Årsplan for Veisane barnehage
Grunnlaget for Veisane barnehage sin årsplan er:
Barnehagen sin pedagogiske plattform beskriv barnehagen sine verdiar, menneskesyn og arbeidsmåtar, og dannar grunnlag for kulturen og den pedagogiske praksisen i barnehagen.
Barnehagen sin årsplan er personalet sitt arbeidsdokument har fokus på korleis me skal utvikla arbeidet og kvaliteten for barna i barnehagen. Dei to dokumenta skal og synleggjera korleis me jobber med visjonen, verdiar og dei ni fokusområda i oppvekstplanen for sektor for oppvekst og utdanning i Ullensvang kommune.
Visjonen til sektor for oppvekst og utdanning: “ULIKE UTGANGSPUNKT – LIKE SJANSAR”

9 fokusområde i oppvekstplanen i Ullensvang kommune:
- Tidleg innsats
- Samhandling rundt utsette barn og unge – fokus på arbeidsmetodikken Betre tverrfagleg Innsats – BTI
- Barn skal vera involvert i dialog og prosessar som gjeld dei
- Fokus på samarbeid med føresette
- God oppstart og trygge overgangar
- Barna opplever eit trygt, godt og inkluderande barnehage-, skule- og SFO miljø
- Fokus på tilrettelegging og tilpassa opplæring
- Kjennskap til utarbeidde planar, rutinar og handbøker
- Fokus på kvalitet og tilsette med rett kompetanse i oppvekst og utdanning
Hovudmål for barnehageåret 2022/2023
Systematisk arbeid med inkluderande, trygt og godt barnehagemiljø for alle barn
- det innebærer at barna skal oppleve inkludering, at dei høyrer til og omsorg
Fokusområde:
- Didaktisk og systmetisk pedagogisk arbeid
- Kapasitet til å gjennomføra systematisk arbeid for eit inkluderande, trygt og godt barnehagemiljø utan mobbing og krenking for alle barn
- Tidleg innsats – automatisert bruk av BTI modellen som grunnlag for arbeidet
Tiltak:
- Systematisk arbeid med kjernekomponentane, førebygging, avdekking og handtering av mobbing og annan krenking, for å nå målet: eit inkluderande, trygt og godt barnehagemiljø for alle barn.
Ansvar for å leia og følgja opp arbeidet med å planlegga, dokumentera, vurdera og utvikla innhaldet i og arbeidsmåtane til barnehagen og sørgja for å involvera heile personalgruppa: styrar
Ansvar for for å setje i verk og leie det pedagogiske arbeidet : pedagogiske leiarar
Ansvar for gjennomføring i praksis: alle tilsette - Lærande møter – Refleksjon og drøfting på personalmøta med oppfølging i gruppemøter, grunnlag for samarbeid med foreldra/føresette.
Framtidsbilete (- pdf klikk her)
Tema: Systematisk arbeid med inkluderande, trygt og godt barnehagemiljø for alle barn
- innebærer at barna skal oppleve inkludering, tilhørighet og omsorg
Kvalitetsmål – Barna:
“I barnehagen skal alle barn kunne erfare å vere viktige for fellesskapet og vere i positivt samspel med andre barn og vaksne. Barnehagen skal aktivt leggje til rette for utvikling av vennskap og sosialt fellesskap.” (Rammeplan 2017, s.22)
Teikn på god praksis:
- Alle barna deltar i positivt samspel med andre barn og vaksne
- Barna gir uttrykk for alle kjensler i barnehagen
- Barna får reguleringsstøtte når dei treng dette
- Barna deltar aktivt i eiga og andre si læring
Kvalitetsmål – Personalet:
“Barnehagen skal gi barna høve til å utvikle tillit til seg sjølve og andre. I barnehagen skal alle barn oppleve at dei blir sett, forstått og respekterte, og få den hjelpa og støtta dei har behov for.” (Rammeplan 2017, s.22)
Teikn på god praksis:
- Personalet er tilstades og støtter barna heile barnehagedagen både fagleg og sosialt – i leik, samspel og kommunikasjon
- Personalet ser, høyrer, tolkar, forstår og anerkjenner barna sine følelsar
- Personalet gir barn reguleringsstøtte, og unngår spegling kring negative følelsar
- Personalet justerer og tilpasser miljøet for at alle barn skal oppleva glede, mestring i det sosiale fellesskapet
Kvalitetsmål – Føresette:
“Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen vareta barnas behov for omsorg og leik og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling” (jf. barnehagelova § 1.)
