Raud paragraf symbol blant mange kvite paragraf symbol

Ullensvang kommune søkjer kandidatar som meddommarar

Ullensvang kommunestyre skal velje meddommarar og skjønnsmedlemer til Gulating lagmannsrett, Hardanger tingrett og Indre Hordaland jordskifterett for perioden 2025 – 2028.

  • Gulating lagmannsrett, 6 personar
  • Hardanger tingrett, 102 personar
  • Indre Hordaland jordskifterett, 18 personar
  • Skjønnsmedlemer, 21 personar

Kommunen ber, jfr. §67 i domstollova, om forslag på kandidatar. Du kan foreslå deg sjølv og du kan foreslå andre.

Kandidatane må tilfredstille domstollova sine krav, §§ 70, 71 og 72 i domstollova og evt. §2-5 i jordskiftelova. Ma. må dei vere eldre enn 21 år og yngre enn 70 år pr 01.01.2025, dvs at dei må vere fødde i tidsrommet frå 1955 til 2004.

Det vil bli gjennomført vandelskontroll i samsvar med §72 i domstolslova for dei som blir foreslått som kandidatar.

Frist for innsending av forslag er 19.04.2024

Du kan også sende forslag i vanleg post til:

Ullensvang kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

ullensvang.kommune.no