Spørsmålsteikn i tre liggande på kvit trevegg

Kva er ein kommuneplan?

Kommuneplanen er den overordna planen for Ullensvang Kommune. Kommuneplanen er samansett av ein samfunnsdel og ein arealdel. Det høyrer og ein planstrategi til kommuneplanen. Denne skal vedtakast seinast eit år etter at nytt kommunestyre er konstituert.

Samfunnsdelen er det mest overordna dokumentet kommunen kan utarbeide på eiga hand, og tar for seg dei langsiktige utfordringane, måla og strategiane for kommunesamfunnet og kommunen som organisasjon.

Arealdelen byggjer på dei prinsippa og strategiane som er lagt fram i samfunnsdelen. Den legg føringar for kva arealbruk ein ventar og ønskjer seg. Arealdelen gjer greie for dei rammer og krav ein stiller til nye tiltak og ny arealbruk.

Kommunen kan og utarbeide kommunedelplanar for avgrensa areal eller tema. Døme kan vere kystsoneplan eller kulturplan.

 

Planstrategien

Planstrategien er ein statusoversikt over gjeldande kommunale planar. Kva planar skal videreførast, reviderast, rullerast eller takast bort. Kvart kommunestyre skal seinast eit år etter konstituering vedta ein planstrategi.

 

Samfunnsdelen

Kommuneplanen sin samfunnsdel er det mest overordna strategiske dokumentet kommunane kan utarbeide sjølve. Den skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunesamfunnet som heilskap og kommunen som organisasjon.

Samfunnsdelen skal vere grunnlag for sektorplanar og generelt for verksemda i kommunen.

 

Arealdelen

Kommuneplanen sin arealdel skal syna hovudtrekka i arealdisponeringa, gje greie for rammer og krav for kva nye tiltak og ny arealbruk som kan setjast i verk, samt kva for viktige omsyn som må ivaretakast ved disponering av areala.

Arealdelen skal omfatta plankart, føresegner og planomtale. Dokumenta fortel korleis nasjonale mål og retningsliner, og overordna planar for arealbruk er ivaretatt. Plankartet skal i nødvendig utstrekning visa hovudformål og omsynssoner for bruk og vern av areal.

Arealdelen er òg grunnlaget for utarbeiding av reguleringsplanar.

 

Kommunedelplan

Kommunedelplanar kan utarbeidast for eit avgrensa område eller tema. Slike delplanar kan til dømes gjelda for ein tettstad, hytteområde, kystsona mv. Kommunedelplanar kan også utarbeidast for ulike tema som vatn- og avlaup, idrett- og kultur, trafikksikring o.l.