Årsplan for Veisane barnehage
Grunnlaget for Veisane barnehage sin årsplan er:
Barnehagen sin pedagogiske plattform beskriv barnehagen sine verdiar, menneskesyn og arbeidsmåtar, og dannar grunnlag for kulturen og den pedagogiske praksisen i barnehagen.
Barnehagen sin årsplan er personalet sitt arbeidsdokument og den har fokus på korleis me skal utvikla arbeidet og kvaliteten for barna i barnehagen dette året. Årsplanen må sjåast i samanheng med barnehagen sin pedagogiske plattform for å få heile bilde av barnehagen som pedagogisk verksemd. Dei to dokumenta skal og synleggjera korleis me jobbar med det pedagogiske innhaldet, visjonen – og dei ni fokusområda i oppvekstplanen for sektor for oppvekst og utdanning i Ullensvang kommune.
Visjonen til sektor for oppvekst og utdanning: “ULIKE UTGANGSPUNKT – LIKE SJANSAR”
9 fokusområde i oppvekstplanen i Ullensvang kommune:
- Tidleg innsats
- Samhandling rundt utsette barn og unge – fokus på arbeidsmetodikken Betre tverrfagleg Innsats – BTI
- Barn skal vera involvert i dialog og prosessar som gjeld dei
- Fokus på samarbeid med føresette
- God oppstart og trygge overgangar
- Barna opplever eit trygt, godt og inkluderande barnehage-, skule- og SFO miljø
- Fokus på tilrettelegging og tilpassa opplæring
- Kjennskap til utarbeidde planar, rutinar og handbøker
- Fokus på kvalitet og tilsette med rett kompetanse i oppvekst og utdanning
Hovudmål for barnehageåret 2024/2025
- Inkluderande praksis og utjamna sosiale forskjellar (jf. Lov om barnehage kapittel 1, § 1 og 2.)
- Livsmestring og gode helsevanar (jf. Lov om barnehage §2. Barnehagens innhold, og Rammeplan for barnehage om verdigrunnlaget s.11)
For å nå målet har me sett i gang eit tverretatleg prosjekt som me har kalla “Livsmestring og helse”
Prosjektet har fire fokusområde og alle er knytt til glede og sunne helsevanar:
- Mat og måltid
- Fysisk aktivitet
- Kvile
- Trygt, inkluderande og godt barnehagemiljø for alle
Tverrfagleg prosjektgruppe:
- Daniela Bruhl, kommuneoverlege
- Geir Sverre Braut, forskingsmiljø/SUS
- Linea Mayer, sjukepleiar/masterstudent innan kost
- Sigrid Digranes Dagestad, rådgivar informasjon og kommunikasjon – Digitale tenester
- Torbjørg Krogh Larsen/Silje Brattespe, helsesjukepleiar
- Ingvild Sperrevik, verksemdsleiar for inkludering
- Wenche Jordal, sektorleiar for barnehage
- Marianne Meling, verksemdsleiar/styrar i Veisane barnehage
Prosjektressursar:
- Barna
- Personalet
- Foreldre
- Forskningsmiljø: SUS (Stavanger Universitets Sykehus) v/ Geir Sverre Brautgeir
- Prosjektmidlar
Fokusområde 1
Mat og måltid, praksis i tråd med ny forsking – matglede og sunne helsevanar
- Barna skal vera med å produsera mat
- Barna skal vera med å laga mat frå grunnen av
- Kosthald som er samansett av næringsstoff for sunn og god helse (Mat og måltider i barnehagen, Helsedirektoratet)
- Sukkerfri mat
- Me skal ikkje nytta ultraprosessert mat
- Unngå bruk av plast til matlaging og oppbevaring av mat og drikke
- Berekraftig utvikling er viktig fokus i arbeidet, sortering av boss, næringskjeder
Ressursgruppe og teamleiar: Vert oppdatert hausten 2024
Fokusområde 2
- Fysisk aktivitet, glede og sunne helsevanar
- Fremja verdiar, haldningar og praksis for meir berekraftige samfunn
- Bærekraftig bruk av naturen
- Lære å ta vare på naturen
- Læra å nyttiggjere seg av og hausta av naturen
- Lære å ta vare på seg sjølve og kvarandre i naturen
- Dagleg fysisk aktivitet, nytta naturen som arena for fysisk aktivitet
- Stimulere rørslegleda og den motoriske utviklinga til barna
Tiltak:
- Etablera basar/naturleikeplassar skogen tilpassa barna sin alder
- Øvre Mjøstølfloren, stølen og området rundt skal nyttast av barnehagen som en base og naturlig leikeplass.
