Oppvekstplan-8

Kunngjering om endring av deler av detaljreguleringsplan for Streitet på Kysnesstrand

Kunngjering om endring av deler av detaljreguleringsplan for 350/13-18, Streitet på Kysnesstrand; PlanID.: 461812272013005

Utval for samfunn, plan og næring har i møte 05.06.2024 fatta følgjande vedtak i sak 040/24:

Utval for samfunn, plan og næring godkjenner endring av detaljreguleringsplan for 350/13- 18, Streitet på Kysnesstrand etter forenkla prosess. Handsaminga gjeld plankart og planbeskrivelse. Plankartet er revidert den 02.02.24 og forenkla planbeskrivelse er frå den 06.02.24.

Vedtaket er heimla i pbl. § 12-14 og utval for samfunn, plan og næring meiner i samsvar med utgreiinga nedanfor at endringa er mindre og i samsvar med lova.

 

Klage på vedtak

Det er mogleg å klaga til kommunen på dette vedtaket.

Klagefristen er 3 veker t.o.m. 27.07.24.

Det er nok at klagen er postlagd innan fristen på 3 veker.

Klagen skal sendast skriftleg til kommunen. Beskriv kva vedtak det blir klaga på, den eller dei endringar ein ønskjer, og grunngjeving for klagen.

Dersom det blir klaga så seint at det kan vere uklart for oss om det er klaga i rett tid, ber vi om at det blir oppgjeve når denne meldinga kom fram.

 

Merk klage med "Detaljreguleringsplan for Streitet på Kysnesstrand" og send det til:

Ullensvang kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

ullensvang.kommune.no