Dokument som syner gebyrregulativ for kommunen

Betaling av kommunale eigedomsgebyr

– vatn, avløp, slam, feiing, renovasjon og eigedomsskatt

Forfallsdatoer og terminar

  • Kommunestyret fastset antal terminar på kommunale eigedomsgebyr (vatn, avløp, slam, feiing, renovasjon og eigedomsskatt).
  • Gebyra vert fakturert den 20 i kvar månad, og har forfall den 20 i månaden etter.
  • Eigedomsskatten vert fakturert kvartalsvis (forfall 20.03, 20.06, 20.09 og 20.12).
  • Der eigedom / bygning har ein årleg kostnad på under kr 2 000, vert det berre sendt ein faktura i året, denne har forfall 20. mars.
  • Ynskjer du å endra frå årleg fakturering til månadleg eller omvendt, må du ta kontakt mellom 1. desember og 15. februar.
  • Har du vassmålar, er avlesing i desember kvart år. Oppgjeret kjem vanlegvis på fakturaen i februar.
  • Har du vassmålar, betalar du ikkje forskuddsgebyr for vatn og avløp i januar, men det kjem på februar faktura.

Spørsmål knytt til fakturagrunnlaget?

Du finn informasjon om Slam her, samt Vatn og avløp her på nettsidene våre.

Kontaktopplysningar for spørsmål knytt til faktura:

E-post: postmottak@ullensvang.kommune.no

Telefon: 918 07 519

Du finn informasjon om Feiing her på nettsidene våre.

Kontaktopplysningar for spørsmål knytt til faktura:

E-post:  bjorn.finne@ullensvang.kommune.no / sigbjorn.kleppe@ullensvang.kommune.no

Telefon: 975 58 609 / 975 58 616

Du finn informasjon om Renovasjon på nettsidene våre.

Kontaktopplysningar for spørsmål knytt til faktura:

E-post: renovasjon@ullensvang.kommune.no

Telefon: 482 78 733

Du finn informasjon om Eigedomsskatt på nettsidene våre.

Kontaktopplysningar for spørsmål knytt til faktura:

E-post: okonomi@ullensvang.kommune.no

Telefon: 482 40 132

Du finn fakturaene dine, anna informasjon og kan sende melding ved å logge inn på Min eigedom

 

Betalingsinformasjon

  • Klage på gebyr utset ikkje betalingsfrist. For mykje eller for lite innbetalt vert korrigert når ein klage er handsama. (Jf. Forskrift om vass- og avløpsgebyr i Ullensvang kommune § 12 og eigedomsskattelova § 25)
  • Faktura som ikkje vert betalt til fastset tid, vert purra. Då kjem det purregebyr og renter. Krav på årsgebyr er sikra med lovpant i eigedomen etter pantelova § 6-1. Har du betalingsproblem, er det viktig at du tar kontakt snarast, slik at me kan finna ei løysing saman. E-post: innf@ullensvang.kommune.no.
  • Faktura vert sendt til den som er eigar på faktureringstidspunktet. Eigarskifte som skjer midt i ein termin er ei sak mellom kjøpar og seljar.
  • Ullensvang kommune registrerer ny eigar når vi får melding om tinglysinga. Dette kjem automatisk opp i vårt system. Er det ubetalte faktura på eigedomen, vert dei overført til ny eigar.
  • Hovudregelen er at tinglyst eigar er fakturamottakar, men kommunen kan unntaksvis godta anna fakturamottakar enn tinglyst eigar. Då må det søkjast digitalt med dette skjemaet: “Søknad om endring av fakturamottakar kommunale eigedomsgebyr”.

 

Alternativer å betale faktura på:

Dette er ei elektronisk løysing der fakturert beløp automatisk vert trekt frå din valgte konto på forfallsdato. Du bør i tillegg opprette eFaktura slik at du får sett fakturaen du skal betale direkte i nettbanken. Avtalegiro oppretter du sjølv i nettbanken din. Meir informasjon om avtalegiro er å finne her.

eFaktura er ein elektronisk faktura som vert sendt til nettbanken din. Du må godkjenne betalingen for at den skal gå gjennom. Du kan enkelt kombinere eFaktura med Avtalegiro slik at fakturaen vert sendt digitalt i tillegg til at den vert trekt automatisk på forfallsdato. Du aktiverer/deaktiverer eFaktura-avtale sjølv i nettbanken. Spørsmål knytt til oppretting, endring og avslutting av betalingsavtale må rettast direkte til banken. Ikkje inngå eFaktura-avtale i andre sitt namn. Meir informasjon om eFaktura er å finne her.

Faktura vert sendt til Vipps dersom du har aktivert dette. Du kan endre innstillinger i Vipps-appen dersom du ikkje vil ha faktura på Vipps. Dersom du har aktivert både eFaktura og Vipps, vil systemet hindre dobbeltbetaling. Godkjenner du eFaktura i nettbanken, vil den forsvinne frå Vipps.

Dersom du ikkje har aktivert avtalegiro, eFaktura eller Vipps kjem faktura i din digitale postkasse (digipost eller eBoks). Digital postkasse er ein fullverdig distribusjonskanal, og faktura vert ikkje sendt i vanleg post dersom du ikkje opnar faktura her. Du kan reservere deg her.

Dersom systemet ikkje får treff på at du har elektroniske løysingar som avtalegiro, eFaktura, Vipps eller digital postkasse, vert faktura sendt per e-post dersom du er registrert med dette i fakturasystemet. Ta ev. kontakt for å registrere e-post adresse.

Dersom faktura ikkje vert sendt elektronisk, får du faktura tilsendt i posten. Husk å bruke kid ved innbetaling. Dette sørger for at innbetalingen din automatisk markerer fakturaen din som betalt.

EHF er elektronisk faktura for bedrifter. For å kunne få faktura i  EHF-format må bedriften vere registrert i ELMA-registeret.

#kommunale avgifter