- Venneskogen – naturleikeplass/base for barna på småbarnsavdelinga. Området skal nyttast av barnehagen som en base og naturlig lekeplass m/gapahuk
Ressursgruppe og teamleiar: Vert oppdatert hausten 2024
Fokusområde 3
Kvile, glede og sunne helsevanar
Barnehagen skal gi barna eit grunnlag for å utvikla gode rutinar for ro, kvile og avspenning i løpet av barnehagedagen.
- Legga inn rolege aktivitetar som lesing
- Gi barna rom for egentid, gjerne gjennom aktivitetar
- Kvilestund der barna slapper heilt av (Barne Yoga) …Mindfulness for barn og unge
Ressursgruppe og teamleiar: Vert oppdatert hausten 2024
Fokusområde 4
Trygt, inkluderande og godt barnehagemiljø for alle barn
- Alle barna, i fellesskap med andre, utviklar eit positivt forhold til seg sjølv og tru på eigne evner.
- Barn skal møtast med empati, og får høve til å vidareutvikla eigen empati og evne til å meistra motgang og gå vidare.
- Me skal bidra til at alle barn føler seg sett og anerkjent for den dei er, og synleggjera kvar einskild sin plass i fellesskapet.
Tiltak:
- Kompetanseheving: Se barnet innenfra
- Kompetanseheving: Trygghetssirkelen
- Samtalebilder – et kommunikasjonsverktøy
- ER D GREITT? m/Barnas verneombod
- Barnas trivsel er vaksne sitt ansvar
- Systematisk gjennomføring av dei tre kjernekomponentane, førebygging, avdekking og handtering av krenking/mobbing i samsvar med årshjulet. Ansvar: pedagogiske leiarar
- Tiltaksplanar med fristar og ansvar, oppfølging og vurdering av tiltak. Ansvar: pedagogiske leiarar
- BTI – tidleg innsats og samarbeid med føresete og ev. andre faggrupper. Ansvar: Pedagogiske leiarar og styrar
Temagruppe og teamleiar: Vert oppdatert hausten 2024
Måloppnåing
Systematisk arbeid med jamleg evaluering for å nå måla
- Didaktisk pedagogisk arbeid basert på barnehagelova, rammeplan for barnehage, oppvekstplan, pedagogiske plattform og årsplan
- Prosjektplan og tverretatleg samarbeid
- Kjennskap til, og ta i bruk BTI modellen som grunnlag for arbeidet
- Personalet sin kompetanse, evne og vilje til å gjennomføra systematisk arbeid med formelle og uformelle barnesamtalar, observasjon og kartlegging – og analysera, tolka og bruka innsamla materiale for planlegging av det pedagogiske innhaldet for enkeltbarn og barnegruppa
Tiltak:
- Årshjul for systematisk arbeid. Ansvar for gjennomføring i praksis: alle tilsette. Ansvar for å legga til rette for, og leia arbeidet: pedagogiske leiarar og styrar
- Lærande møter – Refleksjon og drøfting på personalmøta med oppfølging i gruppemøter som grunnlag for det pedagogiske arbeidet med barna og samarbeid med foreldra/føresette
- Alle bidreg med å oppfylla måla og utfører arbeidet i tråd med ansvar og roller
- Alle tilsette har tilgang til Ullensvang kommune sine digitale verktøy og nyttar desse.
Visjon og verdiar
Visjon for Ullensvang kommune: “Ullensvang kommune – ein livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger”
Målet er å sikre innbyggjarane våre dei beste tenestene og byggje eit godt omdømme for Ullensvang kommune
Verdiar:
- Tydeleg og engasjert
- Inkluderande og lojal
- Tillitsfull og respektfull
- Samskapande
1. Verdigrunnlaget til barnehagen
Mål:
- Inkluderande praksis
- Utjamna sosiale forskjellar
- Barnehagemiljø utan mobbing og anna krenking
> kultur som speglar verdiane og den uttalte pedagogiske praksisen
Tiltak for å nå måla:
Alle skal vera kjent med, og arbeida i tråd med barnehagen sitt verdigrunnlag og pedagogiske plattform
- Barnehagebasert kompetanseheving, med mål om å utvida barnehagen sin samla kapasitet
- Lærande møter med bruk av teori, forsking, praksisfortelling og film frå praksis for refleksjon og drøfting av praksis
- Kommunikasjon, dialog og formidling i tråd med barnehagen sitt verdigrunnlag
- Gleding – bry seg og ta vare på kvarandre i barnehagen og lokalmiljøet
2. Formålet med og innhaldet i barnehagen
Mål: Dei vaksne har fokus på likeverd i samspel med barna, samtidig som dei tar ansvar for å skapa forståing og forutsigbare rammer. Innhaldet i barnehagen skal vera allsidig, variert og tilpassa enkeltbarn og barnegruppa.