…
“Foreldra og barnehagepersonalet har eit felles ansvar for at barnet skal trivast og utvikle seg.” (Rammeplan 2017, s. 29)
Teikn på god praksis:
- Føresette opplever tidleg involvering
- Føresette deltar i dialog og drøfting av kvalitet, og tiltak for å oppnå eit trygt og god sosialt miljø for alle barna
- Foreldra ser og snakkar med eigne og andre barn i barnehagen
- Føresette og barnehagen samarbeider om barnet si læring og utvikling
Kvalitetsmål – Barnehagen som lærande organisasjon
“Barnehagen er ein lærande organisasjon der heile personalet skal reflektera rundt faglege og etiske problemstillingar, oppdatere seg og vere tydelige rollemodellar. Dei skal sørgje for gode relasjonar mellom barna i gruppene, mellom barna og personalet og mellom personalet og foreldra.” (Rammeplan for barnehage 2017, s.15)
Teikn på god praksis:
- Personalet drøfter og har felles forståing for omgrepet inkludering
- Personalet har rutinar for og jobber systematisk med å førebygga, undersøka og handtera krenking og mobbing i barnehagen
- Personalet reflekterer over, drøfter og utviklar eigen praksis i lys av nyare teori og forskning
- Personalet legg vekt på kollektiv læring og nyttar lærande møter for å utvikla kapasitet og kvalitet i det pedagogiske innhaldet for barna
Årshjul
Årshjul for å nå målet:
- eit inkluderande, trygt og godt barnehagemiljø for alle barn
MERK om mobbing eller anna krenking vert avdekka:
- Resultata frå undersøkingane skal fyljast opp med tiltak: jf. tiltaksplan. Tiltaka skal evaluerast kontinuerleg
- Føresette skal involverast med det samme. Ikkje vent til det er alvorlege problem – me skal undra oss, døfta tiltak og evaluera i lag med føresette
- Legg inn møter for drøfting og dialog – tilsette, leiar og føresette
- Legg inn samtalar med barnet
- Dersom det er avdekka krenking eller anna former for mobbing skal det settast inn strakstiltak og varslast. Rutine i barnehagen sitt flytskjema skal fyljast.
Skjemaet for handling, tiltak og referat skal nyttast: Sjekkliste når mobbing/krenking skjer.
1. Verdigrunnlaget til barnehagen
Mål: Barnehagemiljø utan mobbing og anna krenking
- kultur som speglar den uttalte pedagogiske praksisen/pedagogisk plattform for Veisane barnehage
Fokusområde:
- Alle skal arbeida i tråd med barnehagen sitt verdigrunnlag – pedagogiske plattform.
- Barnehagebasert kompetanseheving, utvikla barnehagen sin samla kapasitet i arbeidet med inkluderande, trygt og godt barnehagemiljø for alle barn. Utviklingsområde og vurderingsgrunnlag, sjå kvalitetsmål og teikn på god praksis i framtidsbilde
- Målretta og systematisk arbeid i alle møter – teori, forsking, refleksjon og drøfting av praksis
- Kommunikasjon, dialog, formidling og samarbeid i tråd med barnehagen sitt verdigrunnlag
“Me er gode kvar for oss, og best saman. Kvar og ein har unik kompetanse og perspektiv som er viktig for utviklingsarbeidet i barnehagen. Alle tilsette har fokus på barnas beste og leiter etter gode løysingar med mål om å oppnå dei beste resultata”
2. Formålet med og innhaldet i barnehagen
Mål: Dei vaksne har fokus på likeverd i samspel med barna, samtidig som dei tar ansvar for å skapa forståing og forutsigbare rammer.
