To kvite hus med ballkong

Einebustad eller fritidsbustad

I hovudsak kan du ikkje senda byggjesøknad sjølv når du skal byggja eller riva ein einebustad eller fritidsbustad. Fagfolk må utarbeida søknaden og vera ansvarleg søkjar.

Di rolle i byggjesaka er tiltakshavar. Du eig tiltaket, men overlet ansvaret med søknad og prosjektering og bygging/riving til fagfolk. Føretaka som skal ha ansvaret må erklæra ansvarsrett for byggjetiltaket som del av søknaden.

Du kan sjølv vera ansvarleg søkjar

  • dersom einebustaden eller fritidsbustaden er din eigen og skal vera til eigen bruk
  • dersom du søkjer om å få godkjent ansvarsrett som sjølvbyggjar etter SAK10 § 6-8. Då kan du påta deg ansvaret for heile eller delar av byggjetiltaket.

Merk at dersom du skal føra opp eit bygg som i fylgje reguleringsplanen skal knytast til offentleg godkjent VA-anlegg, må du søkja om sanitærabonnement før byggesøknaden vert sendt inn. Om det ikkje er krav om tilknyting til offentleg anlegg, og det skal leggjast inn vatn, må du søkja VA-avdelinga i kommunen om utsleppsløyve. Kopi av vedtak frå VA-avdelinga skal leggast med byggesøknaden.