Det fysiske miljøet skal spegla barnehagen si satsing på inkluderande praksis, utjamna sosiale forskjellar, glede og sunne helsevanar og vera utforma slik at alle kan delta i leik og samspel. Barn vil når dei kan…
Alle barn skal oppleva at dei blir sett, forstått og respekterte, og få den hjelpa og støtta dei har behov for. Alle barn skal oppleva glede og mestring, sjå seg sjølv og andre som viktige for fellesskapet. Barna skal oppleva fokus på framsteg, ikkje resultat. Barna skal få undersøka, oppdaga og forstå samanhengar, utvida perspektiv og få ny innsikt.
Poenget er å legga tilrette for «passeleg ubalanse», barna skal læra å lika utfordringar – sjå på utfordringar som interessante, ha lyst til å forska på dei og finna løysingar.
Alle barn skal få god språkstimulering gjennom barnehagekvardagen, og få delta i aktivitetar som fremjar kommunikasjon og ei heilskapleg språkutvikling.
Alle barn skal ha ei aktiv og medverkande rolle i dei fire fokusområda i prosjetet “Livsmestring og helse”
Tiltak:
- Dela barna inn i små grupper med fast personalressurs – fordjuping i tema og prosjekt tilassa barna sine interesser, føresetnader og utvikling
- Tilstadeverande vaksne som er tett på – der det er barn er det alltid ein vaksen, der det er ein vaksen trengst det sjeldan fleire
- Systematisk arbeid for å sikra alle barna god språkstimulering
- Fast tilsett med ansvar for (kjøkkenet) mat og matlaging saman med barn
- Ressursgrupper med teamleiar for alle dei fire fokusområda i prosjektet “Livsmestring og helse”
3. Arbeidsmåtane til barnehagen
Mål: Tilstadeverande og støttande personale som har ein pedagogisk intensjon med alt me gjer i barnehagen
Tiltak:
- Pedagogisk praksis basert på felles visjon, verdiar og haldningar som styrer handlingane våre
- Trygghetssirkelen som pedagogisk verktøy i møte med og for alle barn frå dei byrjar til dei sluttar i barnehagen – balansen mellom behovet for tryggleik, trøst, omsorg og bekrefting på den eine sida, og behovet for utforsking av verda/omverda på den andre sida
- Gjennomføring av systematiske språkgrupper som stimulerer språkutviklinga for kvart enkelt barn
- Deling av barn i små grupper for å skapa eit godt læringsmiljø med fokus på gode relasjonar, læring, utvikling, glede og mestring
- Kompetent personale som har evne til å forstå og setja seg inn i barnet sine tankar og oppfatningar, og bruke forståinga til å prøva å gi barnet den hjelpa og støtten det treng
- Personale som har fokus på progresjon og barna som aktive aktørar i eigen og andre si læring med mål om å dela kunnskap, støtta og hjelpa kvarandre
- Pedagogisk dokumentasjon, refleksjon, drøfting og utvikling av eigen praksis
3.1 Barnehagen sitt utviklingsområde - “Livsmestring og helse”
- Påverka barna sin livsstil her og no for framtida
- Personalet sin kompetanse for gjennomføring av fokusområda
- Motivasjon, evne og vilje til å gjennomføra systematisk arbeid
- Formelle og uformelle barnesamtalar, observasjon og kartlegging og analysera, tolka og bruka innsamla materiale for planlegging av det pedagogiske innhaldet for enkeltbarn og barnegruppa
- Samarbeid og tidlig involvering av foreldre/føresette
- Foreldreundersøking med spørreskjema
- Foreldreundersøking med intervju av eit utval foreldre
Tiltak:
- Tverretatleg prosjektgruppe
- Barn og føresette har reell medverknad
- Fire fokusområder med eigne ressurgrupper og teamleiar
- Fagleg tema på alle personalmøter med oppfølging i gruppemøta. Ansvar: styrar og ped.leiarar
- Årshjul med fokus på førebyggande arbeid. Ansvar: Styrar
- Tiltaksplanar med fristar og ansvar, oppfølging og vurdering av tiltak. Ansvar: pedagogiske leiarar
- Opplæring i BTI modellen. Ansvar: Styrar og kommunalsjef
- Gjennomføring og aktiv deltaking. Ansvar: alle tilsette
3.2 Vurdering
Tema: Livsmesting og helse
Barnehagen nyttar den didaktiske relasjonsmodellen i arbeidet med planlegging, gjennomføring og vurdering av innhaldet for barna frå dei kjem til dei forlet barnehagen. Det vil seie at personalet til ei kvar tid har ein tanke om innhaldet og kva som skal gjerast, korleis dette skal gjennomførast og kvifor.
