Gifteringer liggende på kvit bakgrunn

Borgarleg vigsel

Prøvingsattest

For å inngå ekteskap i Noreg, må det vurderast om vilkåra er oppfylt. Dette vert kalla prøving av ekteskapsvilkåra, og vert gjort av folkeregisteret ved ditt regionale skattekontor. På denne bakgrunn, vil det verta skriven ut ein prøvingsattest.

Attesten er kun gyldig i fire – 4 – månader, og alle spørsmål knytt til prøvinga, må rettast til aktuell prøvingsmyndigheit.

Meir informasjon finn du på Skatteetaten: Veien til ekteskapet – steg for steg

 

Bestilling av vigsel

Original prøvingsattest må leverast personleg eller sendast i posten. Den kan ikkje sendast på e-post.

Før denne er levert, vert det ikkje starta sakshandsaming eller bekrefta tidspunkt for vigsel.

Hugs at attesten må vera gyldig på vigselstidspunktet.

 

Kva dagar kan vi gifta oss?

Tidspunkt for vigsel er fredagar frå kl. 09.00 – 15.00, som ikkje er i konflikt med lov eller avtalefesta helge- og fridagar som jul, påske, 1. og 17. mai.

Kvar 1. laurdag i månaden frå kl. 10.00 – 14.00, med unnatak for 1. nyttårsdag, påskeaften, pinseaften, 1. og 17. mai.

Ein kan sjølvsagt kome med andre ynskjer, som må avklarast med aktuell vigslar.

 

Ullensvang kommune har 5 personar med vigselsrett

2 politisk valde og 3 tilsette:

  1. Roald Aga Haug – Ordførar
  2. Inger Synnøve Vestrheim – Varaordførar
  3. Ole-Jørgen Jondahl – Rådmann
  4. Ragnvald Joakimsen – Konsulent
  5. Inger Eitrheim Johansen – Sakshandsamar

 

Kva kostar det å gifta seg i Ullensvang kommune

Det er gratis om minst ein partane er busett i kommunen. Det er og gratis for folk frå utlandet.

Elles er satsane slik:

§ 12 a. Vigsler i kommunen

Innbyggjar og busette i utlandet jf. ekteskapslova § 12 a Alle andre
Seremoni i utpeika i kommunale lokale og innan dei vedtekne standardtidspunkta for vigselUtan kostnadNOK 1 000,- Dekker kostnad til vigsle og til før- og etterarbeid
Seremoni utanom standard vigseltidspunktNOK 1 000,- Dekker kostnad til vigslarNOK 2 000,-
Seremoni: Kommunalt og opplista i sakaParet avtalar og dekker sjølv faktiske kostnaderParet avtalar og dekker sjølv faktiske kostnader
Transport til andre lokale/stader for vigslarFaktiske kostnaderFaktiske kostnader

Når kan vi gifta oss etter å ha levert original prøvingsattest?

Vi utfører vigselen så raskt det er ynskjeleg, men må tilretteleggja og sakshandsame dette, difor treng vi 1 veke som eit minimum – før vigsel kan verta utført.

 

Stad for vigsel

Vi har ulike rom som kan brukast til vigsel i Ullensvang rådhus som ligg i Odda, og kommunehusa i Jondal og Kinsarvik.

Det kan og avtalast vigsel ute eller bruk av andre lokal. Dette vert avklart i samtale med koordinator for vigsel.

 

Koordinator - ta kontakt for meir informasjon:

Inger Eitrheim Johansen

inger.eitrheim.johansen@ullensvang.kommune.no

900 55 126

Ullensvang kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

ullensvang.kommune.no

 

Til alle som ynskjer å gifta seg i Ullensvang kommune: Hjarteleg velkomen!

 

 

 

Artikler