Raude eple på frukttre. Foto: Skarv Studio

Tilskot til plantasjar for frukt og bær

Du kan få støtte til klargjering og planting av felt for frukt og bær, slik som kostnader til opparbeiding/grunnarbeid, viltgjerde, vatningsanlegg, dekke- og tunnelsystem.

Alle saker som gjeld konsumproduksjon av frukt, med unntak av
marknadshagar/småskalaproduksjon, må innehalda ein godkjend produksjonsplan frå ein produsentorganisasjon (Gartnerhallen, Norgrønt eller Produsentforeningen 1909).

Generelt gjeld at prosjektet ikkje må vere starta på før søknaden er sendt, men på grunn av lang leveringstid for frukttre o.l. vert dette akseptert, men det er på eigen risiko.

 

Prioritering av søknader

På gardsbruk der frukt- og bærdyrking utgjer eller vil kunne verta ein vesentleg del av inntekta, kan det løyvast tilskot til fornying og nyplanting av frukt, og dekkjesystem for bær. Det er eit krav at søkjaren bur på eller nært garden, og at ressursgrunnlaget for verksemda er knytt til bruket og bygda. Støtte til planting av bær inkl. dekkjesystem og planting av frukt til konsum, sider og saft på gardsbruk i frukt- og bærdistrikta er prioritert. Søknader om støtte til kjølelager for frukt og bær på gardsbruk er lågt prioritert. Nye produsentar må dokumentere kompetansen sin om dyrking.

 

Plan for tiltaket

Planen må byggje på moderne dyrkingsprinsipp med tilrådde tal planter pr. dekar. Tilpassingar kan likevel godkjennast. Det skal leggjast stor vekt på at sortar/kulturar og dyrkingssystem er framtidsretta, og at dette skjer i samråd med det aktuelle fruktmottaket, grossisten og rettleiingstenesta.

 

Arealkrav

Arealet som det er plan om å fornye/plante, bør normalt vere minst 3 daa. Areal med bær som skal dekkjast, bør normalt vere minst 3 daa. Investeringstilskotet vert redusert dersom det er gitt erstatning til nyplanting etter offentleg pålegg til same fruktfelt. Investeringstilskotet kan vidare verta redusert dersom det er eller vert ytt tilskot frå kommunale fond.