Dette er grunnlag for pedagogisk dokumentasjon, refleksjon, drøfting og utvikling av eigen praksis og barnehagen som lærande organisasjon.
Oppfølging og rettleiing
Samsvar mellom uttalt praksis (grunnlaget for arbeidet) og pedagogisk praksis er utgangspunkt for rettleiing.
Ansvar: Pedagogisk leiar og styrar.
Tilstandsrapport
Oppfølging av kommunen sin oppvekstplan skal inngå i ein årleg tilstandsrapport for verksemdene med vurdering av tiltaka som er gjennomført.
Ansvar: Pedagogiske leiarar og styrar
3.2.1 Intern vurdering 2024/2025
Vurderingsområde:
- Inkluderande praksis og utjamna sosiale forskjellar (jf. Lov om barnehage kapittel 1, § 1 og 2.)
- Livsmestring og gode helsevanar (jf. Lov om barnehage §2. Barnehagens innhold, og Rammeplan for barnehage om verdigrunnlaget s.11)
Metode: Formelle og uformelle barnesamtalar, observasjon og kartlegging – og analysera, tolka og bruka innsamla materiale for vurdering av tiltaka det pedagogiske innhaldet for enkeltbarn og barnegruppa
Arena:
- Personalmøter
- Gruppemøter
- Foreldremøter
- Foreldresamtalar
3.2.2 Ekstern vurdering
Det vert gjennomført ekstern vurdering i samsvar med Hardanger/Voss kompetanseregion sin turnus.
4. Overgangar
4. 1 Heim/barnehage
4.2 Internt i barnehagen
4.3 Frå barnehage til skulen
Mål: trygg og god start for alle barn i samsvar med uttalt pedagogisk praksis, barnehagen sin pedagogiske plattform.
Fokusområde:
- Heim/barnehage:
- Heimebesøk før barna byrjar i barnehagen
- Foreldremøte i bhg før oppstart med fokus på trygghetssirkelen og foreldra si rolle i tilvenning
- Bok, som overgangsobjekt
- Internt i barnehagen:
- Fokus på og praksis i tråd med trygghetssirkelen for alle grupper
- Starta tilvenning tidleg, bli kjent med rom, rutinar, barn og vaksne
- Bok, som overgangsobjekt
- Frå barnehage til skule
- Skriftleg informasjonsoverføring i samarbeid med føresette, ansvar: ped.leiar
- Spesialpedagog deltar i overføringsmøter for barn med spesialpedagogiske vedtak
- Skulebesøk, inkludert SFO og fadrar
- Samarbeid og felles aktivitetar med skulestartarane i Sekse barnehage, med mål om å bli kjende
5. Samarbeid mellom heimen og barnehagen
Dokumentasjon for foreldra via samtalar, bilde og informasjon via Visma Flyt Barnehage og i det fysiske miljøet i barnehagen.
Fokusområde: Livsmestring og helse
- Mat og måltid
- Fysisk aktivitet
- Kvile
- Trygt, inkluderande og godt barnehagemiljø for alle
- Samspel og relasjonsbygging med andre barn
- Å vera ein del av eit inkluderande fellesskap
Foreldra har høve til medverknad og vurdering gjennom:
- Dagleg kommunikasjon
- Heimebesøk før oppstart i barnehagen
- Foreldresamtalar, minimum to gongar pr. år og alltid ved behov
- Aktiv deltaking, refleksjon og drøfting på foreldremøte
- Innspel til foreldreråd og samarbeidsutval
- Udir si brukarundersøking, innan utgangen av januar 2025
- Foreldremøte og temamøte
- Forskningsbasert brukarundersøking, intervju med eit utval foreldre/føresette
Fokusområde: Livsmesting og helse
- Barnets beste, god involvering av foreldre/føresette
- 5.2 Didaktiske periodeplanar med fagleg informasjon om prosjekt og mål for læring og utvikling; kva, korleis og kvifor
- 5.3 Didaktiske rapportar, inkludert fagleg pedagogisk dokumentasjon jf. krav frå eigar
- Ansvar: Pedagogiske leiarar
- 5.4. Foreldremøte med tema knytt til barnehagen sitt utviklingsområde: Livsmestring og helse
- Brukarundersøking, spørreskjema til føresette
- Brukarundersøking, intervju med eit utval føresette
- Ansvar: Styrar
Informasjon kjem
Informasjon kjem
Informasjon kjem
- Hausten 2024: Førstehjelpskurs