Foto: Katya Graf

Vigsle på Trolltunga sommaren 2024

Sommarsolhverv- og nattvigsel på Trolltunga.

Dette året vil Ullensvang kommune utføra vigsel på Trolltunga natta mellom 20. og 21. juni. I år er dette datoen for solsnu og dermed årets lengste dag. Vi håpar å få med oss både sein kveldssol og tidleg morgonsol, og er klar til å ta heile natta i bruk.

For dei som har eit ynskje om å gifta seg på denne staden, er det no mogeleg å melda si interesse til kommunen.

 

Prøvingsattest frå Skatteetaten

Vi treng ein norsk prøvingsattest frå paret, som viser at det ikkje er hindringar for giftemålet.

Norske par får vanlegvis prøvingsattesten sin raskt.

For dei som er frå andre land, tek det som regel lengre tid å få dette dokumentet frå Skatteetaten, ofte 5 – 6 veker fordi dette ikkje kan gå digitalt. Presiserer at sakshandsamar ikkje kan hjelpe til med å skaffe gyldig norsk prøvingsattest, alle par må ordne dette sjølv. Det kan og hende at utanlandske statsborgarar må vise Skatteetaten at det ikkje er hindringar for giftemålet i sitt eige land.

Det som er viktig og som gjeld for alle par, er at dette dokumentet kun er gyldig i fire – 4 – månader. Ein må difor tilpasse tidspunktet for søknaden sin til Skatteetaten, slik at datoen for vigselen er innanfor det tidsrommet som viser på prøvingsattesten.

Gyldig prøvingsattest utstedt i Norge er eit absolutt krav, og antal par vert avgrensa. Her vil “førstemann til mølla” prinsippet gjelde om det vert stor interesse.

Merk at prøvingsattesten er sjølve påmeldinga for vigsel, fyrst når den er motteken kan det opprettast vigsels-sak på paret.

 

Foto: Katya GrafFoto: Katya Graf

Om datoen

Vi i Ullensvang kommune ser fram til torsdag 20. juni, og gler oss til å treffa dei som har lyst til å vera med på dette spesielle arrangementet i år. Ved å ta natta i bruk, unngår vi dei lange køane av folk som vil ut på tunga på dagtid.

Vi håpar på ei varm og fin sommarnatt, men det kan vi ikkje lova deg. Alle må difor også ta høgde for dårlegare vèr, og må kle og sko seg deretter. Det er ein relativt lang tur inn til Trolltunga og alle par må gå – både fram og tilbake.

Vigslar vil vera ordføraren vår, og vi vil vera tilstades frå kl. 17.00 om kvelden den 20. juni. Vi oppmodar folk om å starte turen tidleg nok, og bestille seg parkering oppe på P3 (Topp.)

Det kan være lurt å ha eit lite telt med seg! Det er sjølvsagt og mogeleg å gå ned igjen i løpet av natta for dei som ynskjer det.

Det kjem ofte spørsmål om folk må ha med seg forlovarar eller vitne, det er ikkje nødvendig – vi som er på arbeid kan vera vitne i seremonien.

 

Fotograf for dagen

Vi har erfaring for at det melder seg fotografar som er interessert i å tilby fotografering til dei som gifter seg på Trolltunga. Det vert uansett ei sak mellom fotograf og dei som gifter seg. Ullensvang kommune har ikkje ansvar når det gjeld dette.

 

Vedrørande betaling

Ullensvang kommune tek ikkje betalt for å via folk på Trolltunga denne datoen, og vi tek kun ansvar for sjølve vigselen. Alle andre utgifter må paret dekke sjølv.

 

Takk for at du har lyst til å gifta deg i kommunen vår, det set vi pris på!

 

Velkomen til ein prat om du lurer på noko:

Inger Eitrheim Johansen

inger.eitrheim.johansen@ullensvang.kommune.no

90 05 51 26

 

Foto under: Yrjan Olsnes / Visit Hardangerfjord

Artikler