Tilskotsordningar i landbruket
Ulike tilskotsordningar for landbruket.
Søknad om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
- Søknadsfrist 1. mars 2024
Ullensvang kommune har i 2024 fått ei rammeløyving på 600.000,- kr til SMIL-ordninga.
Skal du kunna få tilskot etter SMIL-ordninga, må du stetta visse vilkår. Slik som før gjeld ordninga for føretak som stettar krava til produksjonstilskot.
Kommunane har ansvar for å forvalta tilskotsordninga etter «Forskrift om spesielle miljøtiltak i jordbruket». Me har og lokal kommunal tiltaksstrategi for SMIL-ordninga. Søknad om tilskot skal skje elektronisk.
Dersom ikkje heile ramma vert nytta på søknadar som kjem innan fristen, eller at det vert inndrege midlar av eit visst omfang, vert midlande brukt fortløpande på innkomne søknadar.
Tilskot til drenering
- Søknadsfrist 1. mars 2024
Ullensvang kommune har i 2024 fått ei rammeløyving på 50.000 kr til ordninga drenering av jordbruksjord.
Kommunane har ansvar for å forvalta tilskotsordninga etter «Forskrift om tilskudd til drenering av jordbruksjord». Søknad om tilskot skal skje elektronisk.
Dersom ikkje heile ramma vert nytta på søknadar som kjem innan fristen, eller at det vert inndrege midlar av eit visst omfang, vert midlande brukt fortløpande på innkomne søknadar.
Tilskot til tiltak i beiteområde
- Søknadsfrist 1. mars og 1.oktober 2024
Ullensvang kommune har i 2024 fått ei rammeløyving på 216 000 kr til ordninga tilskot til tiltak i beiteområde. Søknad om tilskot skal skje elektronisk.
Dersom ikkje heile ramma vert nytta på søknadar som kjem innan fristen, eller at det vert inndrege midlar av eit visst omfang, vert midlande brukt fortløpande på innkomne søknadar.
Tilskot frå Viltfondet
- Søknadsfrist frå 1. mars 2024 søknadar vert handsama fortløpande
Det kan søkjast om tilskot til viltrelatert arbeid i kommunen.
Søknad kan sendast til postmottak@ullensvang.kommune.no med emne Viltfond, eller med brev til: Ullensvang kommune, Opheimsgata 31, 5750 Odda
Tilskot til Utvalgte kulturlandskap i jordbruket
- Vert opna for søknadar frå 1. mars. Søknadar vert handsama forløpende.
Tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket som bidreg til å sikre verdiar knytt til landskap, biologisk mangfald, kulturminner og kulturmiljø, herunder sikre langsiktig skjøtsel og drift.
Kommunane har ansvar for å forvalta tilskotsordninga etter «Forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområder». Søknad om tilskot skal skje elektronisk.
Felles for ordningane
Du er velkomen til å ta kontakt med ein av oss på landbruk om du har spørsmål eller treng hjelp med søknadsprosessen. Kontaktinformasjon finn du på nettsida vår: Land- og havbruk.