periode. I utgangspunktet er det ønskelig at du er over 18 år, men er du ein moden og ansvarleg ungdom, så ta kontakt med oss.

Hjå oss får du opplæring, rettleiing og relevant erfaring å setja på CV-en.

 

Kva er ein besøksheim?

Ein besøksheim kan være enkeltpersoner eller ein familie som har tid og rom til å ta imot et barn eller søsken ca ei helg per månad. Ein besøksheim skal være til støtte for born og unge som av ulike årsaker har behov for positive opplevingar med trygge vaksne og/eller være ein del av ein familie.

Besøksheimen må ha ein stabil livssituasjon, ha tid og rom for eit ekstra born og moglegheit til å binde seg til oppdraget over ein lengre periode. Familien bør ha evne til inntoning og forståing for dei ulike behov og reaksjoner barn har. I dei fleste samanhengar er det å oppleva ein trygg og forutsigbar familiesituasjon det desse borna treng mest.

 

Kven er besøksborna?

Desse borna kan koma frå vanskelege heimesituasjonar og foreldra deira kan trenge avlastning i periodar for å kunne få overskot til å ta seg av borna sine.

Nokre gonger er det slik at desse borna treng andre rollemodellar for å kunne sjå andre handlingsmønstre i ein familie. Mange av borna har behov for å oppleva andre omgjevnader med fleire trygge voksne som bryr seg om dei. Ein slik kontakt kan gje desse borna overskot, verdifull lærdom, stimulans, glede og tryggleik. Alderen på besøksborna er frå 0 – 18 år.

 

Politiattest og teieplikt

Før ein kan bli fritidskontakt eller besøksheim må ein leggje fram ein plettfri politiattest. Vi krev og utvida politiattest av husstandsmedlemmer som er over 18 år. Politiattesten skal ikkje vera eldre enn tre månader.

Alle fritidskontaktar og besøksheimar har teieplikt og må derfor signera på dette.

Dersom du kjenner at dette er noko du/de kan bidra med så ikkje nøl med å ta kontakt.

 

Hardanger barnevern

Besøksadr: Meieriet , 3. etg, 5750 Odda

Postadresse: Opheimsgata 31, 5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

Kari Kindem

907 57 747/53 65 45 70