Kommuneplan sin arealdel

Kommuneplanen sin arealdel skal syna hovudtrekka i arealdisponeringa, gje greie for rammer og krav for kva nye tiltak og ny arealbruk som kan setjast i verk, samt kva for viktige omsyn som må ivaretakast ved disponering av areala. Denne disponeringa byggjer på måla og strategiane som vert fastsett i samfunnsdelen.

Arealdelen skal omfatta plankart, føresegner og planomtale. Dokumenta fortel korleis nasjonale mål og retningsliner, og overordna planar for arealbruk er ivaretatt. Plankartet skal i nødvendig utstrekning visa hovudformål og omsynssoner for bruk og vern av areal.

Arealdelen er og grunnlaget for utarbeiding av reguleringsplanar.