Ukrainakrisa og vår beredskap

Ullensvang kommune fylgjer situasjonen og har planverk klart viss noko skulle skje.

Justis- og beredskapsdepartementet har i skrivande stund ikkje gått ut med endra trusselbilde for Norge som fylgje av krigen i Ukraina. Likevel er det forståeleg at fleire kan kjenna ein uro knytt til situasjonen.

 

Eigenberedskap

For innbyggjarar er eigenberedskap ei fornuftig tilnærming. Les meir om eigenberedskap på nettsidene til sikkerhverdag.no

 

Jodtablettar

Jodtablettar står på lista over eigenberedskapsartiklar.

Dei under 40 år er anbefalt å ha dette lagra heime. Jodtablettar kan ein kjøpa på apotek. Det skal kunn takast dersom beredskapsmyndigheiter gjer beskjed om det, via media. Ullensvang kommune har lagra jodtablettar på sjukeheimane i kommunen. Vi har nok til dei som er i den aktuelle målgruppa i kommunen.

For meir informasjon sjå direktoratet for strålevern og atomberedskap sine nettsider.

 

Anna beredskap

For meir informasjon knytt til situasjonen sjå Statsforvaltaren sine nettsider.