Rus og psykisk helseteneste

Menneske med psykisk lidingar og rusmiddelavhengigheit er målgruppa til tenesta. Tenesta omfatte førebygging, utredning og behandling av lettare angst og depresjon, rehabilitering, oppfølging, psykososial støtte og rettleiing.

Psykisk helsearbeid inkluderer ei rekke tiltak for å fremje psykisk helse i befolkninga og er eit viktig del av kommunen sitt folkehelsearbeid. Eit godt samarbeid mellom kommunale tenester og spesialisthelsetenesta er viktig for å etablera eit godt tilbod.

Psykisk helse og rusarbeid er eit relasjonsarbeid. Tidsnød og instrumentelle metodar er lite eigna i møte med menneske som har alvorlege psykiske utfordringar og / eller rusmiddelavhengigheit. Brukarane ber om tolmod og tid.

Tenesta er regulert av Lov om kommunale helse og omsorgstenester og Lov om psykisk helsevern.

  • Dagtilbod – vil vera tilgjengelig i alle sonene.
  • Aktivitetstilbod
  • Arbeidstiltak
  • Døgntilbod – alle innbyggarane i Ullensvang kommune skal ha eit likeverdig tilbud, grunngitt i behov.
  • Akuttseng
  • Akutt leilegheiter
  • Samtaleterapi
  • Behandling av lettare psykiske helseproblem som angst/ depresjon og/eller rusmiddelproblem som er milde og kortvarige
  • Individuell behandling og gruppetilbod
  • Kurs
  • Støtte til auka meistring i eige liv
  • Individuell plan – vurdering og koordinering
  • Individuell oppfølging, som din støttespelar i samhandling med andre tenester om til dømes helsetilbod, bustad, arbeid/sysselsetting, fritidsaktivitetar, skule/utdanning
  • Rask psykisk helsehjelp
  • Primær førebygging
  • Henvisning til LAR; Legemiddelassistert rehabilitering
  • Henvisning til TSB; Tverrfagleg rusbehandling
  • Koordinering av tenester
  • Erfaringskompetanse

Korleis få tenesta

 

Vi er lågterskel tenester og treng med det ikkje formell henvisning

Jondal

  • Vik bufellesskap
  • Dagtilbod
  • Oppfølgingsteneste

 

Kinsarvik

  • Oppfølgingsteneste
  • Dagtilbod

 

Odda

  • Gamle yrkesskulen, 24-timars tilbod
  • Oppfølgingsteneste
  • Dagaktivitetstilbod
  • Feltsjukepleie

 

Feltsjukepleie er eit gratis lågterskel helsetiltak for rusmisbrukarar over 18 år

Lokalisert ved Opheimsgata 3, gamle Yrkesskulen

Vi kan tilby:

  • Utlevering og opplæring i bruk av Naloxon
  • Gratis vaksine mot Hepatitt A og B
  • Utlevering og retur av reine sprøyter
  • Veiledning i ernæring og hygiene, sårstell mm.
  • Hjelp til oppfølging av lege, tannlege mm.

Vi har tilsett to erfaringsmedarbeidarar, som er å treffe på telefon:

  • Jorunn Lande: 958 13 554
  • Elisabeth Andersson: 913 19 372

«Veien vidare» – som er ei ettervernsgruppe, møtes med jamne mellomrom på Moen 7.

Ta kontakt med Jorunn Lande for meir informasjon.

Kontakt oss

Rus og psykisk helse

53 65 43 60

Synnøva Sæbø

Verksemdsleiar

synnova.sebo@ullensvang.kommune.no

90 71 94 88

Synnøve Eiken

Avdlingsleiar Jondal

synnove.eikrem@ullensvang.kommune.no

90 36 89 01

Trude Kråkevik

Avdelingsleiar Kinsarvik

trude.kraakevik@ullensvang.kommune.no

90 79 90 80

Nina Iren Nesheim

Avdelingsleiar Odda

nina.nesheim@ullensvang.kommune.no

97 55 85 32

Artikler