
Temakafé med Kreftforeningen
Livet med mage- eller tarmsjukdom, eller stomi eller reservoar kan by på mange spørsmål og utfordringer, både for den som vert ramma og for deira pårørande. Då kan det vere til stor hjelp å snakka med nokon som har vore gjennom det same.
- Tid: Måndag 3. mars. kl. 18:00 – 20:00
- Stad: Bokkotunet kafè
Likeperson Bjørn Inge Forthun frå Norilco Nord-Rogaland kjem og har erfaringsdeling.
Kva er ein likeperson?
Ein likeperson er ein person som har personleg erfaring med mage- eller tarmkreft, stomi eller reservoar, anten som pasient eller pårørande.¨
Likepersonar nytter sine erfaringar til å støtta andre som står ovanfor liknande utfordringar. Ein likeperson er ein som lyttar til deg, viser omsorg og deler av sine erfaringar. Det er ein som ynskjer å hjelpa andre med å tilpasse seg ein ny livssituasjon og mestre kvardagen.
Alle likepersonar har gått gjennom kursing og har teieplikt.
Velkomen!