Fokusområde:
- Dela barna inn i små grupper med fast personalressurs – fordjuping i tema og prosjekt tilassa barna sine interesser, føresetnadar og utvikling
- Legga tilrette for at alle barn kan bidra til eigen og andre si læring i formelle og uformelle situasjonar (kvardagssituasjonar)
- Tilstedeverande vaksne som legg vekt på barna sine initiativ, medverknad, progresjon, mestring, glede, lyst til å læra og tru på eigne evne
- Vaksne er tilstade og som er tett på – der det er barn er det alltid ein vaksen, der det er ein vaksen trengst det sjeldan fleir…
3. Arbeidsmåtane til barnehagen
Mål: Tilstadeverande og støttande vaksne som har ein pedagogisk intensjon med alt me gjer i barnehagen – barna lære av alt me gjer/ikkje gjer…
Fokusområde:
- Trygghetssirkelen som pedagogisk verkty for alle barn, frå dei byrjar til dei sluttar i barnehagen – balansen mellom behovet for tryggleik, trøyst, omsorg, bekrefting på den eine sida, og behovet for utforsking av verda/omverda på den andre sida
- Gjennomføring av språkgrupper og systematisk språkutvikling for enkeltbarn
- Deling av barn i små grupper for å skapa eit godt læringsmiljø med fokus på gode relasjonar, læring, utvikling, glede og mestring
- Personalet si evne til å tolka og forstå barnet sine tankar og oppfattingar, og gi hjelp og støtte innanfor barnet si næraste utviklingssone
- Emosjosrettleiing…
- Sosial og emosjonell kommpetanse…
- Personalet sitt fokus på progresjon og barna som aktive aktørar i eigen og andre si læring – refleksjon/undring, dela kunnskap, støtta og hjelpa kvarandre
- Pedagogisk dokumentasjon for refleksjon, drøfting og utvikling av eigen praksis.

3.1 Barnehagemiljø - barnehagen sitt utviklingsområde
Utviklingsområde:
- Didaktisk og systmetisk pedagogisk arbeid
- Tidleg innsats – systematisk arbeid kjernekomponentane: førebygging, avdekking og handtering av mobbing og annan krenking
- formelle og uformelle barnesamtalar, observasjon og kartlegging
- analysera, tolka og bruka innsamla materiale for tiltak og planlegging av det pedagogiske innhaldet for enkeltbarn og barnegruppa
- Tidleg innsats – automatisert bruk av BTI modellen som grunnlag for arbeidet
- Samarbeid og tidleg involvering av barna sine føresette
Tiltak:
- Fagleg tema på alle personalmøter med oppfølging i gruppemøta. Ansvar: styrar og ped.leiarar
- Tilgjengeleg og oppdatert årshjul med fokus på førebyggande arbeid. Ansvar: Styrar
- Systematisk gjennomføring av dei tre kjernekomponentane, førebygging, avdekking og handtering i samsvar med årshjulet. Ansvar: pedagogiske leiarar
- Tiltaksplanar med fristar og ansvar, oppfølging og vurdering av tiltak. Ansvar: pedagogiske leiarar
- Tidleg innsats og samarbeid med andre faggrupper. Ansvar: Pedleiarar og styrar
3.2 Vurdering
Tema: Barnehagemiljø
Barnehagen nyttar den didaktiske relasjonsmodellen i arbeidet med planlegging, gjennomføring og vurdering av innhaldet for barna frå dei kjem til dei forlet barnehagen. Det vil seie at personalet til ei kvar tid har ein tanke om innhaldet – kva som skal gjerast, korleis dette skal gjennomførast og kvifor.
