Bu i Ullensvang
I Ullensvang kan du bu langsmed fjorden eller i ei flott bygd i fjellheimen. Me har levande bygder og byen Odda. Same kor du buset deg, vil du ha kort veg til både fjord og fjell, fonn og foss, frukt og festival.
Bustadmarknaden i Ullensvang – både for kjøp og leige – opplever stor etterspurnad. Det er ikkje alltid enkelt å orientera seg, ikkje alt går via finn.no. Vår oppfordring er å sjekka ut fleire kanalar, også dei uformelle.
Det er til dømes mange som annonserer komande bustader til sals på lokale facebook-grupper. Det er også effektivt å leggja ut førespurnader på facebook dersom du er på jakt etter leigeobjekt.
Eigedomsmeklarar i området er blant anna Z-meglaren, Advokatfirma Romstad og Eiendomsmeglar Vest. I tillegg sel mange eigedomane sjølve gjennom Propr og liknande.
Er det eit problem å få tak i bustad? Ta kontakt med arbeidsgjevar, dei har truleg gode tips til deg!
- Finn – Ullensvang: Kjøpe, selge, gis bort
- Finn- Odda og litt til
- Hva skjer i Odda og omegn?
- Kva skjer på austsida?
- Kva skjer på vestsida?
- 5763 – bygda vår (Skare)
- Kva skjer i Røldal?
- Kvardagsprat i Jondal
- Kvardagsprat i Odda
- Kvardagsprat i nye Ullensvang kommune