Utskriving av eigedomsskatt 2024 – offentleg gjennomsyn

Eigedomsskatteliste 2024

På bakgrunn av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt for 2024, og med heimel i eigedomsskattelova § 15, vert eigedomsskattelista lagd ut til offentleg gjennomsyn i minst tre veker etter at det er kunngjort at lista er lagd ut. Lista vert lagd ut før 1. mars kvart år på kommunen si heimesida og på Ullensvang rådhus.

Lista viser dei skattepliktige eigedomane med adresse, matrikkelnummer (gards-, bruks-, feste- og seksjonsnummer), eigedomsskattetakster, skattesats og utrekna eigedomsskattebeløp. I ei tilleggsliste vert eigedomar som har fritak for eigedomsskatt oppført. Listene vert ikkje oppdatert med korreksjonar som følge av rettingar eller klagebehandling gjennom året.

  • 2024 Eigedomsskatteliste – offentleg gjennomsyn
  • 2024 Eigedomsskatteliste fritak – offentleg gjennomsyn

 

Eigedomsskattesetel

Samstundes med at eigedomsskattelista vert utlagd, får eigar (skattytar) tilsendt eigedomsskattesetel med informasjon om takst og utrekna skatt, samt informasjon om klagerett. Eigedomsskattesetel vert sendt ut i eiga sending. Skattesetelen skal innehalda eigedomsnummer, eigedomsskattetakst, skattesats, skattebeløp og informasjon om klagerett. Vert skatten for ein eigedom mindre enn kr 300, skal det ikkje skrivast ut skatt jf. eigedomsskattelova § 14.

 

Informasjon om klagerett

Klagefrist for eigedomsskatten 2024 er 12. april 2024.

Klage kan bli fremja kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år jf. eigedomsskattelova § 19. Klager innsendt etter fristen kan bli avvist. Klagenemnd for eigedomsskatt er klageinstans for takstvedtak fatta av Sakkunnig nemnd for eigedomsskatt, og kan gjere endringar både til gunst og ugunst for klagaren. Dersom klagar ikkje får medhald eller berre delvis medhald hos Sakkunnig nemnd for eigedomsskatt, går saka vidare til Klagenemnd for eigedomsskatt.

Eigedomsskatten vert fakturert kvartalsvis (forfall 20. mars, 20. juni, 20. september og 20. desember). Eigedomsskatten skal betalast til forfall sjølv om du har sendt inn klage jf. eigedomsskattelova § 25. Ta gjerne kontakt med eigedomsskattekontoret dersom du treng hjelp til å klage. Skjema for å klage finn du her.

 

Skattesats 2024

Den alminnelege eigedomsskattesatsen for 2024 er 7 promille jf. eigedomsskattelova § 11. Skattesatsen på det særskilte eigedomsskattegrunnlaget er 7 promille.

Meir informasjon om eigedomsskatt er å finne på nettsida vår: Eigedomsskatt