Renovasjon

Kjære abonnent!

Ullensvang renovasjon ha ansvar for renovasjonstenesta i heile kommunen. Me får to forskjellige innsamlingsordningar. I tidlegare Odda kommune held ein fram med returpunkt. Medan dei gamle IHM abonnentane fortset med eigne behaldarar. Tømmekalendar finn du her.

Minner om at avfallsdunker må setjast fram før kl. 07.00 dei dagane det er tømmedag.

Me håpar alle vert nøgde og oppmodar om at de kontaktar oss om det er noko de lurer på! Eller om du har tips til endringar.

Grovavfall – sorter riktig

Les meir

Mottak av landbruksplast

Les meir

App – Min renovasjon

Les meir

Forbod mot avfall i farga sekk

Les meir

Eigne plastsekkar i kvar hushaldning

Les meir

 

App – Min renovasjon

Appen Min renovasjon er no klar til å ta i bruk. Last ned frå:

I app kan du setja opp varsling på levering av dei ulike avfallstypane, få sorteringstips, oversikt over alle returpunkt, samt opningstider for miljøstasjonane i kommunen.

 

Ny rull til plastemballasje

  1. Heng lapp med melding på papirdunken (blå) når du set dunken fram. Legg lappen inni ein gjennomsiktig plastpose som du bind fast til dunken. Du vil då få ny rull med sekker.
  2. Er du med på prøveordninga i Tyssedal, på Freim eller Ragde? Då kan du hente plassekk på innbyggjartorget på Ullensvang rådhus, Tyssedal nærbutikk eller næraste miljøstasjon.
  3. Dersom du er der når ein av renovasjonsbilane kjem forbi, kan du òg spørje om å få ein ny rull.

NB! Plastruller du får til plastemballasje skal ikkje brukast til restavfall eller anna type avfall. 

Alle batteri kan leverast gratis til butikkar som sel same type batteri, uavhengig av merke.

Batteri kan også leverast til miljøstasjonane.

Du kan levere elektrisk avfall gratis til alle butikkar som sel den typen produkt du skal levere inn (elektroforhandlar, dagligvare, leikebutikk, lampebutikk, bokhandel eller lignande) eller til nærmaste gjenvinningsstasjon.

Du kan levere lyspærer og lysrøyr gratis til alle butikkar som sel den typen produkt du skal levere inn (dagligvare,elektroforhandler, lampebutikk eller lignende) eller til nærmeste gjenvinningsstasjon.

Ja, takk!

  • Aviser og reklame
  • Vekeblad og magasin
  • Drikkekartongar og andre kartongar til saus, pudding o.l.
  • Konvoluttar (riv helst av plastvindauge)
  • Emballasjekartong til pizza, frukostblanding, fiskepinnar o.l
  • Pappøskjer og bølgjepapp
  • Skrivepapir
  • Bøker, kun paperback

Nei, takk!

  • Pappkrus – og tallerkar
  • Våt papp
  • Eggekartong
  • Gåvepapir og glansa julepapir
  • Serviettar og tørkepapir
  • Innbundne bøker (med hard perm)
  • Kvitteringar
  • Suppe- og krydderposar i papir med aluminiumsfilm på innsida

Ja, takk!

  • Syltetøyglas og glasflasker
  • Hermetikkboksar
  • Aluminiumsformer og -folie
  • Metallkorkar/lok
  • Påleggstubar av metall
  • Brus- og ølboksar utan pant
  • Telyshaldarar i metall

Nei, takk!

  • Porselen, keramikk og krystall kastast i ikkje brennbart på gjenvinningsstasjonen
  • Drikkeglas og tallerkar kastast i ikkje brennbart på gjenvinningsstasjonen
  • Eldfaste former kastast i ikkje brennbart på gjenvinningsstasjonen
  • Speglar kastast i ikkje brennbart på gjenvinningsstasjonen
  • Glasruter kastast i ikkje brennbart på gjenvinningsstasjonen
  • Metallgjenstandar som ikkje er emballasje, som gryter, panner, strykejern, motorar, jernrøyr etc. kastast i Metall på gjenvinningsstasjonen
  • Lyspærer kastast i farleg avfall på gjenvinningsstasjonen, eller leverast til butikkar som sel tilsvarande
  • Emballasje som er merka med Ekstremt brannfarlig, oksiderande, svært, giftig eller eksplosiv leverast Farleg avfall på gjenvinningsstasjonen.

Ja, takk!

  • Matavfall som fisk, kjøt, frukt, eggeskal, brød og liknande
  • Kaffigrut
  • Teposar
  • Tørkepapir, serviettar, matpapir
  • Fett og matolje

Nei, takk!

