Søknad om løyve til motorisert ferdsel i utmark
Utval for samfunn, plan og næring har i møtet den 4. november 2020 vedteke kommunale retningsliner for handsaming av motorferdslesaker i utmark i Ullensvang kommune.
Søknad for sommarsesongen
Ullensvang kommune har ansvar for handsaming av motorisert ferdsel i utmark, på barmark, luft og vatn (sommarsesongen).
Dei fleste søknadene er delegert til rådmannen og her må det påreknast sakshandsamingstida på 3 veker, Dei som skal opp til politisk handsaming har noko lenger handsamingstid som er 4-6 veker.
Søknaden skal innehalda følgjande opplysningar
- Namn og fullstendig adresse på søkjar
- Opplysningar om køyretøytype og reg.nr (snøscooter, ATV, beltegåande køyretøy eller liknande), eller fartøy (helikopter, sjøfly, båt) storleik på båtmotor, og om det er andre enn deg sjølv som er førar.
- Føremål med transporten
- Start- og endestad. Ved køyring på barmark og snø skal ruta teiknast inn på kart som skal leggjast ved søknaden tidsrom for køyring og naudsynt
- Tal turar
- Legeattest ved varig funksjonshemning for dei søknadane det gjeld
- Løyve frå grunneigar for vedhogst