Cool Kids – meistringskurs

Skulehelsetenesta i Ullensvang kommune har tilbod om meistringskurs for engstelege barn og unge. Dette kurset vert kalla Cool Kids for born (7-12 år) og Chilled for ungdom (13-18 år).

Det er vanleg at barn og unge opplever å vera engstelege i ulike situasjonar og i periodar i livet. Ofte er dette naturleg utviklingsangst, som varer ein periode før det slepp taket. For nokre vert dette likevel vedvarande plager som får fylgjer for dagleg fungering i familien, på skulen og/eller på fritida. Då kan det vere nyttig å læra seg korleis ein fortsatt kan gjere det som er bra for seg sjølv, sjølv om det kan kjennast vanskeleg.

 

Om Cool Kids og Chilled kurset

Innhaldet i kurset er basert på kognitiv atferdsterapi for angst og engstelse. Hovudelementa er bevisstgjering av eigne kjensler, utfordring av tankar og antagelsar som bidreg til å oppretthalda angst, samt gradvis eksponering for å meistre angstframkallande situasjonar. Målet med Cool Kids og Chilled er å læra born og ungdom ferdigheter som gjer dei betre rusta til å handtera angst og bekymring.

Cool Kids kan gjennomførast både i grupper og individuelt, og kan tilpassast ulike aldersgrupper. Programmet er retta mot fleire ulike typar angst og engstelse.

Skulehelsetenesta held ei Cool Kids- eller Chilled gruppe i halvåret. Lokasjon for gruppemøta og alderspenn i gruppene vert tilpassa ut frå behov. Behovet vert vurdert ut frå elevar som har meldt interesse for kurset. Både elev, føresette, skule og andre faggrupper (etter samtykke frå elev og/eller føresette) kan melde inn born og ungdom som kan ha nytte av å delta i kurset. Kurset består av 10 møter med varighet på opp mot 90 minutter. I tillegg er det to foreldremøter og to individuelle samtalar med elev og føresette. Individuelt kursforløp har likt oppsett, dette kan ein få tilbod om gjennom heile skuleåret.

Om du kjenner til eit born eller ungdom som kan ha nytte av å delta på Cool Kids eller Chilled, eller om du har spørsmål om kurset; ta kontakt med helsesjukepleiar på din skule eller fagleiar for skulehelsetenesta.

 

Fagleiar skulehelsetenesta

Sigrid Kambestad

Fagleiar skulehelsetenesta

sigrid.kambestad@ullensvang.kommune.no

94 78 61 10