Raudt uthus i grøne omgivnadar.

Bruksendring

Om du skal nytta eit bygg eller delar av eit bygg til noko anna enn det er godkjent som, må du søkja om bruksendring.

Du kan søkja sjølv

  • Dersom du skal endra bruken av rom frå tilleggsdel til hovuddel innanfor ei brukseining, til dømes frå bod til soverom.

Fagfolk må søkja for deg

  • Dersom du skal nytta bygget til anna føremål enn det du gjer i dag. Dette vil gjelda om du til dømes ynskjer å nytta ei hytte til bustad, eller ein bustad til næringslokale.
  • Dersom du skal etablera ny leilegheit i eit eksisterande bygg
  • Dersom du vil få godkjent ein eksisterande utleigedel som sjølvstendig bueining