Dette er grunnlag for pedagogisk dokumentasjon, refleksjon, drøfting og utvikling av eigen praksis og barnehagen som lærande organisasjon.
Oppfølging og rettleiing: samsvar mellom uttalt praksis (grunnlaget for arbeidet) og pedagogisk praksis er utgangspunkt for rettleiing. Ansvar: pedagogisk leiar og styrar
Tilstandsrapport
Oppfølging av kommunen sin oppvekstplan skal inngå i ein årleg tilstandsrapport for verksemdene med vurdering av tiltaka som er gjennomført. Ansvar: styrar
I tillegg til dette vert det gjennomført ekstern vurdering i samsvar med Hardanger/Voss kompetanseregion sin turnus.
Intern vurdering 2022/2023:
Vurderingsområde:
- Barnehagemiljø og systematisk arbeid med dei tre kjernekomponentane: førebygging, avdekking og handtering av mobbing og annan krenking.
Grunnlag Framtidsbilde og årshjul for arbeidet - Kost som fremmer god helse og gode matvanar
Arena:
- Personalmøter
- Gruppemøter
- Foreldremøter
4. Overgangar
4. 1 Heim/barnehage
4.2 Internt i barnehagen
4.3 Frå barnehage til skulen
Mål: trygg og god start for alle barn i samsvar med uttalt pedagogisk praksis, barnehagen sin pedagogiske plattform.
Fokusområde:
- Heim/barnehage:
- Foreldremøte i bhg før oppstart med fokus på trygghetssirkelen og foreldra si rolle i tilvenning
- Internt i barnehagen:
- Fokus på og praksis i tråd med trygghetssirkelen på alle grupper
- Starta tilvenning tidleg, bli kjent med rom, barn og vaksne
- Frå barnehage til skulen
- Skriftleg informasjonsoverføring i samarbeid med føresette, nettressursen Visma Sikker Sak, ansvar: ped.leiar og styrar
- Spesialpedagog skal delta i overføringsmøter for barn med spesialpedagogiske vedtak

5. Samarbeid mellom heimen og barnehagen
Dokumentasjon for foreldra via samtalar, bilde og informasjon via Visma Flyt Barnehage.
Forelda har høve til medverknad og vurdering gjennom:
- Dagleg kommunikasjon
- Foreldresamtalar, minimum to gongar pr. år, og alltid ved behov
- Aktiv deltaking, refleksjon og drøfting på foreldremøta
- Innspel til foreldreråd og samarbeidsutval
- Udir si brukarundersøking, november 2022
Fokusområde:
- Barnets beste, god involvering av foreldre/føresette
- 5.2 Didaktiske periodeplanar med fagleg informasjon om prosjekt og mål for læring og utvikling; kva – korleis og kvifor.
- Ansvar: pedagogisk leiar
- 5.3 Didaktiske rapportar, inkludert fagleg pedagogisk dokumentasjon
- Ansvar: pedagogisk leiarar
- 5.4. Foreldremøte med tema knytt til barnehagen sitt utviklingsområde: Barnehagemiljø.
- Ansvar: Pedagogiske leiarar og styrar
- september, oppstartsamtalar
- mars, evaluering og tiltak
- 15. juni 2022| Nye
- 19. oktober 2022 | Alle
- 27. mars 2023 | Alle
- 12. juni 2023 | Nye
- 12.10.2022
- 22.02.2022
- 13.06.2023
- Veke 38: Nasjonal brannvernveke
- 07.12.2022: Nissefest
- 16.02.2023: Karneval med tema på gruppene – barnehagen har kostyme
- 14 .03.2023: Barnehagedagen
- 30.03.2023: Påskefrukost m/føresette og søsken
- 15.06.2023: Avslutting for skulestartarane med føresette og søsken