Hardangervidda

Søknad om løyve til motorisert ferdsel i utmark – søknadsfrist 1. mai

Utval for samfunn, plan og næring har i møtet den 4. november 2020 vedteke kommunale retningsliner for handsaming av motorferdslesaker i utmark i Ullensvang kommune.

Søknad for sommarsesongen 2022

Ullensvang kommune har ansvar for handsaming av motorisert ferdsel i utmark, på barmark, luft og vatn (sommarsesongen).

Me ber om alle som har behov for motorisert ferdsel i utmark sommarsesongen 2022 å senda søknad innan 1. mai 2022 til postmottak@ullensvang.kommune.no eller Ullensvang kommune, Sandvikevegen 11, 5780 Kinsarvik

Dei fleste søknadene er delegert til rådmannen å fatta vedtak i, nokon må opp til politisk handsaming. Det vert difor pårekna 3 veker sakshandsamingstid.

Søknaden skal innehalda følgjande opplysningar

  • Namn og fullstendig adresse på søkjar
  • Opplysningar om køyretøytype (snøscooter, ATV, beltegåande køyretøy eller liknande), eller fartøy (helikopter, sjøfly, båt) storleik på båtmotor
  • Føremål med transporten
  • Start- og endestad. Ved køyring på barmark og snø skal ruta teiknast inn på kart som skal leggjast ved søknaden tidsrom for køyring og naudsynt
  • Tal turar
  • Dato og underskrift
  • Legeattest ved varig funksjonshemning for dei søknadane det gjeld
  • Løyve frå grunneigar for vedhogst

 

Har du spørsmål om søknad, lover og reglar? Ta kontakt med:

Anne Lise L. Eftedal

Innbyggjar og Internservice

anne.lise.lothe.eftedal@ullensvang.kommune.no

907 12 150