  • Mat med emballasje
  • Komposterbare plastposar, -eingongsemballasje, -servise
  • Hundepose
  • Kattesand
  • Store kjøttbein
  • Avskårne blomar, potteplanter, krydderplanter, kvistar, lauv, jord
  • Snus og sigarettstumpar
  • Bomull
  • Tyggjegummi
  • Tepose av nylon
  • Bleier

Slik sorterer du plastavfall
I plastsekken kastast emballasje, dvs. plast som har vore pakka rundt eit produkt. Det kan vera posar, folie, beger, boksar og flasker av plast, ostepakkar, rømmebeger, vaskemiddelflasker og bæreposar.

Hugs at emballasjen må vere rein og tom. Skyl den i kaldt vatn, bruk gjerne sleikepott eller oppvaskbørste for å reingjere.

Vert plastemballasjen ikkje rein i kaldt vatn, kastar du det i restavfallet.

NB! Ikkje bruk bioposer – dei skal BERRE brukast til matavfall!

Ja, takk!

  • Plastposar
  • Plastbeger og plastboksar
  • Plastbrett for matvarer, t.d. kylling, kjøttdeig o.l
  • Plastflasker og plastkanner for sjampo, dressing, vaskemidlar o.l.
  • Blomsterpotter og -brett i plast
  • Plastemballasje for elektriske og elektroniske produkt.

Nei, takk!

  • Posar som er sett saman av ulike materialar, til dømes posar med aluminiumsfilm på innsida og posar som er sett saman av både papir og plast. Slike posar kastast i restavfallet.
  • Tilgrisa plastemballasje
  • Plastemballasje som har inneheldt farleg avfall skal leverast på gjenvinningsstasjonen
  • Plast som ikkje er emballasje, til dømes leiker, hageslange, presenning og hagemøblar er restavfall
  • Store gjenstandar må leverast på gjenvinningsstasjonen
  • Stroppeband og vedsekker skapar problem i ettersorteringa, og kastast i restavfallet
  • Isopor leverast på gjenvinningsstasjonen

Slik sorterer du restavfall:
Restavfall er det som vert att når du har sortert ut alt som kan gjenvinnast til nye ting. Restavfall består ofte av materiale som vanskeleg lar seg skilje frå kvarandre.

Restavfall kastast i pose i behaldar for restavfall.

Ja, takk!

  • Tilgrisa emballasje
  • Vaksenbleier og sanitetsbind
  • Bomull, plaster og gasbind
  • Barnebleier
  • Tilgrisa klede, sko og tekstilar. Øydelagde, men reine klede kan leverast på gjenvinningsstasjonen og returbokser for dette.
  • Hundeposar og kattesand
  • Aske som er heilt avkjølt og godt innpakka
  • Støvsugarposar
  • Penslar, tusjar og pennar
  • CD-plater og VHS-kasettar
  • Bøker med stiv perm (innmat kan rivast ut og kastast i papir)

Nei, takk!

  • Ting som går på straum/batteri eller leiar straum skal leverast i EE-avfall på gjenvinningsstasjonen slik at miljøgifter vert teke forsvarleg hand om
  • Farleg avfall skal leverast på gjenvinningsstasjonen
  • Matrestar kastast i matavfall
  • Papiravfall kastast i papir så lenge det ikkje er tilgrisa.
  • Plastemballasje kastast i plast så lenge det er reint
  • Glas- og metallemballasje kastast i glas- og metalldunk

Store gjenstandar skal leverast på gjenvinningsstasjonen.

Vi ynskjer klede og tekstilar, samt sko, belte, skjerf, smykker og anna tilbehøyr til gjenbruk – vi leverer til Fretex.

Vi har inga løysing for attvinning av øydelagd tilbehøyr eller sko. Av den grunn ynskjer vi at det du leverer er heilt og fint slik at det kan gjenbrukast.

  1. Våte tekstilar kan ikkje nyttast til gjenbruk eller gjenvinning.
  2. Det er veldig fint om det du leverer er vaska.
  3. Legg klede, tekstilar og tilbehøyr i vanlege posar og knyt godt att.
  4. Når du leverer sko, set vi pris på at par leverast i same pose. Dersom dei har skolisser, så knyt dei gjerne saman.

Les meir om gjennvinning av tekstilar, klede og sko – fretex.no

Nyttige lenkjer

 

Kontakt oss

Ullensvang renovasjon

Oppheimsgata 31

5750 Odda

renovasjon@ullensvang.kommune.no

482 78 733

u-ren.no

Ullensvang kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

ullensvang.kommune.no